– Om ein er ute etter å ha sol heile tida, så må ein i så fall flytte på seg gjennom påska. Men det er ikkje sikkert det gir nokon garanti.
Det er den klare dommen over årets påskevêr, fortel vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Espen Biseth Granan.
I løpet av påska er det nemleg venta skiftande vêr over store delar av landet, der vêret snur frå dag til dag.
Det er likevel gode moglegheiter for å nyte fridagane om ein planlegg dagane smart og kanskje også flyttar litt på seg i påska.
Ålesund er blant stadane som kan sjå langt etter sol med det aller første. Akkurat no ligg fredag an til å bli den beste dagen, men sola lèt framleis vente på seg i Jugendbyen.
Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRKVêrtapar
I byen mellom dei sju fjella har folk allereie funne fram paraplyen, som ikkje kan leggast bort med det aller første, skal vi tru meteorologen.
Søndag kveld og natt til måndag er det venta torevêr i Bergen og mykje nedbør som regn dei kommande dagane.
– Den beste dagen på Vestlandet er nok faktisk torsdag. I Bergen ser det ut til å bli sol, fine forhold og nordavind, fortel Biseth Granan.
Inn mot helga er det venta ei ny runde med mildvêr i Bergen.
Først på torsdag kan det sjå ut til at bergensarane kan droppe paraplyen, før han må fram igjen til helga.
Foto: Kristin Almeland Manger / NRK– Utnytt starten av veka
Aller best vêr, i alle fall i første halvdel av påska, finn vi på Sør- og Austlandet, og dessutan austafjells.
– Det er nok Austlandet som får både litt varmare vêr og fleire dagar med sol i starten av påskeveka.
Sjølv om dei heilt store temperaturane lèt vente på seg, kan det vere gode moglegheiter til å fyre opp grillen i starten av påska på Sør- og Austlandet.
– Midt på dagen ligg det rundt 8 grader i Oslo og nedover langs kysten mot Sørlandet, så det er ikkje veldig varmt. Det ser ut til å stige noko. Særleg tysdag og onsdag er det fleire stadar som kan få 10–12, kanskje 13 grader, og ein del sol, seier Biseth Granan.
Her gjeld det likevel å utnytte det gode vêret.
Frå torsdag og fredag vil det skye til, og det kan bli nedbør fleire stadar i Sør-Noreg.
Det var fullt på parkeringa ved skiløypene på Nordseter i Lillehammer søndag.
Foto: Henrik Einangshaug / NRKFin start i nord
I Trøndelag og nordover vil det beste vêret komme i starten av veka, før det også her vil skye til utover i påska.
I Trøndelag er det venta periodar med regn i påskehelga.
Det same gjeld i Nord-Noreg, der dei gode påsketemperaturane ikkje ser ut til å komme.
– Måndag og tysdag ser det ut til å bli vind frå sør og søraust, torevêr og ganske greie forhold. Onsdag og utover resten av påska er det nok eit meir ustabilt vêr. Vi ventar litt meir pålandsvind og innslag av nedbør, seier meteorologen, og fortel at dette gjeld både i Tromsø og Bodø.
Harstad skulle eigentleg arrangerte NM på ski denne helga. Arrangementet blei flytta på grunn av lite snø i løypene. No er venta ein ny runde med mildvêr i nord.
Foto: Azora Reinholt / NRKFare for snøskred
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har søndag sendt ut oransje farevarsel, farenivå 3 av 5, for Jotunheimen frå måndag av.
Dette indikerer betydeleg snøskredfare.
Frå tysdag er det venta betydeleg snøskredfare også i Indre Fjordane, Voss, Hardanger og Heiane.
Lengst nord i landet er det betydeleg snøskredfare søndag. Faren er venta å gå ned til moderat, altså farenivå 2, frå måndag av.
– Med ustabilt vêr kan snøskredfare vere ein faktor lokalt. Det må ein ta omsyn til der ein ferdast, understrekar Biseth Granan.
Publisert 29.03.2026, kl. 17.49














English (US)