Norge vann med kalassiffer: – Det er for mange lag i EM

5 months ago 26


Med 38-15-siger tangerte Norge sin eigen EM-rekord ved å vinne med 23 mål.

– Det er for mykje med 24 lag i EM for kvinner på noverande tidspunkt. Det er ikkje mange nok gode lag i Europa per no, meiner handballekspert og tidlegare landslagskeeper Ole Erevik.

Ole Erevik under Håndball EM for herrer 2020

Ole Erevik er klar på at det er for mange lag med i EM.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Når ein ser korleis denne kampen utviklar seg så er det greitt å stille spørsmål ved om det er for mykje med 24 lag i EM, sa Viaplay-ekspert Karoline Dyhre Breivang til NRK i pausen.

karoline dyhre breivang

Viaplay-ekspert Karoline Dyhre Breivang minner samtidig om at Slovakia skal arrangere EM om to år, og får dermed verdifull trening denne meisterskapen.

Foto: NTB

Første gong med 24 lag

Til slutt vann Norge med over 20 mål i ein kamp dei kunne ha tapt og likevel ha vunne gruppa.

Kenneth Gabrielsen, som følgjer EM som ekspert for NRK, ser derimot saka på ein annan måte.

– For oss som slåst om medalje kvart år så kan vi bli litt høge på oss sjølv og ikkje sjå verdien av det, seier Kenneth Gabrielsen.

Dette er første gong EM for kvinner blir spelt med 24 lag.

35 lag ønskte å delta. Altså kom 69 prosent av laga som ønskte det til EM.

Det inkluderer debutantar som Tyrkia og Færøyane.

NRK-ekspert Kenneth Gabrielsen

NRK-ekspert Kenneth Gabrielsen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Kan ikkje bli større

Norge opna EM ved å slå Slovenia 33–26. Deretter vart Austerrike sabla ned med siffera 38–24.

Samtidig har Slovakia tapt 37–24 både mot Austerrike og Slovenia.

Derfor var det ikkje så uventa at Norge valsa over Slovakia.

Slovakia opna frisk og leia 3-1, men frå stillinga 4–4 scora Norge 11 mål utan at Slovakia fann nettmaskene.

Og derifrå vart differansen berre større og større.

TV 2-kommentator Harald Bredeli minte om at «Norge har grisebanka laga som har grisebanka Slovakia».

– Det kan ikkje bli større forskjell i Europa enn dette. Slovakia er her mykje fordi EM er utvida frå 16 til 24 lag, sa Bredeli.

– Forbundet ønskjer å spreie interessa for handballen rundt om. Det i seg sjølv er jo ganske fint. Eg er ikkje negativ til utvidinga, sjølv om resultata kan bli store. Det må vi tole, meiner Kenneth Gabrielsen.

Håvard Tvedten

NRK-ekspert Håvard Tvedten.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Ikkje sjåarvennleg

Ein annan NRK-ekspert, Håvard Tvedten, meiner at tanken med 24 lag i EM er god.

Men då må dei svakaste laga bli betre, ifølgje den tidlegare landslagsprofilen, og Tvedten kjenner ikkje til korleis til dømes Slovakia jobbar for å få opp nivået.

– Det hjelper ikkje å invitere inn mange lag om det ikkje blir gjort noko i bakkant. Det er openbert stor nivåforskjell på damesida, og ein får ikkje så mykje ut av dette. Dette er verken sjåarvennleg eller spennande, seier Tvedten.

 Slovakia - Norge

Marit Røsberg Jacobsen og Norge gav Slovakia grisebank.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Kvaliteten blir betre

Presidenten i det europeiske handballforbundet, Michael Wiederer, forklarer auken i talet på lag blant anna med at europameisterskapa skal vere like for menn og kvinner.

EM for menn hadde 24 lag for første gong i 2020.

I intervjuet med Wiederer, som er publisert på det europeiske handballforbundet si nettside, seier presidenten også at det må tre meisterskap til for at ein skal kunne konkludere med om auken er ein suksess.

Altså må vi vente til 2028 før vi veit om det nye formatet har vore ei smart endring.

– Vi kjem til å sjå nokre store sigrar i turneringa, men auken til 24 lag kjem også til å ha ein positiv effekt. Kvaliteten kjem til å bli betre, det er eg veldig sikker på, seier Wiederer.

 Slovakia - Norge

Camilla Herrem og Norge herja med Slovakia.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Slovakia er ikkje der

Ifølgje NRK-kommentator Patrick Rowlands er det «ingen tvil om at herrehandballen er meir klar for ei utviding i Europa enn det kvinnesida er».

Han viser til at nivåforskjellen blir for stor.

Akkurat det er Kenneth Gabrielsen einig i.

– Når det er sagt har vi hatt positive innslag her i denne meisterskapen, i blant anna Portugal og nokre andre lag som har gjort ein god figur, men Slovakia er dessverre ikkje der, meiner NRK-eksperten.

Publisert 02.12.2024, kl. 21.56 Oppdatert 02.12.2024, kl. 21.57

Read Entire Article