Oppvask etter rekning på 460.000: Juletregåva til Skottland kan bli skrota

1 day ago 13


Nyleg vart det kjent at Vestland fylkeskommune fekk rekning på nær 460.000 kroner for den årlege juletregåva til Edinburgh.

Treet var hogd lokalt i Skottland.

Politikarane i Vestland hadde ikkje peiling på at treet vart så dyrt.

– Alarmen har gått i Edinburgh om at Askeland er hissig og ill, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

No har fylkesutvalet bestemt at det blir full oppvask av juletregåva – i tillegg til gjennomgang av alt samarbeid knytt til næring, utdanning og kultur.

Jon Askeland

Hissigproppen Jon Askeland har gitt kraftig beskjed til Edinburgh.

Foto: Bård Siem

Askeland «kjefta seg opp og var ikkje spesielt blid» overfor skottane, seier han.

Det er likevel ikkje endeleg bestemt at juletregåva blir skrota.

– Men det kan godt hende at juletretradisjonen skal gå mot ein ende, seier han.

Det blir uansett ikkje fleire juletre til 460.000 kroner. Askeland trur Edinburgh no angrar seg.

– I bytte mot dette kunne vi fått Orknøyane og Shetland tilbake. Det kunne vore ein grei deal, seier han med glimt i auget.

NRK har vore i kontakt med styresmaktene i Edinburgh fleire gongar, men dei har framleis ikkje gitt svar på kvifor treet vart så dyrt.

Ville stoppe alt samarbeid

– Vi kan ikkje fortsette med dette. Det er heilt uforståeleg.

Det seier Terje Søviknes frå Framstegspartiet, som foreslo å skrote heile juletregåva og alt anna samarbeid.

– Eg håper inderleg ikkje at vi skal fortsette på denne galeien, seier han.

Forslaget til Frp vart nedstemt i fylkesutvalet, og fleirtalet vedtok å gå i samtale med Edinburgh om heile samarbeidet.

Juletre Edinburgh

Sidan 2008 har juletreet blitt hogd lokalt i Skottland. Her frå eit tidlegare år.

Foto: Vestland fylkeskommune / NRK

Men også Askeland er samd i at samarbeidet om kultur og utdanning kostar meir enn det smakar.

– Det var eit veldig bredt og godt samarbeid for nokre år sidan, men dei seinare åra synest eg at vi har fått lite igjen, seier han.

Politikarane vedtok å betale for juletreet med pengar dei har på bok.

Dei har ennå ikkje betalt for gåva, og kanskje kan det bli billigare, ifølge hissigproppen frå Vestland.

juletreregning Edinburgh

Håpar på ny start

Den uavhengige representanten Bjarte Helland var blant fleirtalet som stemte ja til full gjennomgang av samarbeidet, men ønsker ikkje å sette strek.

– Eg synest det er svært uheldig å avslutte tradisjonen i eit feiringsår, seier Helland.

I år er det nemleg 80 år sidan andre verdskrig var over.

– Eg håper dette kan vere starten på eit godt og større samarbeid med Edinburgh og skottane, sa Stian Davies (Ap), som la fram forslaget som fekk fleirtal.

Vestland gir også juletre til Orknøyane. Treet blir hogd i Grimstad og kosta 20.000 kroner i fjor. Dette held fram.

Publisert 05.06.2025, kl. 18.01

Read Entire Article