To påstandar stod i sentrum for Dagsnytt Atten-debatten som denne veka utarta og gjorde at leiaren i Generasjonspartiet måtte bli eskortert ut av studio.
- Påstand éin: MDG er mot vindturbinar i urørt natur
- Påstand to: MDG er tilhengar av fleire folkeavstemmingar
NRK har gått gjennom det som blei sagt, og sjekka om det er hald i skuldinga om at MDG fer med løgn.
Konklusjonen er at MDG har orda sine i behald, om enn nokre av nyansane forsvann i støyen som oppstod.
Vi tar det i tur og orden.
Påstand éin: MDG er mot vindkraft i urørt natur
Om denne påstanden er sann, avheng av definisjonen på «urørt natur» og i kva grad denne også omfattar havet.
I partiprogrammet skriv MDG at utbygginga av vindkraft skal skje til havs og på «allereie nedbygde areal».
«Våre løysingar gjer at vi framleis kan ha nok kraft, utan at naturverdiar, friluftsliv og lokalsamfunn blir ofra», står det i programmet.
Tilsvarande viser partiet sitt «rulleblad» i Stortinget at dei vektlegg naturverdiar over behovet for meir kraft. Sjå under.
Til dette seier leiar i Generasjonspartiet, Gyda Oddekalv, at det ikkje er mogleg å forsvare havvind-satsinga og verdien av urørt natur på same tid.
– Det er ikkje samsvarande standpunkt. Det er ikkje mogleg å «satse stort på havvind» utan å gjere inngrep i urørt natur. Havet er også natur.
Les heile svaret hennar lengre ned.
NRK konkluderer: Påstanden om at MDG er kategorisk mot vindkraft i urørt natur lèt seg ikkje redusere til eit enkelt ja eller nei.
Det er inga løgn, men ei delsanning, når MDG seier dei er mot vindkraft i urørt natur.
Påstand to: MDG er tilhengar av fleire folkeavstemmingar
Her kunne mykje vore løyst om partane definerte «folkeavstemming» som ei rådgivande eller bindande øving. Les om forskjellen her.
I partiprogrammet skriv MDG at dei ønsker seg fleire tiltak for å styrke det «direkte demokratiet», inkludert «folkepanel» og «forslagsrett» for alle borgarar. Sjå eksempel her.
Under debatten viste Frøya Skjold Sjursæther til folkeavstemminga i Modalen som eit eksempel på kva ho ønsker seg meir av. Denne var rådgivande, utan at det blei presisert.
Foto: PrivatDagen etter står Gyda Oddekalv fast på at motdebattanten «villeidde» da ho ikkje presiserte kva slags folkeavstemmingar ho ønsker seg meir av.
– Vi står for folkestyre, det gjer ikkje MDG. Det er usant å hevde dette, seier ho til NRK.
Til dette svarer Skjold Sjursæther at ho ønsker seg fleire rådgivande folkeavstemmingar, men også nokon som kan vere bindande:
– Du kan heilt fint vere for fleire bindande folkeavstemmingar òg, utan å gå for det som står i NRKs valomat, at befolkninga skal kunne krevje bindande folkeavstemmingar i mange saker.
NRK konkluderer: Partane snakka forbi kvarandre. Folkeavstemmingar har som hovudregel ein rådgjevande funksjon, og MDG kan med rette hevde at dei ønsker å involvere folk i fleire avstemmingar og meir direkte demokrati.
– Trur mange fekk seg ein god latter
Dagen etter alt spetakkelet har Sjursæther fått summa seg:
– Eg trur mange fekk seg ein god latter av debatten, men eg synest vi skal ta det alvorleg at leiaren i eit parti som stiller til Stortinget ikkje lèt andre svare for seg, seier ho.
– Grunnpilaren er å la folk sleppe til om dei har ulike meiningar. Det er også ei sak Generasjonspartiet er oppteken av, og det burde vore betre spegla i debatten.
Les heile svaret til GP-leiar Gyda Oddekalv under.
Oljefondet får kritikk for å ha investert i et israelsk selskap som held ved like israelske kampfly.
Publisert 07.08.2025, kl. 17.42