Oljefondet har selt seg ut av 11 israelske selskap

4 hours ago 4


Ved utgangen av juni var Oljefondet investert i 61 israelske selskap.

11 av disse har ikkje vore på Finansdepartementet si «handleliste», men selskap fondet sjølv aktivt har investert. No har dei selt seg ut av alle desse 11, opplyser Oljefondet i ei pressemelding.

– Disse tiltaka tek vi i ein heilt spesiell konfliktsituasjon, seier oljefondssjef Nicolai Tangen.

– Situasjonen på Gazastripa er ei alvorleg humanitær krise. Vi er investert i selskap som opererer i eit land som er i krig, og forholda på Vestbreidda og Gaza har forverra seg den seinare tida. Difor styrkar vi aktsomheita vår ytterlegare.

Det er etter tilråding frå Etikkrådet at Oljefondet no har valt å selje seg ut av desse 11 selskapa, som ifølgje pressemeldinga, medvirkar til «alvorlege normbrot knytt til verksemd på Vestbreidda».

– Dette er ei viktig avgjerd. Eg er glad for at banken har følgt oppmodinga og handla raskt, seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap).

Publisert 11.08.2025, kl. 15.43 Oppdatert 11.08.2025, kl. 15.59

Read Entire Article