Da boka «Ona fyr» kom i 2001, spreidde omgrepet hårete mål seg (kor kjem dette med håret frå?) i rekordfart gjennom Noreg.
På norske kommunehus lot ein seg inspirere til mål om å bli best i landet på både det eine og det andre.
Kommunane blei så langhåra at kritikarar i dag kallar det «heilt vanvitig» og «bullshitifisering».
Men kva har dei hårete måla gjort med Noreg?
Boksensasjon
Ingebrigt Steen Jensen skreiv «Ona fyr» i 2001. Ei snedig bok om visjonar, verdiar, viktigheita av ei stamme – og ikkje minst: store, hårete mål.
Boka selde sensasjonelle 150.000 stykk, ikkje langt bak Lars Saabye Christensen og «Halvbroren» på bestseljarlista.
«Ona fyr» trefte Noreg såpass hardt at fyret snart fekk eige frimerke.
Foto: Birger MorkenForfattaren hadde sjølv hatt suksess med hårete mål:
I 1990 låg Stabæk Fotball i 4. divisjon, med så få på tribunen at speaker Steen Jensen kunne seie:
«Velkommen til kamp mellom Stabæk og Skjåk. Vi ønsker bortelag og dommere velkommen, og også Peder Madsen, Arne Stegerød, Helge Johansen og dere to der borte som jeg ikke vet hva heter».
Dei sette seg no målet at klubben skulle spele cupfinalen på Ullevaal i 1995.
Det skjedde ikkje.
Men i 1998 vann Stabæk cupfinalen 3–1 mot Rosenborg, eit lag som hadde spelt kvartfinale i Champions League året før.
«Vi klarte det!» Ingebrigt Steen Jensen feirar cupgull med tomålsscorar Helgi Sigurdsson.
Foto: NTBTre år seinare kom bestseljarboka, samtidig som Steen Jensen sjølv reiste Noreg rundt for å lære bort hårete mål.
Hårete eksempel
Boka og foredraga sette spor. Nokre eksempel frå norske aviser:
2003: Det store hårete målet til ordføraren i Leksvik kommune er å byggje tunnel under Trondheimsfjorden.
2003: «Store og hårete» mål kan gjere Nes kommune til noko verkeleg spesielt – og at alle vil flytte til bygda.
2005: Lenvik kommune bør ha som hårete mål å bli best i Noreg på grunnskule.
– Lenvik vil bli best i Noreg på grunnskule.
Grafikk: Folkebladet / NRK2006: Brønnøy kommune set seg eit ambisiøst og hårete mål: Bli best i landet på ungdomsarbeid.
2006: Aure kommune bør ha som hårete mål å bli best på informasjon!
– Bullshitifisering
Ikkje alle er like begeistra for store, hårete mål. På Stortinget meiner rikssynsar Mimir Kristjansson (R) det heile er tomt språk.
– Hårete mål er berre eit uttrykk for ei bullshitifisering av samfunnet.
– Steen Jensen var reklamemann, og reklamespråk tar meir og meir over den offentlege samtalen, med «purpose» og «why» og slike omgrep.
Utan hårete mål brukte Viking 24 år på å igjen vinne serien. Kristjansson er han med passe hårete overkropp til venstre.
Foto: Helge Mikalsen / NTB– Ingenting tyder på at det å setje hårete mål er ein garanti for at noko skjer, seier Kristjansson.
Han viser til dømes på klimamåla.
– Det blir sett enorme og vanvitige klimamål. Og når ein ser at ein ikkje når målet, set ein berre enda høgare mål, meiner Kristjansson.
Raudt-politikaren peikar blant anna på den såkalla månelandinga til Stoltenberg-regjeringa, der det hårete målet var å utvikle teknologi for fangst og lagring av klimagassar på Mongstad innan sju år.
«Dette er vår månelanding», sa Stoltenberg i nyttårstalen 2007.
Illustrasjon: Montasje: Webjørn S. Espeland / NRK– Det enda opp med å ikkje fungere, seier Kristjansson oppgitt, før han blir enda meir engasjert – når han kjem inn på kommunar med hårete mål.
Alzheimer
I 2001 var «Ona fyr» ein overraskande suksess lik vedboka til Lars Mytting ti år seinare. Boka handla ikkje om handfast kløyving og stabling, men var fylt med Jensens reklame- og livstankar:
«Det vi elsker er ikke å reise, men å komme frem.»
«Hadde ikke mottoet «seire ved å dele» vært opptatt, skulle jeg tilbudt det til Arbeiderpartiet i dag. Så slapp de å lure på om velferd er viktigst.»
Størst av alt i «Ona fyr» var dette med store, hårete mål.
Thomas Fure / NTB
Geir Aker, favorittfenrik i Noreg
Funkar «store, hårete mål»?
Fenriken er ikkje i tvil:
– Å ikkje ha eit mål blir litt som å legge ein gummistrikk på golvet. Det er ganske livlaust.
Aker meiner at å setje seg mål blir som å plukke opp strikken, sikte og skyte den med ein linjal på målet. Aktiv versus passiv haldning der, altså.
– Det viktige er å setje rett mål for seg sjølv. Alle skal ikkje på ekspedisjon. Men alle skal ein stad.
Privat
Jan Ketil Arnulf, leiingspsykolog og professor BI
– «Hårete mål» er slik management-floskel som det vrimlar av. «Fram i skoa» og «vere svolten» lyder fint på kick-off, men spørsmålet er: «kva betyr det?».
Arnulf meiner det kan ha ein effekt så setje store mål, men at det også kan vere svulstig og uforpliktande.
– Svulstig preik er ei motegreie med visse uttrykk no, og så noko anna om to-tre år. Det blir fort flosklar som blir til bullshit.
Anders M. Leines / NRK
Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen
– Store mål kan brukast som ein felles motivasjon, som ein dugnad.
Også filosofen peikar på månelandinga til Stoltenberg.
– Den framstormande statsministeren som sette eit ambisiøst, hårete mål. Ei entusiastisk tru på at me skulle klare dette saman, litt som Gro med «Det er typisk norsk å være god».
Anders M. Leines / NRK
Filosofiprofessor Arne Johan Vetlesen
Vetlesen peikar på at sjølv om prosjektet med gassreinsing ikkje gjekk, så tok det kanskje folket i «ei riktigare retning enn den vi var på».
– Stoltenberg har i ettertid innrømt at månelandinga blei eit mageplask. Spørsmålet er: At måla ikkje blir nådde, er det i så fall det som er problemet?
Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Aune Sand, verdsgallerist
– I staden for hårete mål: Søk det magiske, det mystiske. Lev i ei drøymeverd og opplev naturen.
– Du har ikkje sett deg mange store, hårete mål i livet?
– Nei, men eg tenker eg skulle vore mykje modigare. Og følgt instinktet og draumane, og ikkje lytta til alle dei som står med sure nebb og kastar spy.
– Og det største ein opplever er å sjå lukka i andre sine auge.
Det er noko forfattaren framleis er overtydd om:
– Eg har som ambisjon å bli verdas første menneske som har blitt frisk av Alzheimer, sa han da han blei sjuk for fem år sidan.
Og han er umiskjenneleg fresk i telefonen.
– Hva slags dialekt er det du snakker? Skal vi se, Telemark? Bø? er det første Ingebrigt Steen Jensen seier.
Det er nøyaktig korrekt.
– Hah, var ikke det bra! Husk at jeg har Alzheimers, haha!
Dette lover bra. Eg set kursen mot Stabæk, for å møte han som var omtalt som den første norske popstjerna innan foredrag.
Men først ein tur til øya som boka hadde i tittelen.
Ona har dei siste åra hatt eksplosiv auke i fastbuande: Frå 13 til 17 – ei auke på over 30 prosent. Resten av husa er feriehus.
Foto: NRKOna
Til liks med Steen Jensen, har Ona hatt tøffe år i det siste. Der reklamemannen gradvis mistar identitet knytt til talegåvene, mista Ona brått stadsidentiteten:
Med Senterpartiet i regjering fekk Ona i februar 2025 lov til å tilhøyre Romsdal, som dei har gjort i mange hundre år. Men kakefeiringa var knapt over da Kjersti Stenseng (Ap) som fersk kommunalminister sende dei til Sunnmøre og Ålesund.
– Verdsrekord i saksbehandlingstid, seier nokon på øya syrleg.
Onaværingane føler seg også litt lurte av Ingebrigt Steen Jensen.
Arne Heggdal har sykla 5000 km med trehjulingen på Ona, der det er 1,3 km veg.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK– Eg har boka heime. Det var berre tull, eg fann ingenting om Ona fyr! seier Arne Heggdal.
Han får støtte av Kirsti Mathilde Thorheim.
– Ja, eg ler, det står berre seks liner om Ona. Eg trur mange blei lurt av tittelen da dei kjøpte boka.
Hilde Sørmoen på strikkekafeen «To runde pinner og Glade kopper». Her samlast befolkninga gjerne til lunsj og ettermiddag.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRKKafevertinne Hilde Sørmoen trur likevel at boka «Ona fyr» har hatt stor effekt for besøk til Ona.
– Det kjem støtt folk hit med boka under armen. Og poenget med fyret som ei leiestjerne er jo ikkje dumt, meiner ho.
– Har du sjølv sett deg slike store, hårete mål?
– Det må ha vore å flytte hit og drive kafe på ein stad med 17 personar, ler Sørmoen.
Hår-Noreg
Nordmenn er tydeleg endra. For nokre tiår sidan var me eit nøysamt og sparsamt folk, no er me blant dei rikaste i verda.
Medan norske hytter gjerne var små og enkle på 1980-talet, var snitthytta på 99 kvadratmeter i 2025.
Marianne Isaksdatter Triumf/NRK og Gorm Kallestad/NTBNoreg var prega av nøktern tankegang og positivt syn på jantelova.
Så kom altså desse store, hårete måla. Steen Jensen reiste mykje rundt på workshop i norske kommunar på denne tida.
2003: Det store hårete målet er 1000 nye arbeidsplassar i Sunnfjord innan 2008.
2003: «Store hårete mål» er at Sokndal kommune skal satse så kraftig på kultur at det blir lagt merke til over det ganske land.
2005: Hårete mål; Visjonen om å gjere Brønnøysund til festivalby nummer éin i Nord-Noreg.
– Rennesøy vil bli best på tenestetilbod i Noreg.
Faksimile: Bygdebladet, 2008 / Bygdebladet, 20082008: Som «hårete mål» har rådmannen uttalt at Rennesøy kommune sitt tenestetilbod skal bli best.
– Best i Noreg
Mimir Kristjansson er varm under håret no.
– Det er jo heilt vanvitig, altså!
– At til dømes Lenvik kommune skulle bli best på grunnskule. Nei! Det er ikkje eit noregsmeisterskap. Alle kommunar skal vere om lag like gode.
Mimir Kristjansson har veldig lite til overs for store, hårete mål.
Foto: William Jobling / NRKRaudt-mannen meiner at tankegangen er ein del av «den moderne konkurransestaten, med rangeringar av alt».
– Det held ikkje berre at ungane går i ein bra barnehage. Dei må gå i den beste barnehagen. Det held ikkje for Noreg å lære ungane våre å lese, som me for øvrig slit med å få til, men me må bli best i verda på det.
Han trur ikkje «store, hårete mål» kan ha noko for seg som styringsreiskap for kommunane.
– Nei, dersom eg bur i Lenvik, treng eg ikkje at dei er betre enn andre kommunar på grunnskule. Eg treng berre at det er bra på skulen.
Bekkestua
Ingebrigt Steen Jensen er også endra, der han tar imot i si nye leilegheit over Bekkestua stasjon.
Med nøklane rundt halsen og fersk bokutgiving, er Ingebrigt Steen Jensen stadig positiv, trass Alzheimeren.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK– Her har eg alt eg treng i kort radius: Nadderud stadion, biblioteket, polet, matbutikkar og supporterpuben Onkel Blaa, seier han nøgd.
For 25 år sidan var han den best-talande og mest-talande mannen i Noreg. (Som USA-trenar Bob Bradley sa da han overraskande blei Stabæk-trenar: «Everyone who has met Ingebrigt knows he's very convincing»).
I 2001 fylte Clinton og Steen Jensen Oslo Konserthus med 14.000 tilskodarar som hadde betalt billettar til 8000 kroner.
Faksimile: NRKNo stotrar Jensen og fell av midt i resonnementa. Samtidig sit ein del passasjar frå «Ona fyr»-boka, som han jo har hamra ut i tusenvis av foredrag dei siste 25 åra.
– Kvifor trur du boka trefte så?
– No må eg ikkje overdrive ... Ho trefte fordi ho ... Fordi ho hadde ein energi, ei kraft, ein vilje. Når me fekk høyre kor mykje den boka brukast i næringsliv, og ikkje minst i offentleg sektor, så var det ... sterkt, seier han.
«I gode augneblink trur eg boka forandra Noreg», skriv Steen Jensen i oppfølgaren «Ona fyr 2», som kom i fjor.
– Kva kan du seie om «Ona fyr 2»?
– Den er dårlegare enn den første, haha!
Reklamemannen er framleis opptatt av å vere ærleg, sjølv om han kanskje ikkje er like ivrig seljar.
Funkar det med store, hårete mål?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Målstyraren
Kristin Clemet (H) får gjerne æra eller skulda for at ein begynte med målingar i skulane, da ho var undervisningsminister i 2003 – rett etter Steen Jensen gjorde hårete mål populært i Noreg.
– Me brukar mål- og resultatstyring i offentleg sektor i Noreg, så alle styrer etter mål, seier Clemet i dag.
Kristin Clemet er leiar i den liberale tenkjetanken Civita, og medlem i den mykje omtalte Nobelkomiteen.
Foto: Håkon Mosvold Larsem / NTBHo er opptatt av kva slags mål det skal vere: overordna mål eller mange detaljerte mål. Og om måla skal vere noko alle (lett) kan nå, eller mål alle må strekke seg etter.
– Og skal me setje urealistiske mål som såkalla «nullvisjonar», som null drepne i trafikken eller null mobbing i skulen? Er det noko poeng?
Clemet peikar på at mål kan brukast som motivasjonsfaktor, for å bli best til eitt eller anna eller å bli betre enn før.
– Kanskje til og med Raudt set seg mål for talet på medlemmar eller valresultat – og kanskje det motiverer? seier Høgre-kvinna.
Motstand
På ytre venstre er ikkje Mimir Kristjansson imot at folk set seg store mål.
– Men det er noko med heile språket her, og trua på at ein kan lage ein god PowerPoint og fake det, det lid nok vårt samfunn litt av. Det visar mangel på å vere nøktern.
Han meiner for store mål i politikken er livsfarleg.
– Innan klima har måla i seg sjølve blitt demobiliserande for folk, fordi dei er så urealistiske at ingen lenger tør å tru på dei. Og folk mistar trua på politikarane.
Allereie i 2006 gjekk forskar Lars Klemsdal til kamp mot det han kalla «visjonshysteriet».
Workshop i Oslo rundt tusenårsskiftet: Med kvite labfrakkar og notatblokker på jakt etter hårete innovasjon.
Foto: Lisenskontrolløren / NRKHan rådde leiarar til å tone ned seminar og workshopar der ein skulle vere innovativ, «hot» eller «ha hårete mål».
– I beste fall er det verknadslaust. I verste fall tar det kverken på arbeidslysta, hevda arbeidslivsforskaren.
Kristjansson trur at slike mål er best innan idrett.
– Eg trur det er ei ulempe at idrettsbransjen, som er veldig spesiell og handlar om konkurranse, blir meir og meir leiande for andre sektorar. Tenk kor ofte den mentale coachen til Bodø /Glimt held foredrag.
Champions League
Ingebrigt Steen Jensen har halde mange foredrag om Ona fyr.
– Kvifor blei det Ona i tittelen?
– Det heilt tilfeldig, haha! Eg hadde fått ein jobb av nokon frå Ona, så tok eg med folka på jobben.
Vidsyn frå Ona fyr.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRKSå det blei seminar på Ona, der dei grunnla reklamebyrået Dinamo.
Det neste seminaret deira, i Barcelona, blei namngitt Ona-2.
Selskapet med dei store måla hadde lenge ein veldig vekst, men gjekk dunken før dei fekk dratt på det mykje omspøkte Ona-9-seminaret.
Andre selskap som Steen Jensen skrytte mykje av i boka er Ikea, Nike og særleg Nokia.
– Heller ikkje Nokia har det gått så bra med?
– Da eg heldt foredrag rundt tusenårsskiftet, rekte alle opp handa når eg spurte kor mange som hadde Nokia-telefon. Men så kom iphone, ja.
Det gjekk heller ikkje bra med det neste hårete målet Steen Jensen og Stabæk sette. I 2008 skulle dei nemleg spele semifinale i Champions League mot Barcelona på nye «Blue Dream Arena». Med Bruce Springsteen som oppvarming.
Det skjedde ikkje.
Men i 2008 vann Stabæk derimot sitt første seriegull.
Steen Jensen hjelpte blant anna Åndalsnes og Rauma kommune med sin visjon: «Verdas beste kommune for friluftsglade folk».
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK– Hår for moro
– Kvifor burde kommunar sette seg sånne store, hårete mål?
– Eigentleg er kortversjonen at alle burde gjere det. Det er eit verktøy. Som er enkelt å forstå, kraftfullt og beviseleg effektivt. Det kan eg sjå deg i auga og seie. Sånn er det. Både idrettslag, kommunar, bedrifter og skular treng å ha dei omgrepa oppe og stå.
– I tillegg treng du eit stort ..., Steen Jensen fomlar litt med orda.
– Eit «more», ein visjon. Og ein må lage den visjonen sjølv. Du kan ikkje ringe til ... Steen Jensen, for det ... må komme innanfrå.
– Men kor kom ordet hårete frå?
Ingebrigt Steen Jensen meiner han fekk det frå Harvard Business School, og frasa «Big, hairy, audacious goals». Audacious tyder modig.
– Det med hårete trur eg var mest for moro skuld. Og så var det jo frå Harvard, ingen av oss ville setje oss til dommar over Harvard, at dei liksom ikkje visste kva dei dreiv med, humrar han.
– Eg trur det at hårete er rart og morosamt, gjorde at det festa seg i Noreg, ler Steen Jensen.
Ona fyr blei tent første gong i oktober 1867. Fyrlykta var så moderne at den først blei stilt ut på Verdensutstillinga i Paris i 1867, før ho blei frakta til Ona.
Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRKNRK presiserer: Me har tatt kontakt med Bodø/Glimt-trenar Kjetil Knutsen om hans syn på «store, hårete mål». Til liks med Jürgen Klopp har me ikkje fått svar på førespurnaden.
Publisert 21.03.2026, kl. 19.57 Oppdatert 22.03.2026, kl. 08.16




























English (US)