Pavevalet blir samanlikna med reality: – Hadde vore verdas største

2 hours ago 4


Katolikkane skal få ein ny leiar, og mange følgjer nøye med.

I det høvet har det dukka opp mange videoar på sosiale medium om pavevalet som eit realitykonsept.

– Å samanlikne pavevalet med reality er på ingen måte søkt.

Det seier Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitskap og forfattar av boka «Det folk vil ha», ei bok om religion og populærkultur.

Med andre ord: Ein mann som kan ein heil del om både pavevalet og reality-TV.

OBS! KI-generert innhald:

TikTok-videoar om pavevalet som reality-TV. OBS: Delen av videoen som vis dei forskjellige kardinalane, er KI-generert.

@lorenzoespinosa og @mattytrash13

Mykje til felles

Å velje pave har mykje til felles med eit godt reality-konsept, til dømes TV 2 sin megasuksess «Spillet»:

  1. Ei gruppe menneske må opphalde seg på eit avgrensa geografisk område.
  2. Dei må røyste gong på gong til dei sit igjen med ein vinnar.
  3. Det er lobbyverksemd for å påverke dei andre.
  4. Dei har ikkje tilgang til andre folk eller internett.
  5. Det er dramatiske effektar, som ritual, røyk, og så vidare.

Men i konklaven er det ingen kamera.

Alt er hemmeleg.

Det er det som gjer det heile så mystisk.

– Eg trur dette kunne blitt verdas største og mest populære reality-program nokosinne, seier Endsjø.

Han tenkjer nettopp på alle samtalane, spenninga når dei røystar, rituala og maktspelet.

  • Portrettbilde, mobil, av Dag Øistein Endsjø, professor i religionsvitenskap. Ser i kamera.

    Dag Øistein Endsjø

    Professor emeritus i religionsvitenskap, UiO. Har blant anna skrive boka «Det folk vil ha» med Liv Ingebord Lied, om religion og populærkultur.

Kyrkja: – Fint med merksemd, men feil samanlikning

Pater Oddvar Moi talar på vegen av Den katolske kyrkja i Noreg i denne saka.

Han synest denne samanlikninga er å dra det litt langt.

– Det er fint med mykje merksemd rundt pavevalet, men eg synest det blir heilt feil å samanlikne med eit reality-program, seier han til NRK.

Han samanliknar det heller med ei nasjonalforsamling.

Synast du pavevalget kan samanliknas med reality-TV?

Både fordi det handlar om korleis ein skal styre eit land, altså Vatikanet, men også på grunn av type menneske.

– Konklavet består av veldig kultiverte, høflege og godt oppdratte eldre menn. Dei oppfører seg ikkje som dei på reality-TV. Som ikkje alltid verkar like åndelege eller kjærlege, seier han.

Dessutan er det ingen som blir stemt ut.

2. påskedag døde pave Frans. Den 26. april er gravferda hans, noko som markerer starten på ein ni dagars sørgeperiode. 15–20 dagar etter pavens død begynner arbeidet med å finne ut kven som skal bli den ny paven.

Skal ikkje seie at ein vil vinne

I motsetnad til dei fleste reality-deltakarane, vil ofte kardinalane ikkje bli pave.

Det er i alle fall ikkje noko ein skal seie høgt.

– Om ein går inn og trur ein blir pave, så blir ein heilt sikkert ikkje pave, forklarer pater Moi.

Det handlar om å vere audmjuk.

Men på ekte, det er faktisk ikkje alle som vil bli pave.

– Paven får jo stor ære, men det er ein veldig, veldig krevjande jobb. Og alle er jo eldre menn. Mange har kanskje allereie har fått den karrieren dei ønska seg.

Kardinal Pietro Parolin avlegger eden om at han på tro og ære skal velge den beste paven og ikke røpe noe fra valget av ny pave.

NO STARTAR DET: Kardinal Pietro Parolin avlegg ed om at han på tru og ære skal velje den beste paven og ikkje røpe noko.

Foto: Vatican Media / AP

Conclave-scenar i konklaven?

Filmen «Conclave» har fått stor merksemd sidan den kom like før Pave Frans gjekk bort.

Men det er viktig å hugse på at filmen er ein dramafilm, ikkje ei korrekt skildring av korleis pavevalet går føre seg.

Likevel er det snakk om mykje makt – for som det blir presisert i filmen, så skal ein velje kanskje verdas største kjendis.

Det er også til stor forskjell frå eit reality-program:

Vinnaren står igjen med stor, reell makt.

Ein reality-vinnar får gjerne merksemd, pengar eller ein bil.

– Så dette er liksom det ultimate reality-konseptet?

– Ja, eg trur det ville blitt sett av hundrevis av millionar av menneske. Eg sjølv hadde nok blitt sitjande oppe heile natta og sett på, seier religionsforskar Dag Øistein Endsjø.

Men det skjer nok ikkje med det første.

– Pavevalet skal aldri bli reality-TV, svarar pater Oddvar Moi.

Publisert 08.05.2025, kl. 16.13

Read Entire Article