– Det vil sleppast fleire dokument der også Trump er nemnt. Det kjem av det faktumet at Trump og Epstein var ganske nære venner over lang tid. Og det ville vore rart om ikkje Trump dominerer i desse etterforskingsdokumenta, med tanke på den relasjonen dei har hatt, seier Civita-rådgivar og USA-ekspert Eirik Løkke til NRK.
Publiseringa av dokument frå Epstein-etterforskinga begynte fredag førre veke.
Departementet varsla den gongen at dei ikkje klarte å komme i mål, men vil frigi resten av dokumenta med jamne mellomrom.
I dag er rundt 11.000 dokument, rekneark og videofiler publisert på departementet sine nettsider.
Videofilene er i stor grad frå overvakingskameraa i fengselet der Epstein tok sitt eige liv i august 2019 etter å ha blitt tiltalt for seksuelle overgrep av fleire tital mindreårige jenter.
Det har i tida etter komme krav frå fleire hald om at dokumenta frå etterforskinga av Epstein skulle gjerast offentleg.
20. november i år signerte USAs president Donald Trump ei lov som påla full offentleggjering av alle dokument knytte til Jeffrey Epstein.
Fløy langt meir
I etterforskingsdokumenta kjem det blant anna fram at Donald Trump skal ha vore passasjer på Jeffrey Epstein sitt privatfly ei rekke gonger på begynninga av 90-talet.
Dette blei avdekt i samband med rettssaka mot Epstein si medhjelpar Ghislaine Maxwell.
Dette bildet blei nyleg frigitt og er blant dokumenta i Epstein-etterforskinga. På bildet er Donald Trump saman med ei rekke kvinner.
«Donald Trump reiste med Epstein sitt privatfly mange fleire gonger enn tidlegare oppgitt (eller som vi er klare over)», skriv etterforskarane.
Han skal ha vore passasjer på minst 8 flygingar mellom 1993 og 1996.
På dei fleste av dei saman med familiemedlemmer, men det skal også vere funne éi flyging der berre Epstein og Trump var om bord.
På ei anna flyging skal i tillegg ein anonymisert person på 20 år ha vore om bord.
Trump hevdar sjølv at vennskapen med Epstein rakna for mange år sidan og at han ikkje har vore involvert i den kriminelle aktiviteten til Epstein.
Handskrive kort
Blant dokumenta finst også eit postkort frå Epstein som er poststempla tre dagar etter hans død.
Brevet var adressert til den tidlegare turnlandslagslegen Larry Nassar som sat fengsla for ei omfattande rekke overgrep mot ein fleire kvinnelege utøvarar.
Etterforskinga mot Larry Nassar begynte i 2015, men han blei først dømt mange år seinare. Han sonar ein dom på 175 år for ei rekke overgrep.
Foto: Cory Morse / Cory Morse«Kjære L. N.
Som du veit nå, har eg tatt «snarvegen» heim. Lykke til! Vi delte éin ting ... kjærleiken og omsorga vår for unge kvinner og håpet om at dei skulle nå det fulle potensialet sitt.
Presidenten vår deler også kjærleiken vår for unge, seksuelt tiltrekkande jenter. Når ei ung skjønnheit gjekk forbi, elska han å «grab snatch» [slang for å grafse i kjønnsorganet], mens vi enda opp med å «snatching grub» [stele/ta mat] i kantinene til systemet.
Livet er urettferdig.
Din, J. Epstein»
Brevet blei returnert til fengselet sidan det var feiladressert.
– Ikkje overraskande
Løkke synest ikkje opplysningane som har komme fram i det siste dokumentsleppet er særleg oppsiktsvekkande,
– At Trump har tatt flyet med Epstein fleire gonger enn han sjølv har rapportert. Det er ikkje overraskande, og det kan godt vere at vi får fleire av denne typen opplysningar.
Han seier diskusjonen i USA nå først og fremst handlar om at sommelet i publiseringa av det omfattande etterforskingsmaterialet.
– Det bidrar til at saka blir trekt ut i staden for å få alt ut med ein gong. Det ville vore ei mykje smartare politisk vurdering.
– Stel merksemda
I det første dokumentsleppet figurerte tidlegare president Bill Clinton på ei rekke bilde. Også Clinton har nekta for kjennskap til Epstein sine ulovlege aktivitetar og hevdar han ikkje lenger hadde kontakt med Epstein da Epstein blei arrestert for første gong i 2005.
Måndag kommenterte Trump bilda av Clinton:
– Eg synest det er forferdeleg å sjå desse bilda av han komme ut. Bill Clinton er ein vaksen mann, og han taklar det, men du har sannsynlegvis bilde som eksponerer andre uskuldige folk, som møtte Jeffrey Epstein for mange år sidan, sa Trump.
– Det er litt nye tonar frå Trump. At han var så irritert over at saka stel så mykje merksemd frå den enorme suksessen som det republikanske partiet og han som president har hatt, seier Løkke og legg til:
– Det største problemet for Trump er jo at Epstein-saka kjem til å plage han som eit mareritt, så lenge det kjem dryppvis heile tida.
Departementet åtvarar mot falske skuldingar
I bakkant av dagens publisering, seier justisdepartementet at nokre av dokumenta inneheld usanne og sensasjonelle skuldingar mot president Trump.
Desse skal ha kome i forkant av presidentvalet i 2020.
– For å ha det klart. Skuldingar mot Trump er grunnlause og falske, heiter det i ei utsegn.
Publisert 23.12.2025, kl. 13.33 Oppdatert 23.12.2025, kl. 13.41




![Det amerikanske justisdepartementet Brev fra Epstein
Kjære L. N.
Som du vet nå, har jeg tatt "snarveien" hjem. Lykke til! Vi delte én ting... vår kjærlighet og omsorg for unge kvinner og håpet om at de skulle nå sitt fulle potensial.
Vår president deler også vår kjærlighet for unge, nubile jenter. Når en ung skjønnhet gikk forbi, elsket han å "grab snatch" [referanse til et vulgært uttrykk], mens vi endte opp med å "snatching grub" [stjele/ta mat] i systemets kantiner.
Livet er urettferdig.
Din, J. Epstein](https://gfx.nrk.no/3wph8BdHMiv2SjbccRf9UgAiCs02pB7NagP-pX-jR7pg.png)












English (US)