Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Antibiotika som farlege bakteriar har danna resistens mot, kan få forlenga levetid – med den rette hjelpa.
Rebekka Rolfsnes Hovd ynskjer å forlenga levetida til eksisterande antibiotika. Her saman med ein av veiledarane sine, Pål Rongved. Han er pensjonert professor ved Farmasøytisk institutt og sikkerhetsdirektør i det norske, farmasøytiske selskapet Adjutec Pharma. (Foto: Wenche Gerhardsen / Oslo Cancer Cluster)
Antibiotikaresistens vil seia at bakteriar utviklar mekanismar som på fleire måtar fungerer som eit forsvar. Ein av måtane er å bryta ned legemiddelet.
– Dei mest brukte antibiotikuma i verda er ei gruppe som heiter betalaktam, seier Rebekka Rolfsnes Hovd.
Ho har forska på dette i arbeidet med doktorgraden sin ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
– Mange bakteriar har utvikla enzym som har fått namn etter antibiotikumet det verkar mot og dermed heiter nesten det same, nemleg betalaktamase, seier ho.
Potensielle forbindelsar
Betalaktamasar er inndelt i to klassar, etter kva slags komponent dei er avhengig av for å utføra forsvarsjobben.
Den eine klassen er avhengig av aminosyra serin og den andre av metallet sink.
Dei blir såleis kalla serin-betalaktamasar (SBLar) og metallo-betalaktamasar (MBLar).
– I mot den fyrste klassen har vi ein del stoff som kan forhindra enzyma frå å bryta ned betalaktam. Men MBLar har vi til no ingen botemiddel mot, forklarar Hovd.
– Prosjektet mitt har vore å forska på potensielle forbindelsar som kan bøta på det.
Blir ikkje brote ned
Hovd har gjort forskinga si under nærings-ph.d.-ordninga til Forskingsrådet ved Farmasøytisk institutt UiO og ved UiT Noregs arktiske universitet, i tett samarbeid med det farmasøytiske selskapet Adjutec Pharma.
Selskapet har sitt opphav frå forsking utført ved Universitetet i Oslo.
Adjuvans betyr eit hjelpestoff eller ei støttande behandling. Adjuvansen er altså ikkje eit legemiddel i seg sjølv. Åleine har han ingen effekt, forklarar Hovd.
– I kombinasjon med – i vårt tilfelle – eit betalaktam, fungerer adjuvansen ved å forhindra aktiviteten til betalaktamase-enzymet. Antibiotikumet blir såleis ikkje brote ned og kan ta knekken på bakterien, seier ho.
Kan verka på eit breiare spekter
Selskapet Adjutec si løysing er forbindelsar som angrip MBL-enzyma sin funksjon ved å stela sinken dei er avhengige av for å forsvara bakterien.
– Hovudkomponenten til Adjutec er forbindelsen ACP148. Det har alt vore gjennom tidleg klinisk utprøving på menneske med gode resultat, fortel Hovd.
– Eg har jobba med eit liknande stoff, APC24-7, som kombinerer teknologien bak APC148 med å stele sink med ein komponent som verkar på både SBLar og MBLar. Formålet var å gjera stoffet endå betre til å forhindra aktiviteten til betalaktamasane, seier ho.
ACP24-7 er førebels berre testa på bakteriar i laboratoriet.
Men Hovd har vist at å festa ein sink-stelande komponent til adjuvansar, slik som i APC24-7, kan gjera at dei kan verka på eit breiare spekter av antibiotikaresistente bakteriar.
Referanser:
Rebekka Rolfsnes Hovd mfl: APC24-7, a covalent combination of boronic acid and chelator moieties, restores β-lactam efficiency against metallo-β-lactamase-producers. mSphere, 2025. Doi.org/10.1128/msphere.00418-25
Rebekka Rolfsnes Hovd: Antibiotic Resistance and the Microbiome: A Hidden Reservoir. Nettside for disputas, Universitetet i Oslo, 2026.
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

4 hours ago
3













English (US)