Det store skreifisket utanfor Nord-Noreg er i gang. Men store kutt i torskekvotane merkast allereie i lokalsamfunna i Lofoten og Vesterålen.
Berre dei siste tre åra er kvotane halvert. Det får kraftige konsekvensar for den vesle øykommunen Værøy, med sine 669 innbyggarar.
Sjømatbedrifta Lofoten Viking AS på øya må permittere mellom 50 og 60 tilsette som følge av låge kvotar.
Det skriv Fiskeribladet.
Det utgjer omtrent 10 prosent av befolkninga.
– I år er fiska etter NVG-sild over, om lag ein månad tidlegare enn normalt. Det betyr at vi må permittere mellom 50–60 av våre tilsette fram til slutten av september.
Det seier Lorentz Hardy, produksjons- og salssjef hos Lofoten Viking til Fiskeribladet.
Dette bekymrar han.
– Konsekvensen for oss blir færre folk og mindre aktivitet, seier Hardy.
Lofoten Viking må permittere mellom 50 og 60 tilsette.
Foto: Lofoten Viking– Innstilt på fleire år med låg aktivitet
Mange av deira tilsette kjem frå austeuropeiske land. Nokre av dei reiser no tilbake til heimlanda sine.
Desse arbeidarane er å rekne som innbyggarar på øya og har bustadadresse der, fortel Hardy til NRK.
– Dei har vore her på Værøy mellom 15 og 25 år, så dei er ikkje nokre sesongarbeidarar. Dei har vore her i alle år, seier Hardy.
Han fryktar at fleire av dei ikkje vender tilbake til Værøy når sildefisket startar opp att til hausten.
– Det er ingen tvil om at eg er bekymra for at våre tilsette skal finne seg andre jobbar. Ein kan ikkje vente at folk går utan arbeid i lang tid, seier Hardy.
Lorentz Hardy, produksjons- og salssjef hos Lofoten Viking AS.
Foto: Kari SkeieØykommunen er sårbar for endringar som fiskerinæringa opplever i desse dagar.
Hardy jobbar no med korleis dei skal løyse problemet med mindre råstoff og konsekvensane dette får for folk og fabrikken.
– Vi er innstilt på at det blir fleire år med mykje lågare aktivitet på desse fiskevêra som er avhengig av fisk for at folk skal ha jobb og stad å bu.
Låge kvotar
Lofotbedrifta driv blant anna med produksjon av kvitfisk, tørrfisk og pelagisk fisk som sild, lodde og makrell.
Kvotane på sild er kraftig reduserte og det blir ikkje opna for loddefiske i år.
Sildebestanden har vore nedgåande dei seinare åra på grunn av dårleg reproduksjon og relativt hardt fiskepress over fleire år. Lofoten Viking AS kjøper også kvitfisk, men kvotane for denne er også redusert.
Hovudprodukta til Lofoten Viking er pelagisk fisk og tørrfisk.
Foto: Berit Roald / NTBOg dei er ikkje dei einaste som må ta ned produksjonen.
Ballstad Fisk AS i Kræmmervika på Ballstad stenger dørene i vinter.
Høge torskeprisar og låge kvotar er blant anna grunnane til at det ikkje blir fiskekjøp.
– Risikoen er for stor til at vi vil kjøpe fisk i vinter, seier dagleg leiar Freddy Sørensen til Lofotposten.
– Ikkje tent nok pengar
– Det som har vore trenden i mange år er at industrien på land ikkje har tent nok pengar til å møte dei tidene som er no.
Det seier ansvarleg redaktør i Fiskeribladet, Øystein Hage.
Ein ting er at kvotane har gått ned, men Hage viser også til at mykje av fisken frå trålarar blir frose på båten og eksportert ut av landet. Dette er fisk som landindustrien også vil ha tak i.
– Ein har også sett at kjøp av russisk fisk parallelt har tatt seg opp. I fjor så kjøpte norsk industri halvparten av den russiske torsken som blei landa i Noreg. Som er eit teikn på at mangel på fisk er veldig utbrett.
Spesielt dei to neste åra blir avgjerande om industrien på land overlev, fordi det er venta at blant anna torskekvoten vil gå nedover fram til 2027, seier han.
– Dei som kjem til å overleve i 2025 og 2026, vil nok kanskje stå han av, men eg trur nok det er ein del som ikkje kjem til å overleve dei to åra som kjem.
Han trur det vil bli nedleggingar, permitteringar og i verste fall oppseiingar. Ein vil også sjå ei omstrukturering og samanslåing av selskap.
– At dei som har musklar og pengar kjøper ut ein del frittståande selskap. Eg trur i løpet av dette året, kanskje neste år, vil strukturen endre seg mykje.
Redaktør i Fiskeribladet, Øystein Hage seier dette er berre byrjinga på ei veldig markant endring i korleis norsk fiskeindustri vil sjå ut framover.
Foto: Lena KnutliDet er ikkje berre i nord industrien slit, men også på Vestlandet. Dei selskapa som driv med klippfisk, tørrfisk og saltfisk, spesielt på Møre, kjenner også på at tilgangen på fisk er utfordrande, seier Hage.
– Alvoret går opp for meg
Værøy-ordførar Susan Berg Kristiansen (H) er bekymra for situasjonen og seier han kan få ringverknader i andre delar av næringslivet på øya.
– Lofoten Viking er den største private arbeidsplassen hos oss. Dei har noko å seie for heile lokalsamfunnet. Eit tap av desse arbeidsplassane fører til ringverknader for andre delar i næringslivet som servicebedrifter, transport og handel.
Ordførar på Værøy, Susan Berg Kristiansen (H) seier kvotenedgang gjer det vanskeleg å halde på eit rikt næringsliv.
Foto: Ole-Fredrik Lambertsen/NRKHo seier at Lofot-øyane Røst og Værøy er dei mest fiskeriavhengige samfunna i Nordland.
– Eg må jo seie at med dei tala der, så går verkeleg alvoret opp for meg. Det er ein veldig alvorleg situasjon. Éin ting er for bedrifta, men også for Værøy.
Ho fryktar at på sikt vil færre arbeidsplassar få konsekvensar for folketalet.
Publisert 20.02.2025, kl. 10.57