Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_8224c37ab3eaaad2c1e1032178e6ecaf, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nytt nederlag for regjeringa: Opposisjonen samlar seg om «flybrølet» - NorwayToday

Nytt nederlag for regjeringa: Opposisjonen samlar seg om «flybrølet»

2 days ago 1


Høgre, Frp, Sp, SV, Raudt, MDG, KrF og Venstre inviterer i føremiddag til felles pressekonferanse.

Målet er å tvinge regjeringa til å gjere om på det offentleg subsidierte flyrutetilbodet (FOT-rutene) som vart lagt fram i slutten av april.

Då regjeringa presenterte justeringa av FOT-tilbodet, omtalte dei det som ei «god nyheit».

Responsen lét ikkje vente på seg: Forslaget vart straks stempla som både «småleg» og «distriktsfiendtleg».

Sidan har debatten gått høgt i fleire parti, og i dag samlar ein brei allianse seg om eit felles forslag for å tvinge regjeringa i kne på nytt.

Ein allianse frå Raudt til Frp

Heilt konkret krev partia at regjeringa går tilbake til teiknebrettet og lagar ei ny «bestillingsliste» før dei inngår nye kontraktar med flyselskapa.

Ved å krevje eit nytt anbod, ber opposisjonen regjeringa om å endre spelereglane for dei neste kontraktane.

Det er sjeldan kost at nesten heile opposisjonen står skulder ved skulder i ei samferdselssak.

Bakgrunnen er at kortbanenettet er ein nødvendig del av infrastrukturen i eit langstrekt land, noko som gjer saka politisk potent.

For Senterpartiet har indignasjonen òg ein historisk ballast: Då partiet sat i regjering, vart prisane på FOT-rutene halverte.

– Dette er stikk i strid med målet om å utvikle heile Noreg. Det er heilt feil veg å gå, sa Trygve Slagsvold Vedum i april.

Økonomi mot distriktspolitikk

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har forsvara grepet med at ordninga må vere økonomisk berekraftig.

Løyvingane til flyrutekjøp har stige frå 962 millionar kroner i 2023 til 2,5 milliardar kroner i 2026.

– Dei regionale flyrutene er avgjerande, men vi må gjere nokre justeringar for å sikre at ordninga er berekraftig over tid. Vi må vege krava til tilbodet opp mot utgiftene til staten, seier statsråden.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård sa at ordninga var blitt for kostbar for staten.

Grafikk: Pål Hansen / NRK

Systemkollaps eller taktisk stille

I tillegg har dei teknologiske føresetnadene for kortbanenettet vore eit heitt tema.

Kritikarar har lenge hevda at debatten om framtidas FOT-ruter er prega av at partane på begge sider av bordet er tente med å snakke forbi dei tekniske og økonomiske realitetane.

Resonnementet er som følgjer: Dersom samferdselsministeren seier rett ut at «vi har ikkje fly som kan lande her om fem år», innrømmer han samstundes at staten har svikta i den langsiktige luftfartsstrategien.

På den andre sida: Dersom «flyopprørarane» godtek premissen om at «flya ikkje finst», gir dei samstundes frå seg sitt viktigaste våpen: kravet om at staten skal levere det dei har lova.

Verdsleiande på vedlikehald

Mot dette blir det hevda at Widerøe i dag er verdsleiande på vedlikehald av flytypen Dash 8. Selskapet har program for å forlenge den tekniske levetida til flya med mange år.

I tillegg finst det ein global marknad for brukte flyskrog som kan oppgraderast til norsk standard.

– Eg er heilt trygg på at vi også i framtida vil kunne sikre eit godt og tilgjengeleg flyrutetilbod i heile landet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Han viser til at flya som blir brukte på kortbanenettet i dag – Dash 8 100/200 med 39 sete – er venta å kunne vere i drift heilt fram mot 2040.

Det kan òg vere mogleg å forlenge levetida noko etter dette.

Samstundes jobbar regjeringa med å legge til rette for ei målretta innføring av ny teknologi. Det første testprogrammet med eit batterielektrisk fly er allereie gjennomført, og i 2027 er planen å starte eit nytt testprosjekt med hybridelektriske fly. Slike fly kan på sikt både bli eit alternativ til dagens flytypar og skape nye måtar å flytte varer og menneske på.

Publisert 13.05.2026, kl. 08.11 Oppdatert 13.05.2026, kl. 08.40

Read Entire Article