Over 600 sjukehustilsette: Fryktar nedleggingar som følgje av omstridd journalsystem
1 month ago
16
Ein ny rapport slår fast at tilsette ved sjukehusa i Møre og Romsdal er svært kritiske til innføringa av Helseplattforma.
Forskarar har intervjua nesten 700 tilsette etter eit knapt års drift. Deler av resultatet er bekmørkt:
94 prosent svarar at dei fryktar at utgiftene til det omstridde journalsystemet har blitt så store at det kan føre til at institusjonar og avdelingar må stengje.
«Det er en hån mot skattebetalere og innbyggerne å tviholde på dette pengesluket som ALDRI kan bli brukbart eller effektivt i klinisk bruk. Helsetjenester kommer til å legges ned og helsepersonell i regionen slutter eller blir sykmeldt. HP er pest for helsevesenet», har ein lege skrive.
Det er både legar, radiografar og administrativt tilsette som har svart på undersøkinga, og legane er klart mest kritiske.
– Føretaket har eit historisk underskot, og med den erfaringa vi har frå tidlegare år, veit vi at det finst ikkje andre utvegar enn å legge ned ting, seier Igor Jokic, som er hovudtillitsvald i Helse Møre og Romsdal.
Han vil ikkje seie kva for avdelingar eller tilbod han konkret er uroleg for.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK
Verken sjukepleiarane eller bioingeniørane i Helse Møre og Romsdal har ønskt å svare på undersøkinga:
Forskarane ved Høgskulen i Volda har bedt nesten 700 tilsette om å svare på om dei er einige i ulike påstandar:
Nesten 50 % er litt eller heilt einige i at dei brukar mindre tid på pasientar
Over 80 % meiner Helseplattforma går heilt eller litt ut over pasienttryggleiken
90 % meiner arbeidsoppgåvene deira tek lengre tid
Nesten 50 % svarar at dei ofte eller svært ofte opplever tekniske problem
Over 90 % er kritiske til prosessen i Helse Midt-Noreg før innføringa
Over 90 % seier det har gått ut over arbeidsmiljøet
– Alle utfordringane varer ved
Kritikken mot Helseplattforma er ikkje ny.
Dei tilsette har ropt varsku i lang tid. I haust la Riksrevisjonen fram ein knusande rapport, der det blei slått fast at innføringa av Helseplattforma har truga pasienttryggleiken.
Hovudtillitsvald Igor Jokic meiner det likevel resultata i undersøkinga er viktige.
– Sjølv eitt år etter innføringa er vår oppleving heilt lik som i utgangspunktet. Alle utfordringane varer ved.
– Mykje av dette er jo kjent frå før, er det noko poeng å gjenta dette?
– Vi har opplevd å ikkje ha blitt høyrt tidlegare, vi opplever å ikkje bli høyrt undervegs, difor blir det viktig for oss å gjenta bodskapen. Vi er redde for at vi misser store deler av helsetilbodet dersom ingen forstår kva situasjon vi står i, seier han.
– Men bør de ikkje heller sjå framover?
– Det er vanskeleg å fokusere på det positive med så store underskot og med truslar om nedlegging av funksjonar, seier han.
Styreleiar i Helse Midt-Noreg, Odd Inge Mjøen, vedgår at det har vore krevjande.
– Mitt styre har det overordna ansvaret for val av system. Det største grepet vi gjer er å forbetre løysinga, og det gjer vi saman med tilsette på kvart sjukehus.
– Kva har styret i Helse Midt-Noreg lært av prosessen?
– Vi har lært ein god del ting. Det eg trur alle vedgår, er at tida for innføringa og dei utfordringane som vi venta, tok mykje lenger tid enn det som var planlagt i utgangspunktet. Det trengtes mykje meir opplæring av dei tilsette, seier han.
Styreleiar Odd Inge Mjøen i Helse Midt-Noreg vedgår at det har vore krevjande å starte opp Helseplattforma.
Foto: Eivind Aabakken / NRK
Ber om meir pengar frå helseministeren
Igor Jokic etterlyser meir pengar frå regjeringa. Han viser til at Helseplattforma har blitt testa i Midt-Noreg, for å sjå om systemet kunne fungere også for resten av landet.
– No har vi prøvd dette ut med dei alvorlege økonomiske konsekvensane det har fått for heile regionen, difor tenkjer eg at helseministeren må på banen og hjelpe oss ut av den situasjonen vi er i no, seier han.
NRK har stilt helseministeren fleire spørsmål, men har så langt ikkje fått svar.
Hovudtillitsvald Igor Jokic meiner helseministeren må legge nye pengar på bordet.