Statsforvaltaren i Agder har oppheva endå eit vedtak om bygging i strandsona i Agder.
Denne gongen dreiar det seg om eit ektepar som hadde fått lov til å rive ei hytte på Eivindsholmen i Blindleia og bygge ei ny.
Hytta ligg i hundremetersbeltet og ekteparet kjøpte den for 12,5 millionar i 2024. I 2025 gav Lillesand kommune dispensasjon til å rive den gamle hytta og bygge ei ny. Den nye hytta var litt større enn den gamle, men kommunen peika på at den var meir tilbaketrekt og sa difor ja til utbygging.
Etter dette har Statsforvaltaren i Agder gjort ein stor gjennomgang av saker der kommunane har gjeve dispensasjon til å bygge i strandsona. Det skjedde etter at Kari Nessa Nordtun og familien fekk bygge i strandsona i Farsund. Eivindsholmen er eit av vedtaka der Statsforvaltaren har oppheva vedtaket frå kommunen.
Statsforvaltaren har gått gjennom åtte saker og til no er fem av vedtaka oppheva. I eit av tilfella var det kommunen sjølv som oppheva vedtaket.












English (US)