Gjørme, spindelvev, avføring og ein intens stank.
Det er realiteten som møter NRK i dei vesle cellene på innsida av «Slaktarhuset».
Livet bak murane
32 år gamle Ammar Rahim al-Mahmoud er tilbake i fengselet som vekkjer vonde minner.
– Dei tok meg til fange, slo og torturerte meg. Sjå, dette er sigarettmerker frå 2012, seier han og brettar opp den raude genseren for å vise brennemerker til NRK.
Slik ser det ut på innsida av det berykta Sednaya-fengselet i Syria.
Foto: Yama Wolasmal / NRKMilitærfengselet i utkanten av Syria sin hovudstad Damaskus blei drive av Bashar al-Assad-regimet fram til opprørsgrupper velta diktatoren søndag i førre veke.
Dei første fangane kom til fengselet i 1987.
I januar 2021 rekna Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) med at 30.000 internerte var blitt brutalt drepne her sidan starten av borgarkrigen i landet.
Sednaya-fengselet har fått tilnamnet «Slaktarhuset» og ligg tre mil nord for Damaskus.
Amnesty International har dokumentert bruk av tortur, mishandling, avrettingar og forsvinningar her i årevis.
Det var Amnesty International som gav fengselet tilnamnet «Slaktarhuset» i ein rapport frå 2017.
– Denne blei brukt til å slå folk i bakhovudet og torturere innsette, seier Bassam al-Ali og held opp ein stokk han har funne i ei av cellene.
Bassam al-Ali med stokken han seier blei brukt for å torturere dei innsette.
Foto: KHATCHIG AWEDIKIAN / NRKTomme celler
Etter at Assad-regimet blei styrta av opprørsgrupper søndag i førre veke, har tusenvis av syriske familiar tatt turen til fengselet i håp om finne sine kjære.
Det som møtte dei, var tomme celler.
Dei les opp lister med namn på folk som truleg satt fengsla her.
I 12 lange år har Ahmed Hassan al-Omar venta på å få sjå faren og onkelen sin att.
– Eg veit ikkje kvar dei er, om dei er levande eller daude. Eg har inga aning, fortvilar han.
Tusenvis av innsette er no sakna - og syriske familiar krev svar på kva som har skjedd med sine kjære.
Foto: Yama Wolasmal / NRK28-åringen fortel til NRK at både faren og onkelen blei arresterte i 2012, men familien fekk aldri vite kvifor.
Dei har heller ikkje fått noko form for livsteikn på alle desse åra.
Fleire hundre har slått leir utanfor fengselet, i håp om å finne spor etter sakna familiemedlemmer.
No har Ahmed slått leir utanfor fengselet saman med hundrevis av andre for å få svar på kva som har skjedd med familiemedlemmane deira.
– Eg ber til Gud om eit teikn. Å finne spor etter dei. Kleda deira. Vi treng informasjon for å vite om dei framleis er i live, seier han fortvila.
Søk- og redningsgrupper har gått gjennom kvar sjakt, ventil og kloakkåpning dei siste dagane i håp om å finne fangar i skjulte rom eller hemmelege kjellaretasjar.
Dette søket er no avslutta utan hell.
Publisert 12.12.2024, kl. 21.52