I heile landet blir det samla inn pengar frå heimane for å gi ei personlege julegåver til lærarane.
Dette skaper stor debatt blant foreldre, for medan nokon meiner ein twistpose får halde, legg andre lista langt høgare, med til dømes dyre gåvekort.
På Giske ungdomsskule på Sunnmøre er det slutt på gåver til den enkelte lærar. Det har FAU bestemt.
Dei ser at det ofte blir tilfeldig kven av lærarane som får gåve og at det er urettferdig.
– I nokre klasser er foreldre gode til å samle inn pengar og gi gåve. Og så er det klasser der det ikkje blir gjort, seier FAU-leiar Barbro Fjørtoft.
Det er tradisjon for at foreldre samlar inn pengar for å kjøpe gåve til læraren frå elevane.
Foto: Øyvind Sandnes/NRK
Bør læraren få julegåve med innsamla pengar frå foreldra?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Sponsar felles lunsj
Giske ungdomsskule er ny, og har samla elevane frå heile kommunen. Foreldra har hatt ulike tradisjonar for å gi lærargåver. Nokre foreldre har også gitt eigne julegåver til læraren frå sitt barn.
Som regel er det kontaktlæraren som får gåve, medan faglærarar ikkje får.
No gir FAU ei fellesgåve til lærarrommet: ein lunsj for alle tilsette ved ungdomsskulen.
Pengane går frå kontoen til FAU, som dei har fått inn gjennom dugnadar.
– Det er ein måte å anerkjenne alle som jobbar her, ikkje berre dei som er klassekontaktar, seier Fjørtoft.
Barbro Fjørtoft opplever at det varierer frå klasse til klasse korleis julegåver til lærarane blir handtert.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKVil ikkje ha økonomisk press
Det nasjonale Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) ser at det er store forskjellar i praksisen med julegåver rundt om i landet.
Dei er opptekne av at skulen skal vere gratis, og at foreldre ikkje må kjenne eit press på å gi.
– Vi rår til å halde nivået lågt. Ei helsing, eit kort eller ei symbolsk markering kan vere nok. Dersom det blir gitt gåver, bør dei vere rimelege, frivillige og helst like for alle, utan individuelle innsamlingar. Ingen skal kjenne økonomisk press, seier leiar Ståle Sand Kalkvik.
Han opplever at fleire skular no har avvikla julegåvepraksisen.
Ståle Sand Kalkvik i FUG seier det kan vere problematisk å samle inn pengar til lærargåver, dersom ikkje foreldre er samde om dette.
Foto: Ingunn Moen / FUG– Fortener merksemd
På skulekjøkkenet i Giske er 9.-klassing Sofie Brandshaug i full gang med julemannbaking. Ho ser at lærarane gjer ein stor innsats og meiner dei fortener litt merksemd.
– Det er lurt med ei felles gåve. Det er nokre som ikkje blir inkludert like mykje som andre. Det er ulikt frå trinn til trinn, seier Brandshaug.
Sofie Brandshaug går i 9. klasse og meiner at lærarane fortener litt merksemd for jobben dei gjer.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKTungvint å samle inn
Lise Hoff er lærarvikar og synest det er fint og bli sett pris av FAU. Ho er tidlegare sjukepleiar og er ganske fersk i læraryrket. Ho har endå ikkje opplevd å få gåve frå elevane.
– Det er alltid kjekt å bli huska på, men så er jo problemet dersom nokon ikkje blir huska, seier Hoff.
Det ho har mest erfaring med er å bidra med pengar til døtrene sine lærarar.
Ho opplever at det ofte er dei same foreldra som tar initiativ til pengeinnsamlinga og som må tenke ut ei passande gåve.
Prisnivået ligg ofte på 30–50 kroner per elev og det er frivillig å vere med.
– Det er ein tungvint måte, seier Hoff.
Lise Hoff er vikarlærar ved Giske ungdomsskule. I dag er det julekakebaking i mat og helse.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKIkkje berre lærarar på skulen
Rektor Gry Støbakk Ytterland set pris på at FAU har laga rutinar for gåver, slik at det blir føreseieleg for foreldra, og likt for dei tilsette.
– Det viser at du også set pris på miljøterapeutar, fagarbeidarar, helsesjukepleiarar og andre som også jobbar her. For det er mange som jobbar rundt elevane, ikkje berre lærarane, seier Ytterland.
Rektor Gry Støbakk Ytterland synest det er bra at FAU har laga nye rutinar for gåvegiving til jul.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKPublisert 16.12.2025, kl. 12.20


















English (US)