Pelslus-plage: Reven riv av seg håret i desperat kløe

5 hours ago 1


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Polarinstitutt - les mer.

Blodsugarane går etter hovudet, nakken og ryggen til fjellreven. Eit kraftig luseangrep få alvorlege følgjer.

Mørke flekkar i nakken vitnar om at denne reven er angripen av pelslus. (Foto: Tommy Dahl Markussen)

Ein smitta rev klør seg intenst på dei angripne stadene, noko som fører til at pelsen dett av.

– Når pelsen fell av i store flak, mistar reven isolasjonen sin. Det kan føra til at dyret rett og slett frys i hel, seier forskar Eva Fuglei ved Norsk Polarinstitutt.

Ein smitta fjellrev på Janssonhaugen på Svalbard i mai 2021. Biletet er teke med eit av dei automatiske kameraa som vert monterte på ynglehi for å dokumentera kvalpar. (Foto: Norsk Polarinstitutt)

Vinterpelsen er fjellreven sitt viktigaste vern mot den arktiske sprengkulda. Pelsen er tjukk, med tett botnpels og lange dekkhår. 

Når pelsen vert tynna ut, minkar sjansen for at fjellreven overlever vinterkulda.

Ein rev som er hardt råka kan ha lus over heile kroppen.

– I dei mest ekstreme tilfella fann me nærmare 11.000 lus i pelsen til ein rev, fortel Fuglei.

Vinterpelsen til fjellreven er som skjold mot den arktiske kulden. Når pelsen vert tynna ut, kan det skapa problem for revene, fryktar forskarane. (Foto: Christelle Guesnon / Norsk Polarinstitutt)

Har slått rot på Svalbard?

Fem år etter at pelslus først vart påvist på Svalbard, viser ein rapport frå Norsk Polarinstitutt og Veterinærinstituttet at lusa har fått fotfeste i bestanden.

Fjellrev med pelslus på Svalbard auka frå om lag 10 prosent i 2019–2020 til 76 prosent i 2021–2022. Vinteren 2022–23 hadde førekomsten gått ned til 42 prosent.

Tettheita av rev var lågare vinteren 2022–23 enn året før, noko som kan forklara nedgangen i smitten, seier Fuglei.

– Smitte skjer gjennom kontakt mellom rever, og når det er færre dyr, er det òg mindre smittepotensial.

– Det kan henda at revene etter kvart utviklar delvis immunitet mot lusa, men unge og gamle dyr kan vera meir sårbare.

Trass i nedgangen i smitte, uroar forskarane seg over at parasitten framleis finst i så stort omfang på Svalbard.

– Smittetalet er for høgt. Helst skulle ingen rever vore smitta, seier Fuglei.

Seniorforskar Eva Fuglei (t.h.) undersøker ein pelsa og lusesmitta fjellrev i laboratoriet saman med Emma Vangen, overingeniør ved Veterinærinstituttet. (Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt)

Smitte på tvers av landegrenser

Pelslus vart for første gong påvist hos fjellrev på Svalbard i november 2019. Samstundes blei det gjort liknande funn hos fjellrev i Nunavut i Canada.

Undersøkingar viste at luseparasitten i både Canada og på Svalbard høyrer til den blodsugande Linognathus-arten, og at lusa er genetisk ulik dei som finst på hund i Noreg.

– Det tyder på at lusa truleg vart introdusert til revene gjennom kontakt med rev frå andre delar av Arktis, seier Fuglei.

Fjellrev kan vandra langt – over havis, brear, tundra og strender – og ta med seg lusa til nye område.

Mikroskopibilde av ei pelslus som har bite seg gjennom huda til ein fjellrev for å suga blod. (Foto: Line Olsen)

Riv av seg håret i desperasjon

Pelslusa likar ikkje kulde. Parasitten lever djupt inne i pelsen og bit seg gjennom huda for å suga blod.

Då forskarane undersøkte huda på dei smitta dyra, oppdaga dei at lusa forårsakar kronisk hudirritasjon, men ikkje betennelse.

– Det tyder på at håret ikkje dett av på grunn av skader i huda, men fordi reven sjølv riv det av i desperat kløe, fortel Fuglei.

I tillegg til kløe og hårtap kan pelslus føra til vekttap.

– Fjellrev med mykje lus vog vesentleg mindre enn dei som var lusefrie eller hadde færre lus.

Vinterpels frå fjellrev fanga på Svalbard. Pelsen i midten er ikkje smitta med lus, medan dei to pelsane på kvar side har lus. (Foto: Tor Slettebø)

Undersøkjer både døde og levande dyr

Forskarane veit ikkje kvifor luseparasitten dukka opp. Men truleg har fjellrev med pelslus vandra over havisen frå Canada til Svalbard og smitta fjellrev der.

Revejakta tek slutt 15. mars kvart år, så korleis lusa oppfører seg etter midten av mars, visste forskarane lite om. 

24.000 bilete frå kamerafellene dokumenterte at graden av luseangrep aukar utover våren og toppar seg i mai–juni.

Forskar og veterinær Rebecca Davidson frå Veterinærinstituttet er medforfattar av den nye rapporten om pelslus hos fjellrev. Biletet er teke i laboratoriet i samband med undersøking av pelslus. (Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt)

Kamerafellene gav forskarane innsikt i korleis pelslusa utviklar seg over lengre tid.

– Vårens naturlige pelsskifte kan spela ei viktig rolle i å redusera mengda lus, sidan hår med luseegg dett av når fjellreven mistar vinterpelsen. Men det er framleis uvisst korleis lusa påverkar reven om sommaren, fortel Fuglei.

Pelslus i fjellrev vert om lag 1,5–2 millimeter lange og legg gjerne hundrevis av egg. Lusene er dei svarte små prikkane som synest under huda. (Foto: Eva Fuglei / Norsk Polarinstitutt)

Ei ny utfordring

Pelslusa er ei ny utfordring for fjellreven, som frå før av må tilpassa seg eit Arktis i rask endring.

Den globale oppvarminga går fortare og hardare føre seg i Arktis enn andre stader på kloden.

Fjellrevene er tett knytt til havisen, dei følgjer i fotspora til isbjørnen og et restar etter bjørnen si selfangst. Dersom isen smeltar endå meir, forsvinn viktige leveområde for dyra i Arktis.

– Vi veit ikkje endå korleis luseparasitten vil påverka revebestanden på lang sikt, men éin ting er sikkert; vidare overvaking av fjellreven er heilt naudsynt, seier Fuglei.

Referanse:

Eva Fuglei mfl.: Fur lice in Arctic foxes in Svalbard: prevalence, intensity and impacts on health status and demographics. Rapportserie (Norsk polarinstitutt), nr.: 159 / Veterinærinstituttets rapportserie, nr.: 19-2025, 2025.

Fjellrev på Svalbard

  • Fjellrev, òg kalla polarrev, er ein nær slektning av raudrev og finst over heile den arktiske tundraen.
  • Har mindre kroppsstorleik enn raudreven, men er betre tilpassa eit arktisk liv i kulde.
  • Er utbreidd i alle arktiske tundrahabitat.
  • På Svalbard finst fjellreven spreidd over nesten heile øygruppa.
  • Fjellrev er både predator og åtseletar.
  • På Svalbard er fjellreven ikkje truga av utrydding, i motsetnad til fjellreven på fastlands-Noreg.

Les meir om fjellrev

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article