Planane om nytt svømmebasseng i Tysnes kommune i Vestland vart i fjor landskjende:
Ein av landets rikaste personar, den lokale laksemilliardæren Gerhard Meidell Alsaker, ville spytta inn 40 millionar kroner til prosjektet.
Vilkåret var at svømmehallen skulle vere i heimbygda hans, og ikkje på den andre sida av kommunen der det bur fleire folk.
Kommunen godtok i utgangspunktet vilkåra.
Gerhard Meidell Alsaker vil gi Tysnes kommune 40 millionar kroner dersom ny svømmehall blir lokalisert til bygda hans, Onarheim.
Foto: Olav RøliKraftig kostnadsauke
Hittil har ein rekna med at hallen vil kosta 150 millionar kroner. Av desse skulle kommunen betale 23,7 millionar kroner. Resten skulle Alsaker, det lokale kraftlaget og spelemidlar betale.
Men nå har Multiconsult gjort eit forprosjekt der priskalkylen er langt meir enn dobla:
Den totale kostnadsramma er auka til 327 millionar kroner.
Med den nye kalkylen må kommunen ut med 165,4 millionar kroner sjølv. Eigenfinansieringa for Tysnes blir altså sjudobla.
Formannskapet fekk nøkkeltala i den nye kalkylen presentert på torsdag, men først i dag i dag fekk kommunepolitikarane utdelt heile rapporten.
– Folk var litt sjokkerte over at det kunne bli så vanvitig mykje dyrare, seier leiar for opposisjonen, Kåre Martin Kleppe (H).
– Kostnaden er sprengd, med godt over ei dobling i ein kommune der vi nå går kraftig i minus. Så dette blir altfor dyrt å ta på seg. I tillegg aukar driftskostnadane med eit langt større svømmeanlegg, meiner han.
– Treng nytt basseng
I dag har Tysnes ein 50 år gammal og svært nedsliten svømmehall med 12,5 meters basseng.
– Vi treng nytt basseng. Kvar dag som helst kan bassenget vårt bli stengt, seier ordførar Synnøve Bakke (Ap).
Planen på Onarheim er ein hall med to basseng på 25 og 12,5 meter.
Bakke ville onsdag føremiddag ikkje konkludera kva forprosjektet betyr for planane.
– Vi er nøydde til å studera heile rapporten før vi kan ta stilling til dei summane.
– Mitt einaste ønske er at barna på Tysnes skal få eit tilbod om svømmeopplæring. Det må vi samarbeida om å få på plass, seier ho.
Bassenget på Tysnes er frå 1974. Det har svakheiter i konstruksjonen, og bassenget var i 2023 stengt i eit halvt år.
Foto: Eli Bjelland / NRKOrdføraren: – Har ikkje 165 millionar
Men Bakke vedgår at kommunen ikkje har råd til å betala 165 millionar kroner av bassengkostnaden.
– Nei, openbert ikkje.
– Kva er konsekvensane av det, då?
– Svømmeopplæring er lovpålagt. Så er spørsmålet: Korleis skal vi få råd til nytt basseng? Det går an å bygga eit nytt basseng, men det går ikkje an å rehabilitera det gamle.
– Er løysinga på Onarheim det einaste aktuelle?
– Me har heile tida sagt at me ser på dette med ope sinn.
Prislappen for svømmeanlegget er nå meir enn dobla.
Illustrasjon: Multiconsult/Tysnes kommuneBygd kan få basseng og mista skule
Kommunedirektør Aud Gunn Løklingholm seier til NRK at ho innan 23. oktober vil komma med si tilråding i saka.
Kleppe er ikkje i tvil om at han nå er endå mindre i tvil enn før.
– Eg hadde ikkje tru på kostnadsestimata på 150 millionar kroner. Og eg var kritisk til eit tilbod frå Alsaker Fjordbruk med desse vilkåra.
Tysnes ligg førebels an til eit underskot på 18,5 millionar kroner i 2025. Paradoksalt nok har kommunedirektøren lansert at eitt innsparingstiltak neste år kan bli å legga ned skulen på Onarheim.
Bygda kan altså kanskje får svømmebasseng i staden.
– Kommunen kan ikkje gå ut til innbyggarar og tilsette i kommunen og seia «Sorry, me må kutta, for me har ikkje pengar». Og samtidig bygga eit basseng som me absolutt ikkje har råd til, meiner Kleppe.
– Ved å legga ned skulen og flytta alle elevane til Uggdal og Tysnes skular, sparer kommunen 5 millionar årleg. Det trengst mykje meir for å finansiera eit nytt basseng, seier Kåre Martin Kleppe.
Foto: Stine Mari VelsvikMilliardæren dekker 12 prosent
Dei 40 millionane frå laksemilliardær Alsaker dekker nå berre ein åttedel – litt over 12 prosent – av den nye priskalkylen.
– Med føringane som han har lagt, kostar dette oss vesentleg mykje meir enn det me får att av midlar i andre enden, meiner Kleppe.
Men han er einig i at noko må gjerast med svømmetilbodet.
– Me må vareta krava til svømmeopplæring, men ikkje slik at ein sprenger banken fullstendig.
Mindretalet i kommunestyret ønsker å greia kva ut det kostar å rehabilitera det gamle eller bygga eit nytt anlegg med 12,5-metersbasseng.
Publisert 07.10.2025, kl. 16.55 Oppdatert 07.10.2025, kl. 16.56