Spedbarn svelt, søner blir skotne i matkøar og mødrer sørger over familiemedlemmer dei har mista. Dette er augeblinkane journalistane i Gaza deler med omverda.
At journalistar svelt, er eit problem for pressefridomen, meiner fleire store medieorganisasjonar i Europa og Nord-Amerika.
I dag har representantar frå 36 medieorganisasjonar og institutt signert eit stort opprop.
Dei ynskjer at Israel skal opne for at dei journalistane som ynskjer skal få evakuere Gaza og at nye journalistar skal få sleppe inn.
Kollegaer og venner av journalisten Omar al-Derawi sørger etter han blei drepen på jobb i Gaza.
Foto: Abdel Kareem Hana / AP / NTBDet er organisasjonen International News Safety Institute (INSI) som har teke initiativ til oppropet. Dei jobbar for trygging av journalistar verda over.
– Lokale journalistar i Gaza har vore avgjerande for å informere omverda om krigen, heiter det i utsegna frå INSI.
NRK er medlem av INSI og er av dei som har signert oppropet. Andre som også har signert er VG, svenske SVT, finske YLE, britiske BBC og det franske nyhendebyrået AFP.
Det handlar om pressefridom
Sidan krigen mellom Hamas og Israel braut ut 7. oktober 2023 har ingen utanlandske journalistar fått løyve til å reise inn i Gaza for å rapportere.
Fungerande nyhendedirektør Ole Eivind Henden seier at NRK si deltaking i oppropet har grunnlag i ønsket om å styrke pressefridom og uavhengig formidling frå krigssoner rundt om i verda.
Ole Eivind Henden er fungerande direktør i nyhendedivisjonen i NRK.
Foto: NRK/Gunhild Hjermundrud– Internasjonale journalistar har ikkje sloppe inn i Gaza og dei lokale journalistane har jobba under svært vanskelege forhold under heile krigen. Mange av dei har blitt drepne, seier Henden.
Minst 186 journalistar har mista livet i Gaza på 22 månadar viser tal frå Committee to Protect Journalists.
Henden håpar oppropet kan føre til to ting:
– Vi håpar dei lokale journalistane som ynskjer det kan forlate Gaza for å hente seg inn igjen. Vi håpar også at det blir opna for at internasjonale journalistar får tilgang til Gaza for å kunne rapportere fritt og uavhengig.
– Som alle andre store medieorganisasjonar har NRK ønskt å reise inn i Gaza sidan krigen starta, seier utanriksredaktør i NRK Sigurd Falkenberg Mikkelsen.
Sigurd Falkenberg Mikkelsen er utanriksredaktør i NRK.
Foto: Shilan Sari / NRKDifor har NRK samarbeida med to frilans-team med lokale journalistar i Gaza. Mikkelsen har vore i kontakt med desse.
– Dei fortel at dei er redde for å bli drepne og at det er svært lite mat å få tak i. Dei flyttar seg mest til fots og fortel at dei fort blir svimle fordi dei ikkje får i seg nok mat, seier Mikkelsen.
I går var det også eit opprop med Associated Press, BBC, Reuters og AFP der dei også ynskte at journalistar skal få reise ut og inn av Gaza som dei ynskjer. Også norske NTB signerte dette.
Journalistar deler sine eigne historier
Journalistar frå medieorganisasjonar som AFP, AlJazeera og BBC har delt sine historier om korleis det er å rapportere frå Gaza no.
AFP-journalisten Omar Al-Qattaa er av dei journalistane som har fortalt om det som skjer i Gaza under krigen.
Foto: - / AFP / NTB– Eg druknar i svolt, skjelv av utmatting og kjempar for å ikkje svime av kvart einaste augeblink... Gaza døyr. Og vi døyr med det, sa Anas al-Shariff som er korrespondent for AlJazeera.
Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr podkasten URIX her:
Publisert 25.07.2025, kl. 16.26 Oppdatert 25.07.2025, kl. 17.49