Nye drone­angrep på Ukrainas sjølvstende­dag – Russisk energi­anlegg i brann

5 hours ago 5


Natt til søndag sende Ukraina på ny fleire dronar mot mål i Russland. Mellom anna gasselskapet Novateks sitt anlegg i Ust-Luga, ikkje langt frå grensa til Estland, og atomkraftverket i Kursk.

Dronane blei skote ned, men restane førte til brann ved begge anlegga, hevdar russiske myndigheiter.

Ved oljeraffineriet var sløkkingsarbeidet søndag formiddag i full gong.

– Brannfolk jobbar med å avgrense brannen på terminalanlegget i Ust-Luga. Drivstofftankar har ikkje blitt ramma av brannen, skriv guvernør Aleksander Drozdenko på Telegram.

En stor røyksky siver opp fra et oljeraffineri i brann

Ein stor røyksky stig opp etter droneangrepet på energianlegget i Ust-Luga.

Foto: Supernova+ / Telegram

800 kilometer frå grensa

Det er heller ikkje meldt om skadde personar i Kursk, og brannen blei sløkt raskt.

– Radioaktiviteten som er målt ved industrianlegget og områda rundt, har ikkje endra seg og samsvarar med vanlege verdiar, skriv atomanlegget på Telegram.

Oljeraffineriet Novatek Ust-Luga i Leningrad-regionen står i brann. Det same gjer eit atomkraftanlegg i Kursk.

Kursk-regionen grensar til Ukraina. Den har vore utsett for fleire ukrainske droneangrep og blei også invadert av Ukraina i fjor. Russiske myndigheiter seier at dei har tatt tilbake kontrollen.

Totalt skal russiske styrkar ha skote ned 95 ukrainske dronar over 13 regionar natt til søndag, skriv Russland sitt forsvarsdepartement på Telegram.

Et atomanlegg

Atomanlegget i Kursk 19. mars.

Foto: Shamil Zhumatov / Reuters / NTB

Ukrainske dronar angrep mellom anna eit industrianlegg i Syzran i Samara-regionen, rundt 800 kilometer frå grensa til Ukraina. Det skriv guvernør Vjatsjeslav Fedoristsjev på Telegram.

Det er ikkje meldt om skadde i Syzran, men i Brjansk-regionen vart eit barn skada i eit angrep, ifølge guvernør Aleksander Gogomaz på Telegram.

Angrip energiforsyninga

Dei siste åra har Russland regelmessig stått bak fleire store missil- og droneangrep mot Ukrainas energiinfrastruktur. Samtidig har Russland ei framgang på slagmarka i Aust-Ukraina.

Den siste tida har Ukraina svart med å trappe opp angrepa på russisk energiinfrastruktur, mellom anna oljelager- og raffineri.

Angrepa har bidratt til drivstoffmangel og skyhøge bensinprisar fleire stadar i Russland. Ekspertar seier at målet er å svekke Russlands evne til å betale for krigen i Ukraina.

Før søndagens angrep hadde Ukraina allereie angrepet minst ti viktige energianlegg i Russland, ifølge CNN.

Fleire av skipa i Russland «skyggeflåte», som brukast for å omgå vestens sanksjonar, nyttar seg av hamna i Ust-Luga.

Feirar Ukraina sitt sjølvstende

Dei ukrainske angrepa skjer same dag som landet feirar sin sjølvstendedag.

Dagen markerer Ukraina si erklæring av sjølvstende frå Sovjetunionen 24. august 1991, nokon månadar før Sovjetunionen kollapsa.

Canadas statsminister Mark Carney, Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj og kona Olena Zelenska bærer blomster

Canada sin statsminister Mark Carney er søndag i Ukraina. Her var han saman med president Volodymyr Zelenskyj og kona Olena Zelenska på ei markering for falne soldatar i Kyiv.

Foto: Sean Kilpatrick / AP / NTB

– Om 100 år vil framleis Ukrainas sjølvstende bli feira, sa Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj i ein tale søndag.

Han understreka også viktigheita av støtta frå vestlege allierte.

– Ukraina er sikra fred gjennom tryggleiksgarantiar, sa han.

Noreg og Tyskland gir luftvern

Søndag blei det også kjent at Noreg og Tyskland skal levere to nye Patriot-luftvernsystem og missil til Ukraina.

Luftvernsystema står klare i Tyskland til å bli donert til Ukraina. Dei skal bli erstatta med nye system frå USA, som Noreg skal betale for.

En gruppe soldater som poserer for et bilde med luftvernbatterier

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj saman med Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius, ukrainske to tyske soldatar og Patriot-luftvernsystem i Mecklenburg-Vorpommern i Tyskland i juni 2024.

Foto: JENS BUTTNER / AFP / NTB

Totalt bidrar Noreg med rundt 7 milliardar kroner.

– Dette er ei stor investering i effektivt luftvern. Støtta vil gi Ukraina viktige verkemiddel for å beskytte ukrainske liv og bidra til eit sterkare forsvar, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) i ei pressemelding.

Patriot-systema kan blant anna skyte ned missil som flyr i høg hastigheit, og jagarfly.

Noreg og Tyskland skal også levere Typhon-luftvern, som har kortare rekkevidd, og luftvernradar til Ukraina.

Interessert i utanriks? Høyr utanriksredaksjonen sin podkast:

Publisert 24.08.2025, kl. 11.22 Oppdatert 24.08.2025, kl. 11.45

Read Entire Article