Folk i Forsvaret har fått for lite pensjon, ifølge ein dom frå Høgsterett i april i fjor.
Men framleis vil ikkje Forsvarsdepartementet seie korleis den nye berekninga blir.
– Det er pengar det står om. Dei prøver sikkert å vri seg unna, som best dei kan. Det er eg ikkje i tvil om, seier Charles Blålid.
Han er pensjonert kaptein frå Kystvakta, og har brukt åtte år på å kjempe for rett pensjon.
Etter karrieren i Forsvaret tok Blålid jobb på ferje for å spe på inntekta.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKBlålid har venta i over eitt år på pengane som Høgsterett har tilkjent han.
Først i førre veke fekk han beskjed om at pengane er på veg: Rundt 4000 i månaden ekstra i utbetaling. Pluss åtte års etterbetaling.
Korleis det blir for andre, er uvisst. For enkelte kan det vere snakk om 30.000 kroner ekstra i månaden i utbetaling.
Knusande dom
Saka handlar om at ulike lønnstillegg ikkje har vore ein del av pensjonsgrunnlaget.
Blålid var mellom anna skipssjef på KV Svalbard i fire år.
Foto: Tarjei AbelsenBlålid har brukt store deler av livet om bord på Kystvaktskip. Han reknar med at 40–50 prosent av lønna har vore tillegg for vakt og segling.
– Vi har eigentleg fått pensjon for annankvar krone, seier Blålid.
Innfløkte regler gjer at Blålid berre fekk 66.000 kroner i opptening for tillegg kvart år.
Men for yngre folk vil truleg alt av dei aktuelle tillegga bli inkludert i pensjonen.
Blålid vann i både trygderetten, lagmannsretten og Høgsterett. Staten anka og anka, men gjekk på eit knusande tap.
Krev heftig etterbetaling
Saka har sysselsett ein rekke byråkratar etter dommen.
– Vi er no i eit stort arbeid for å finne ut korleis skal vi rekne pensjon på variable tillegg, seier statssekretær Marte Gerhardsen (Ap).
– Akkurat kor mykje det blir, det reknar vi på no, seier Gerhardsen.
Nøyaktig korleis den nye pensjonssparinga blir, er ikkje kjend.
Foto: Synne Kvam / Forsvarsdepartementet / ForsvarsdepartementetBlålid fekk støtte frå Noregs offisers- og spesialistforbund (NOF). Dei førte saka i lag med pensjonist Eirik Hansen, som hadde Befalets Fellesorganisasjon (BFO) i ryggen.
Dei krev at auka pensjon kjem på plass sporenstreks.
– Dette er den viktigaste saka vi nokon gong har hatt. Dette er saka som får størst konsekvensar for alt personell, seier leiar i NOF, Staale I. Reiten.
Staale I. Reiten
Det ikkje er uvanleg med ein halv million i årlege tillegg for folk i på skip, og Reiten reknar med at staten må ut med mange hundre millionar årleg i ekstra pensjonssparing.
For å ikkje snakke om den heftige etterbetalinga, som han meiner må komme.
Fleire av medlemmane hans har slutta for å finne seg arbeid med betre pensjon.
– Det er folk som ikkje orkar å vente meir. Dei går av, dei sluttar, dei finn seg ein annan jobb, seier Reiten.
Spørsmål om rekruttering
Saka er derfor viktig for at folk skal halde fram i Forsvaret. Det meiner Henrik Sunde, kadett på Sjøkrigsskolen i Bergen.
– Det er elementært at dei som blir utdanna no, blir verande i Forsvaret. Då er det utruleg viktig med ein rettferdig pensjonsordning som gjer at ståtida blir lengre, seier Sunde.
Kadettane på Sjøkrigsskolen har følgt med på saka.
Foto: Sissel Rikheim / NRKMats Johnsen er samd.
– Tillegga våre utgjer ein veldig stor del av lønna. Eg vil jo seie at det er veldig viktig for pensjonen, seier Johnsen.
Rekruttering av personell er ei av dei store utfordringane til Forsvaret, no i tider med opprusting og spetakkel i verda.
Derfor har statssekretær Gerhardsen fått spørsmål om kvifor staten ikkje ville betale meir i pensjon, før dei vart tvungne.
– Vi er opptatt av å vere ein god arbeidsgivar. Da må vi ha gode og føreseielege pensjonsordningar som opplevast som rettferdige. Dette er viktig for oss å få på plass, sånn at vi har ein føreseielegheit for våre tilsette, seier ho.
Kaptein Blålid kan legge til kai i blinde.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKCharles Blålid er glad han tok saka, og nemner ei rekke personar som har støtta han.
– Eg håpar at kollegaene får ein pensjon dei verkeleg fortener, og som dei kan leve av, seier han.
Publisert 06.05.2026, kl. 15.48













English (US)