Norsk kynisme provoserte fans – fekk sinte Instagram-meldingar

1 week ago 8


– Det er ikkje så typisk norsk.

Orda tilhøyrer den norske U20-landslagskapteinen Rasmus Holten (20), som for tida spelar på Sogndal, på utlån frå Brann.

Bergensaren har leia laget til eit historisk avansement i U20-VM. Aldri før har Noreg klart å ta seg vidare frå gruppespelet. I åttedelsfinalen ventar Paraguay.

Eit grunnsolid defensivt fundament skal ha mykje av æra. Avansementet var sikra etter dei to første kampane, som enda med 1-0-siger over Nigeria og 0–0 mot eit sterkt Colombia.

I tillegg har det norske laget vore kyniske når det har vore behov for det, fortel Sogndal-spelaren.

– Om du kan kvile i 10–15 sekund ekstra, så gjer ein kanskje det. Det er ikkje sikkert det har noko å seie i det store bildet, men eg trur berre å ha det litt i bakhovudet, vere innstilt på å gjere alt som skal til for å vinne – det trur eg hjelp til slutt, seier Holten til NRK.

Det norske U20-landslaget er klare for åttedelsfinale i meisterskapen i Chile. Kampen kan sjåast klokka 00.50, natt til torsdag, på NRK 1 og i nettspelaren.

en gruppe fotballspillere i en kamp

KJEMPA SEG VIDARE: Det norske U20-landslaget møter Paraguay i åttedelsfinalen i VM.

Foto: Andre Penner / AP / NTB

Fekk meldingar frå Colombia

For dei norske spelarane har ved fleire høve nytta sjansen til å hale ut tida i kritiske fasar av kampane.

Men det har ikkje vore like populært hos alle.

Mot Colombia låg Holten sjølv nede fleire gonger før han til slutt blei byta ut ti minutt før slutt, og etter kampen fekk han høyre det i sosiale medium.

– Det er berre hyggeleg med litt piping og litt hissige Instagram-meldingar frå nokre colombianarar etterpå. Det gjer eg med glede, seier landslagskapteinen.

Han fortset:

– Det var ikkje altfor ille, men det var to–tre bortefans her som ikkje var altfor «happy».

Tilbakemeldingane gjekk på at det norske laget var skodespelarar, at dei var dårlege og at poenget var ufortent, seier Holten.

– Det skal vi tole. Vi er ikkje så opptatte av tilbakemeldingane utanfrå. Vi høyrer på trenaren, vi.

– Det var ingen veldig stygge meldingar eller truslar?

– Nei, det sleppte eg denne gongen. Vi får sjå etter kvart om vi unngår det, seier kapteinen med eit smil.

FEKK MELDINGAR: Det norske U20-landslaget skal ha fått litt av kvart i innboksen etter poengdeling mot Colombia.

Foto: Matias Delacroix / AP / NTB

«Snille gutar»

Kynisme har lenge blitt sett på som ein mangel blant norske fotballspelarar, noko NRKs ekspert understrekar lenger ned i saka.

Holten, som sjølv har spelt seniorfotball på dei to øvste nivåa i Noreg, meiner det framleis er meir å gå på i heimlandet.

– Vi er jo litt sånn «snille gutar», så det kan godt hende vi har litt å hente på å gjere alt for å vinne, pushe grensene og kanskje gå litt over av og til. Det kan hende vi har litt å hente der, meiner han.

Noregs U20-landslagstrenar, Bjørn «Bummen» Johansen, deler synet til bergensaren.

– Vi er jo i utgangspunktet eit litt snillare samfunn enn ein del av dei andre. Vi er nøydde til å vere med på leiken. Det å spele litt på resultat og ta litt piffen av motstandarane, det har vi vore klar over, seier Johansen til NRK.

Bjørn Johansen, Norge U20

TAR GREP: U20-landslagssjef Bjørn «Bummen» Johansen innrømmer at kynisme er ein del av verktøykassa til U20-laget.

Foto: Matias Delacroix / AP / NTB

– Litt unorsk

Førre gong Noreg deltok i U20-VM var det med spelarar som Erling Braut Haaland, Jens Petter Hauge og Leo Skiri Østigård i troppen. Den gongen klarte dei ikkje å ta seg vidare.

Årets tropp kunne også hatt med ei rekke profilar, som blant anna Sverre Nypan og Sindre Walle Egeli, men ettersom klubbsesongen er i gang for fullt, er det mange som ikkje har fått høve til å delta.

Dermed har «Bummen» og resten av det norske laget måtta finne andre måtar å bikke kampane i sin favør.

– Dei har prestert på eit svært imponerande nivå, seier Johansen om spelarane sine.

– Det er ein lojalitet og ei oppofring. Det er litt unorsk måten vi har spelt desse kampane heim på. Vi klarar å ta litt piffen ut av det. Vi er litt kyniske når vi må vere kyniske. Vi har vore smarte i mange fasar, som er imponerande, legg han til.

Trenaren fortel at dei ikkje har teke dei kyniske grepa opp på taktikktavla, men at dei har det i verktøykassa og tek det fram når dei føler at det er behov.

– Vi har funne ein fin balanse på dei tinga der så langt.

Blir hylla av NRK-ekspert

NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp har følgt med på det norske landslaget under meisterskapen i Chile.

Han er imponert over måten dei norske spelarane har oppnådd resultat på.

– Det er forskjell på å vere kynisk og smart, kontra det å vere «unfair» og bruke skitne triks, påpeikar Torp.

Noregs gode resultat kjem først og fremst av eit brennande ønske om å unngå baklengsmål, meiner eksperten.

– Det som eg synest er herleg å sjå er den viljen og gleda ved å redde ei skåring, kaste seg framfor og treffe på ei takling. Dei jublar som om det skulle vore ei skåring for Noreg. Det synest eg er herleg å sjå, seier Torp.

Carl-Erik Torp

IMPONERT: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp lèt seg imponere av kynismen i det norske laget.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

– Må bli meir galne

Det han har sett av dei norske spelarane, er noko han håpar å sjå meir av frå den kommande generasjonen.

– Å vere litt smartare, litt stoltare, springe litt meir og gå litt hardare til i duellane er ein ting eg har sakna i Noreg, seier NRK-eksperten.

Han fortset:

– Vi må bli litt meir galne. Det ser ut som at det er ein herleg galen gjeng i Chile nå, og sånne spelarar vil Noreg ha.

Den stoltheita som Torp omtalar er felles for heile den norske garderoben, skal vi tru kaptein Holten.

– Det er ein kraftig mentalitet. Det er kanskje det som har imponert meg mest, kor samla vi har blitt, kor trygge vi har blitt på spelemodellen og kor hardt vi jobbar for kvarandre. Det har jo verkeleg blitt styrken vår og eg er ganske sikker på at dei andre laga sit og anerkjenner den delen av spelet vårt når dei ser på kampane våre, seier landslagskapteinen.

Kommentatorene settes ut: – Det er over grensa

Publisert 08.10.2025, kl. 12.04

Read Entire Article