Ifølgje den ferske tiltalen mot bergensaren brukte han systematisk Mental Helse sitt forum for å kome i kontakt med fleire unge jenter.
Mental Helse kallar handlingane kyniske.
– Dei med vonde hensikter prøver å finne sårbare menneske, spesielt unge menneske. Og at dei då går direkte på sider der dei veit at ein kan få kontakt med sårbare unge menneske, det er for oss heilt forkasteleg, seier Kristin Bergersen, kommunikasjonssjef i Mental Helse.
Det er uvisst korleis mannen stiller seg til tiltalen. Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå mannen sin forsvarar, Ivar Abrahamsen.
– Vondsinna
Interesseorganisasjonen vart i oktober 2024 varsla om kva som føregjekk på plattforma deira. Mental Helse starta eigne undersøkingar og kontakta Kripos. Det som dukka opp både overraska og sjokkerte.
Sidan sommaren 2024 skal mannen i 20-åra ha brukt forumet til å kontakte unge jenter.
– Slik som internett er, så er det vanskeleg å beskytte seg mot alt, men vi kan i alle fall gjere vårt for at born og unge ikkje blir utnytta av menneske med vonde føremål, seier Kristin Bergersen, kommunikasjonssjef i Mental Helse.
Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy/Mental Helse– Men mest av alt var vi ganske opprørte over at nokon har brukt denne typen side, driven av ein organisasjon som jobbar med psykisk helse. Det er ganske rått og vondsinna å gjere det, seier Bergersen.
– Graverande
For å få innpass og byggje tillit hos dei unge jentene, skal mannen ha oppretta profilar der han gav seg ut for å vere ei jamgamal jente.
Når kontakten først var oppretta, fekk han jentene over på andre plattformer som Snapchat og TikTok. Der endra kommunikasjonen raskt karakter, til emosjonell utpressing og grove truslar for tvinge jentene til å sende han seksualisert materiale.
Politiadvokat Benjamin Larsen vil ikkje prosedere saka i media før den kjem opp for domstolen, men seier det er ei alvorleg sak.
– Dette er ein framgangsmåte som gjer forholda endå meir graverande, med tanke på at denne type nettside, så er det ein del sårbare born som er ute etter kontakt og støtte, seier han.
Etterlyste jenter
Mannen vart pågripen i januar i fjor, og sat seks veker i varetekt. Til saman avdekka politiet sju fornærma jenter frå ulike delar av landet. Nokre av jentene er under 14 år.
Statsadvokaten i Vest har teke ut ein omfattande tiltale mot mannen. I august skal saka opp over fire dagar i Hordaland tingrett.
Mannen er i tillegg tiltalt for seksuelt krenkande åtferd. Han skal også ha lagt ut offentlege meldingar på Snapchat der han etterlyse jenter han kunne vipse pengar til i byte mot bilde.
– Strafferamma for det alvorlegaste forholdet som gjeld straffelova 299, er ti års fengsel, seier politiadvokat Larsen.
10.000 brukarar
«Sidetmedord.no» er eit forum der unge kan dele tankar om vanskelege tema som depresjon, angst og einsemd.
Forumet vart oppretta i 2007, og har i dag 10.000 brukarar. Mental Helse har gjort endringar for at forumet skal vere trygt for brukarane.
– Rett etter dette, så fjerna vi moglegheita for å sende private meldingar til kvarandre, og det er innført aldersgrense for bruk av forumet, seier Bergersen.
Sjølv om mange brukarar vart leie seg for at vennefunksjonen forsvann, understrekar Bergersen at all kommunikasjon no berre skjer i opne, anonyme forum som blir kontinuerleg overvaka av deira moderatorar for å ivareta tryggleiken.
– Internett har mange moglegheiter for menneske med vonde hensikter, som ønskjer å utnytte sårbare unge menneske. Den moglegheita skal ikkje vi gi dei, slår kommunikasjonssjefen fast.
– Så må vi alle, både foreldre, politi og vi som har slike sider, følgje med på kva barn og unge gjer på internett. Vi må følgje opp, vere interesserte og syte for at vi veit kva som føregår, avsluttar Bergersen.
Publisert 31.03.2026, kl. 16.32











English (US)