Framfor fleire tusen Kjartan Lauritzen-fans skal pappa Sigurd Kvikne (64) levere låtar milevis frå sonen sin musikk.
Lørdag 22. mars kl. 08:38Førskomande fredag (sjølvsagt) skal rapparen og showmannen Kjartan Lauritzen (30) frå Balestrand i Sogn halde sin største konsert.
Det blir sikkert både Farris og baris og «Fredag» og «Badebussen» i ein av landet sine største konsert-arenaer.
Spørsmålet
Men det største overraskings-momentet kjem truleg før 30-åringen kjem ramlande inn på scena.
«Spørsmålet vi alle har lurt på; kem skal få varme opp for Kjartan Lauritzen aka meg i Oslo Spektrum? Svaret: Pappa!!!»
Det skreiv artisten Kjartan Lauritzen som eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne - på sin eigen Instakonto nyleg.
Pappaen er Sigurd Kvikne, lokal hotellkonge og direktør på Kvikne Hotell i Balestrand.
Kvikne senior har ei nærmast panegyrisk beundring for den amerikanske singer-songwriteren James Taylor
.Det gjorde at tributebandet «Sigurd and the Sweet Baby James Band» vart fødde.
Sjølv om dei ikkje har spela saman så ofte tidlegare, så understrekar Sigurd Kvikne at har med seg særs dugande musikarar - frå «By’n» - som i Sogn betyr Bergen.
– Dette er jo musikk frå førre århundre, frå 1980-talet, veldig langt frå sonen min sitt musikalske landskap. Men røysta mi ligg i same stemmeleie og med same «range» som favoritten min, James Taylor. Så dette skal nok gå bra, seier Sigurd Kvikne til VG.
Han freistar å roa seg ned med å snakke seg opp. Etter helgeøving og god mat og vin saman med bandet i Balestrand ein fredagskveld.
Mareritt
– Tendensar til nerver og uroleg mage ei snau veke før Spektrum-konserten for kanskje 7000–8000 folk?
– Du, eg har hatt mareritt eit par kveldar om det. Men no er vi jo blitt så gamle, og eg har med meg ufatteleg flinke musikarar frå Bergen. Så dette skal nok gå bra, svarar Kvikne.
Draum
Før han kjem på at han hadde ein krevjande draum om konserten.
– Eg drøymde at eg song på ein låt og bandet spela ein heilt annan melodi, fortel pappa Kvikne. Han håpar det ikkje var eit frampeik om det som skal kome.
– Korleis trur du at son din sine tilhengarar tek i mot «Sigurd and the Sweet Baby James Band» i Spektrum?
– Det er eit spanande spørsmål. Eg driv jo i ein heilt annan musikalsk sjanger. Eg reknar no med at Per og dei unge vil gje oss ein audmjuk klapp på skuldra før vi går på.
– Kva står på raideren til dykk, gamlisane?
– Den er so omfattande at VG ikkje får plass til den i denne saka, tullar Sigurd Kvikne.