Ny rapport avdekker ulovleg beltebruk – pasient låg i belte i 16 døgn

6 days ago 2


Sivilombodet besøkte klinikken 24.–26. mars, og har undersøkt beltelegging av pasientar på akuttpsykiatrisk mottak i perioden 1. januar 2025 til 24. mars 2026.

Ifølgje rapporten var fleire pasientar beltelagde lenge på akuttpostane.

Det blei dokumentert fleire tilfelle der pasienten var roleg og samarbeida, utan at pasienten blei losna frå belta.

Ein av pasientane som hadde lege i belte i fem døgn, blei overført til ein annan avdeling, og vedkommande blei til saman liggande i belte i 16 døgn.

Lova krev at det må vere absolutt nødvendig å bruke belte, likevel fann Sivilombodet fleire vedtak der det var vanskeleg å forstå om vilkåra var oppfylt.

– I nokre tilfelle framstod beltelegginga som direkte ulovleg, heiter det i rapporten.

Psykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus i Sandviken i Bergen

Psykiatrisk klinikk Sandviken er ein del av Haukeland universitetssjukehus. På tidspunktet Sivilombodet besøkte klinikken, bestod han av fire avdelingar.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Kan vere nedverdigande behandling

I eitt av tilfella blei pasienten beskriven som roleg og høfleg, med god kontakt gjennom ei heil dagvakt. Likevel blei ikkje beltebruken avslutta før i halv tretida på ettermiddagen.

– Sjukehuset sine manglande vurderingar av grunnlaget for framleis bruk av mekaniske tvangsmidlar, utgjer ein alvorleg svikt i rettstryggleiken, seier sivilombod Hanne Harlem i ei pressemelding.

En kvinne med halvlagt, lyst hår ser inn i kamera. Hun har på seg en grønn bluse og en lys jakke.Hun sitter med et skrivebord med en penn i hånden.

Sivilombod Hanne Harlem er bekymra for kvalitetssikringane på klinikken.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Sivilombodet avdekte fleire bekymringsverdige forhold. Pasientar blei mellom anna liggande lenge i belte utan å få gå på toalettet, og utan nødvendig stell.

To pasientar som låg i belte i rundt to døgn, fekk ikkje gå på do grunna manglande bemanning.

Ein annan pasient låg naken i beltesenga, med berre ei bleie. Det var avføring i senga fleire gonger, og det tok tid før personalet stelte pasienten.

Manglande kompetanse

Ved bruk av belte krev lova at ein fagleg tilsett spesialist skal fatte eller godkjenne vedtaket.

Undersøkinga avdekte likevel at dei som bestemte at det skulle brukast belte, ikkje hadde den formelle kompetansen.

– Det gjer oss bekymra for at kvalitetssikringa av vedtaka er gode nok, og om sjukehuset sine rutinar for å sikre riktig kompetanse er gode nok, seier Harlem.

Avdelingssjef i Sivilombodet, Helga Fastrup Ervik, seier til NRK at dei har undersøkt fleire postar på andre sjukehus. Der fann dei liknande forhold.

– Seinast sist veke i Bodø, men og på Sørlandet sjukehus og Vestfold sjukehus. Vi ser mellom anna at det er for dårleg grunngjeve i ein del tilfelle at pasienten blir lagt i belte, seier ho.

– Vi tar funna på alvor

– Vi tar rapporten og funna som blir beskrive på største alvor. Forsvarleg helsehjelp, pasientane sin tryggleik og rettstryggleik skal bli ivaretatt i alle delar av behandlinga.

Det skriv klinikkleiar ved Psykiatrisk klinikk, Brede Aasen, til NRK.

Han bekreftar at mekaniske tvangsmidlar er blant dei mest inngripande tiltaka som kan bli brukt i psykisk helsevern, og at dei berre skal brukast dersom det er den einaste måten å hindre skade på pasienten eller andre.

– Vi må forbetre dokumentasjonen vår på dei faglege vurderingane, skriv Aasen.

En mann i dressjakke og jeans står utendørs. Han ser til høyre. Bak ham er en lys bygning med flere vinduer og en tårnlignende struktur. Det er trær og busker i forgrunnen og på sidene.

Klinikkleiar ved Psykiatrisk klinikk, Brede Aasen, seier at klinikken er i gang med oppfølging.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei

Vil følgje opp anbefalingane

Vidare understrekar Aasen at klinikken behandlar menneske i akutt psykisk krise, og at enkelte av pasientane kan ha høg risiko for vald i akuttfasen.

– Sjukehuset har ansvar for å handtere desse situasjonane, og nokre av hendingane kan dessverre vare over noko tid før behandlinga reduserer risikoen.

Klinikkleiaren understrekar at Sivilombodet har gjort eit grundig arbeid, og at klinikken er i gang med oppfølgingane av anbefalingane i rapporten.

Publisert 24.06.2026, kl. 08.09 Oppdatert 24.06.2026, kl. 13.10

Read Entire Article