Opprørske nonner okkuperer eit gammalt kloster

1 day ago 2


Lenge var nonnene i Klarisser-ordenen berre kjende for sine mojitofylte sjokoladetrøflar. Det endra seg i mai i fjor, då åtte av dei tok eit dramatisk oppgjer med Den katolske kyrkja.

I eit 70 sider langt manifest forkasta dei den offisielle kyrkjeordenen, og erklærte at dei heller følger den ultrakonservative, og utestengde, biskopen Pablo de Rojas Sánchez-Franco.

Sidan har nonnene etablert ein sjølvstyrt orden innanfor sine eigne klostervegger, og nekta å innordne seg verken paven eller domstolane.

– Vi erkjenner domstolens vurdering, men vi lever berre i tråd med Guds dom, sa ei av nonnene, søster Paloma, under rettssaka denne veka, skriv The Times.

Åtte nonner som sit bak gitter.

Nonnene held pressekonferanse i klosteret sitt.

Foto: CESAR MANSO / AFP / NTB

– Megaloman karakter

I manifestet sitt skulda nonnene kyrkja for å ha sabotert eit planlagt kjøp av det som ville bli ordenens tredje kloster, og fordømte det dei kalla Vatikanets «doktrinære kaos» og «motseiingar».

Brotet blei sett på som eit klart skisma. Nonnene blei raskt bannlyste frå Den katolske kyrkja. De Rojas stod klar med opne armer.

De Rojas blei kasta ut av Den katolske kyrkja i 2019 for å hevde at kyrkja hadde utvikla seg i «satanisk retning» dei siste 70 åra, og ikkje anerkjenne nokon pave sidan då.

– Han er ein megaloman karakter. Alt tyder på at han utnytter ein sårbar situasjon for å framstille seg sjølv som ein frelsar av nonneordenen og Den katolske kyrkja, seier teolog og sekt-ekspert Luis Santamaria til avisa El Periodico.

Ein biskop med strengt blikk.

Pablo de Rojas er ein kontroversiell figur.

Foto: Instagram / Pia Unio Sancti Pauli Apostoli

De Rojas nektar for at han har vore involvert i noka sekt.

Sjølv omtaler han seg sjølv som keisarleg hertug, fyrste av Det heilage romerske riket og fem gongar høgsteadel av Spania, skriv El Plural. Han er knytt til Opus Dei, ein katolsk konservativ organisasjon som har vore involvert i fleire kontroversar.

Kappløp om kloster

Erkebiskopen av Burgos, Mario Iceta, trua med å kaste nonnene ut frå Santa Clara-klosteret, der dei har halde til sidan 1400-talet. Vatikanet meldte seg også på, og utpeika ein eigen paveleg kommisjonær for å overta leiinga av klosteret.

I fjor sommar fekk nonnene nyss i at erkebiskopen planla å ta ekstranøklane til vaktmeisteren deira og bytte lås på to av klostera, skriv The New York Times.

Då heiv to av dei seg i bilen, ein kvit Nissan, og suste av garde.

– Dei køyrde som galne, seier medsøster María Belén de la Trinidad til avisa.

Ei nonne står omringa av journalistar med mikrofonar opp mot ansiktet hennar.

Søster Laura Garcia de Viedma snakkar med pressa på veg inn i rettsmøtet.

Foto: CESAR MANSO / AFP / NTB

Då dei endeleg kom fram til klosteret, var låsen skifta og alle dører barrikaderte frå innsida. Men nonnene fann ei open bakdør, sneik seg inn og tok tilbake kontrollen.

Sidan har dei i praksis okkupert klostera sine.

Gjekk rettens veg

I september 2024 gjekk Den katolske kyrkja til sak mot nonnene og bad om utkasting.

Denne veka fekk dei medhald frå domstolen i Briviesca.

Advokatane til nonnene seier at ei kjem til å anke dommen, skriv den katolske avisa The Pillar.

Om nonnene nektar å forlate klosteret, kan den spanske sivilgarden flytte dei med tvang, står det i rettsskrivet frå domstolen, som AFP har fått tilgang til.

Sjølv har ikkje nonnene bestemt seg for om dei skal innfinne seg den endelege dommen. Det vil dei avgjere i fellesskap, seier advokatane deira.

Publisert 02.08.2025, kl. 19.19

Read Entire Article