– Det er mykje meir heimekoseleg her enn der eg budde før, seier studenten Sara Bruvik.
24-åringen frå Tromsø studerer i Sogndal. Etter to år i studentbustad, flytta ho inn i eit privat utleidd kollektiv i fjor haust.
Og her skal ho halde fram med å bu, heilt til ho er ferdig med studia.
– Det er dei beste staden eg har budd og eg har aldri vore så lite på rommet før no, fortel Bruvik.
- Vi har fått så mange tilbakemeldingar på at folk synest at det er utruleg koseleg her, fortel Sara Bruvik.
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRKHåper at gratis middagar skal hjelpe
NRK har tidlegare skrive om at tusenvis av studentar står i kø for studentbustad.
Likevel står over 1600 bustader ledige no i februar.
Dette viser tal NRK har henta inn frå studentsamskipnader i heile landet.
I Sogndal står 30 bustader tomme i Sogndal, litt over 10 prosent av alle studentbustadane der.
Derfor har Saman no prøvd ut eit nytt tiltak. Dette blei først omtala av Sogn Avis.
Dei tilbyr ti gratis middagar frå Saman si kantine til dei som ønsker å leie ein av dei ledige hyblane frå april.
Monica Solheimsnes
Myndigheits- og samfunnskontakt i Saman.
– Vi prøver å tiltrekke oss dei studentane som allereie bur privat, og håper at dei da vil flytte inn frå hausten av, fortel samfunnskontakt Monica Solheimsnes i Saman.
Kampanjen starta i januar og det har ennå ikkje ført til at nokon vil leie. Solheimsnes fortel at det er for tidleg å seie om kampanjen vil ha effekt.
Vaskesjekk, framande og lite å spare
Bruvik og resten av kollektivet har alle budd i studentbustad tidlegare, og vil ikkje tilbake.
Ane Aga Fuglestad (t.v.), Sara Bruvik og Evelin Mittermeier fortel at dei endeleg kan invitere til pizzakveld no som dei bur privat.
Foto: Eikrem Julianne Kyoo-Ree / NRKDei synest først og fremst at det er kjekkare å bu med nokon dei kjenner, men trekker fram at prisen er tilnærma lik og at hybelvertar frå Saman krever at dei vaskar fellesarealet kvar måndag.
Om fellesareala ikkje blir vaska, får leietakaren ein sjanse til, før ein til slutt får bot av samskipnaden.
– Vi har meir eigarskap når vi leier privat. Da kan vi gjere kva vi vil og slepp å forhalde oss til reglane til hybelvertane, fortel Evelin Mittermeier.
Studentane fortel at dei samlar på artige sitat og heng klistrelappar på veggen.
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRKDei sett pris på at dei har høve til å bestemme heilt sjølv korleis leilegheita skal sjå ut.
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRKSogndalsstudentane flytta saman i haust
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRKStudentane er veldig glad for at dei har solvendt vegg.
Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK
Styreleiar Sjur Selsvik i Saman fortel at det er ei utfordring å konkurrere med den private marknaden.
– I Sogndal har antalet studentar gått ned. Samstundes har vi har vore med på å dempe prisene på den private leiemarknaden, utdjupar Selsvik.
Trass i at prisane er nokså like, seier han at det ikkje er mogleg for samskipnaden å senke prisane sine enda ytterlegare.
Da vil dei gå i minus.
– Vi har likevel ikkje bygd for mange bustader. Det er etterspurnaden etter hyblar i kollektiv som har gått ned, meiner Selsvik.
I Sogndal er det mest populært å bu i 1-romsleilegheit.
Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRKStudentsamskipnadene i både Trondheim, Agder, Ås og Molde opplyser om at det er fleire utvekslingsstudentar om hausten enn om våren, og dermed står fleire studentbustadar ledige på vårsemesteret.
Vil framleis bygge fleire bustader
Sigve Næss Røtvold er leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO). Dei ønsker å bygge fleire studentbustader i landet.
Leiar Sigve Næss Røtvold i Norsk Studentorganisasjon jobbar mot ein dekningsgrad på 20 prosent som bur i studentbustader i alle studentbyar.
Foto: Skjalg Bøhmer Vold / Skjalg Bøhmer Vold / NSOAkkurat no meiner NSO at det manglar fjorten tusen studentbustader.
Røtvold seier at det er naturleg at behovet varierer i dei ulike byane.
– Enkelte stader i landet er det tomgang fordi ikkje finst nok studentar som ønsker å bu i ein studentbustad. Men der det er press, er det framleis køar.
Leiaren påpeiker han at studentbustader har andre funksjonar enn berre å huse studentar.
– Studentbustadene er viktig for å presse prisane ned på den private leiemarknaden, som gjer at presset blir mindre i dei store byane.
Publisert 09.02.2026, kl. 05.41














English (US)