OL-fabrikken i Nordfjord

1 hour ago 4


Då Bø-brørne la opp, suste to nye nordfjordingar opp i verdstoppen. Korleis vart dette området ein slik eventyrleg talentfabrikk?

Det var duka til fest på Ullsheim stadion 24. juni i fjor.

Bø-brørne hadde nettopp lagt opp, og Markane IL inviterte til takkefest på heimebane.

To fantastiske karrierar var over.

Tarjei og Johannes Thingnes Bø har vunne så mykje at medaljar frå verdscupen er gitt vekk som premie i barnerenn her.

Denne junidagen hadde «bøliebarane» møtt opp i stort monn – ein supportergjeng som tidlegare har hamna i klammeri med både tysk politi og russisk TV for sitt høglydte engasjement.

NRKs journalist spurte om det var leit at gullalderen for skiskyting i Nordfjord kanskje var over.

Men bøliebarane godtok ikkje spørsmålet.

Dette var ikkje eit gravøl. Dei ville ikkje høyre snakk om at gullalderen var over.

For stordomstida tok nemleg berre eit kvarters pause, sånn omtrent.

No har nordfjordingane Maren Hjelmeset Kirkeeide og Johan-Olav Smørdal Botn reist til dei olympiske leikane med ski, børse og ammunisjon i bagasjen.

Kirkeeide fekk ein brutal OL-debut søndag, der pallplassen glapp etter fem bom på siste skyting. Botn går sitt første renn tysdag.

Korleis vart Nordfjord ein ellevill talentfabrikk for skiskyting?

Stål i bein og armar

Langs den 106 kilometer lange Nordfjorden ligg bygder på rekke og rad.

Her bur rundt 30.000 nordfjordingar, som legg si ære i å bere langt, bratt og tungt, utan å gjere noko særleg nummer ut av det.

Omtrent halvvegs inn fjorden ligg bygda Stårheim, heimbygda til Johan-Olav Smørdal Botn.

Olav og Brit-Mari Smørdal Botn har skjenka i kaffi og sett fram dei siste kakene frå jula – ei jul som vart snudd på hovudet.

– Kroppen hans var utsliten. Det var heilt forferdeleg. Det er ikkje rart at han vart sjuk, seier mor.

Foreldra til skiskyttartalentet er heime på kjøkkenet og fortel.

Om det fantastiske miljøet blant skiskyttarane.

Og om den utruleg tøffe oppladinga til OL for sonen.

Drog heim til mor

Johan-Olav skulle eigentleg vere i Lavazé i Italia og trene heile jula.

Men etter at han fann lagkameraten Sivert Guttorm Bakken død på hotellrommet, vart Botn i tillegg ramma av sjukdom.

Han gjorde det einaste fornuftige: drog heim til mor.

– Då han fortalde at han kom heim, vart eg glad. Eg tenkte: Drit i alt, no må du heim. Eg trur det var heilt nødvendig, seier Brit-Mari Smørdal Botn.

En person holder en innrammet bilde av en idrettsutøver, signert med flere autografer. Bildeet viser utøveren iført sportsdrakt, med fokus på utstyret. Omgivelsene inkluderer et rom med en peis og en tv i bakgrunnen. Belysningen indikerer et koselig innemiljø. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

26-åringen hadde ein krutsterk start på sesongen. Han trefte 107 av 110 skot på dei første 6 individuelle verdscuprenna. Slikt skal ikkje vere mogleg.

Etter tragedien Lavazé og sjukdomsperioden har han ikkje nådd heilt opp.

Foreldra må følge med på Dagsrevyen for å få siste nytt frå sonen.

– Vi får vite veldig lite av han, seier mor.

– Ringer han ikkje heim?

– Nei!

NRK har vore i kontakt med sonen i Italia, som kan melde heim til mor at han har det bra, med nok mat og drikke.

En gruppe mennesker står bak en avsperring ved en skiskytterkonkurranse. Flere personer holder opp flagg og viser entusiasme. En av deltakerne, iført konkurranseutstyr, interagerer med tilskuerne. Stemningen er livlig, og det er snø på bakken, noe som tyder på vinterforhold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Johan-Olav Smørdal Botn flytta til Lillehammer for å gå på NTG på vidaregåande. Men det var i løypene ved Harpefossen at grunnlaget vart lagt.

Her i området er det like naturleg å gå på skiskyting som fotball.

– Alle får lov å prøve, det kostar ingenting å vere med. Det synast eg er så fantastisk, seier Brit-Mari Smørdal Botn.

Men skiskyting er ein omstendeleg idrett for barn. Dei får ikkje lov til å ha våpenet på ryggen sjølve. Foreldra må bere våpenet til standplass og lade børsa fram til vidaregåande-alder.

– Det krev ein del av foreldra. Sjølvsagt. Men det er veldig kjekt. Tenk så heldige vi er.

Frå Mauser til heilproft lag

For nokre generasjonar sidan gikk skiskyttarar med grovkalibra Mauser og Krag-Jørgensen-rifler på ryggen.

I 1978 kom dagens våpen og skytelengde, og idretten vart profesjonalisert.

Få år seinare gjorde eit knippe eldsjeler langs nordfjorden eit viktig nybrottsarbeid i norsk samanheng.

Dei oppretta eit privat idrettslag: Nordfjord Team. Slik kunne dei samle trådane og hjelpe talent frå ulike idrettslag.

Dei skapte eit miljø både for breidda og toppane.

I nyare tid har dei tatt det eit steg vidare med landslinja for skiskyting på Stryn VGS.

Der var Maren Hjelmeset Kirkeeide avgangselev for nokre år sidan.

I årevis har Kirkeeide blitt omtala som ein ny «Stryn-komet».

Kanskje har det vore meir ei forventing enn noko anna.

Det ligg iallfall i slekta hennar å vere god.

Heilt greitt

«Skifamilien Hjelmeset» har si eiga Wikipedia-side med detaljert slektstre med idrettsutøvarar. Mest kjend er nok langrennsløpar Odd-Bjørn Hjelmeset, onkelen til Maren.

– Det er fantastisk å sjå kor fort ho er komen i verdseliten.

Orda kjem frå Paul Hatledal, som har vore skytetrenar og ein viktig støttespelar for Maren.

To personer står på et snødekt skiområde, klar til å starte skitrening. Den ene personen iført mørk jakke og blå lue står profilert, mens den andre personen, med ski og staver, forbereder seg til å gli bortover løypa. I bakgrunnen er det skiløyper merket med skilt og trær som omgir området. Det er klart vær med sollys som skaper en lys atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Han står Ullsheim stadion og kikkar på treninga til unge talent.

Maren var ikkje ein betre skyttar enn andre jamaldrande i junior-tida, kan han fortelje.

Men timevis i lag med Hatledal har gjort underverk.

– Det er to ting eg har fokusert på: Å få ei god skytestilling. Og å satse på presisjon framføre hurtigheit.

– Når du ser ho på TV, korleis vil du vurdere skytinga?

– Det er litt opp og ned. Ho var jo kjend for å vere verdas beste ståande skyttar i fjor. No har ho kanskje gått ned ein prosent eller to der. Men så har ho gått opp fleire prosent på liggande.

– Kva er du ser etter då?

– Eg ser no berre på om blinkane dett.

To personer deltar i en skiskyttekonkurranse. Den ene står på ski og nærmer seg skyteområdet, mens den andre ligger ned og sikter med rifle. Omgivelsene inkluderer snødekte områder og reklamebanner i bakgrunnen. Det er tydelige nummererte skiver til høyre for deltakerne. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Suksessoppskrifta er altså ikkje så komplisert. Litt som Maren sjølv. Trygg, roleg og stabil er adjektiv som stadig går att om 22-åringen.

Kanskje er det typisk nordfjordsk: Å klare noko heilt makelaust, utan å lage så mykje oppstuss av den grunn.

Når nordfjordingar skal uttrykke at noko er kjempebra, seier dei gjerne at «det er no heilt greitt».

Fullt hus

Det er berre nokre veker sidan at OL-håpet trente på standplass rett ved sida av barna på den faste onsdagstreninga.

– Ho viser stor idrettsglede, og har det kjekt med det ho gjer, seier Hans Martin Gjedrem.

To personer står i snødekte omgivelser, iført vinterklær. Den ene har på seg en rød jakke og ser på den andre, som holder ski. I bakgrunnen ses snødekte fjell og en bygning. Det er klart vær, og lys fra solen skaper en kald, men klar atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Han er trenar på landslinja på Stryn VGS og har følgt Kirkeeide tett.

– På ein skala frå ein til ti, kor stor del av æra tar de for at det har gått så bra med Maren?

– Ein! Det var eigentleg berre ei glede å få vere med og sjå utviklinga. All ære til Maren, seier Gjedrem

Jamt og trutt har resultata blitt betre.

Faren hennar, Sigbjørn Kirkeeide, trur han kunne tent gode pengar om han fekk betaling for kvar gong han fekk spørsmålet: Når skjønte du at ho hadde det i seg?

– Ho har tatt det gradvis, på si måte, seier faren.

Bildet viser et skilt som ønsker besøkende velkommen til Ulsheim og Markane Idrettslag. Skiltet inneholder fotografier av skiløpere og viser snødekte omgivelser med fjell i bakgrunnen. Det er også et rødt bygg synlig til høyre, som trolig er en del av anlegget. Området er dominert av snø og trær, med skiaktiviteter som bakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Alle NRK har snakka med, kjem med liknande svar om kvifor nordfjordingane har blitt gode:

Godt miljø, dugnadsånd, eldsjeler, gode anlegg og foreldre som stiller opp.

Spe i litt nordfjordsk gjenstridigheit, så har du kanskje oppskrifta på «gullfjorden».

Eit renn er unnagjort i OL, kor Noreg fekk fjerdeplassen på blanda stafett.

No gjenstår ei rekke kraftprøvar.

Det kjem sikkert til å gå «heilt greitt».

Langrennsløpere trener på snøfylte løyper med skilt nummerert fra 11 til 14. Flere personer er synlige, hvorav noen står på ski mens andre justerer utstyr. Omgivelsene består av snø og trær, med en lyseblå himmel som bakgrunn. Scenen tyder på aktivitet i et skimiljø under gode forhold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Publisert 09.02.2026, kl. 21.19

Read Entire Article