Per Steinnes frå Volda var ein av dei som sleit med dårleg sjølvbilete, og tenåra var prega av mobbing.
Men då han var 17 år tok han eit grep som endra livet hans.
– Eg var ekstremt usikker på kroppen min og vart mobba. Eg var tynn og vart plaga. Eg ville ha respekt frå andre, men ville òg ha merksemd frå jenter.
Han høyrte først om «looksmaxxing» på sosiale medium i tenåra.
Det går ut på å forbetre utsjånaden sin, basert på teorien om at attraktive menneske får fleire moglegheiter i livet.
Eigenpleie har vore ein viktig del av rutinen til Per.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKMen kva er eigentleg fenomenet?
21-åringen har gått frå ein livsstil med gaming og alkohol, til å trene fleire gonger i veka.
– Eg byrja å trene og ete sunt. Då balla det på seg, og etter kvart ville eg oppgradere utsjånaden, huda og stilen min.
No merkar han at folk behandlar han annleis enn før, og han trur det har med auka sjølvrespekt og sjølvkjensle å gjere.
«Looksmaxxing» er eit omgrep som oppstod i internettforum på midten av 2000-talet.
Mange assosierer omgrepet med incel-kultur, men dei siste åra ser det ut til å ha blitt meir akseptert gjennom sosiale medium.
Looksmaxxing-rutinane til Per går ut på ulike tiltak, men i all hovudsak prioriterer han trening, kosthald og hudpleie.
Han har òg prøvd mewing og tyggis for å få meir definert kjeve.
– Eg har fått ein heilt annleis ansiktsstruktur av å «mewe», og no kvilar eg kjeven slik naturleg.
Per seier han har fått meir definert kjeve av å «mewe» og tygge tyggis.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKEit aukande kroppspress
Men det Per har opplevd som positivt, kan bidra til kroppspress for andre.
Ina Slaveykov jobbar i Reform Ressurssenter for menn, og har sett på korleis gutar og menn blir påverka av digitale nettfenomen.
I ein nyleg publisert rapport kjem det fram at fleire unge gutar har høyrt om fenomenet looksmaxxing.
Ina Slaveykov er rådgjevar ved Reform Ressurssenter for menn.
Foto: Tore Linvollen / NRK– Ytste konsekvens av dette er at det aukar risikoen for eteforstyrringar og kroppsbileteforstyrringar.
Ho seier at ein ikkje må forveksle looksmaxxing med trening eller sjølvpleie.
Det er eit ekstra lag ved looksmaxxing, som handlar om at utsjånaden er avgjerande faktor for å få status eller suksess i livet.
– Om ein lev med eit ideal ein ikkje kan nå opp til, så kan det gjere noko med psykisk helse og sjølvkjensle.
For Per har looksmaxxing vore ein pådrivar for indre motivasjon og utvikling.
– Eg får meir respekt frå andre menneske, det merkar eg godt. Folk smiler meir til meg enn dei brukte å gjere, og eg får komplement.
Per Steinnes
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Føler du at det er slitsamt å tenkje så mykje på utsjånaden?
– Eg tenkjer mindre på korleis eg ser ut no enn eg gjorde før. Før følte eg meg stygg og var ikkje stolt over kven eg var. Looksmaxxing har lært meg å bli meir komfortabel i eigen kropp. No kan eg gje litt F... i korleis eg ser ut.
Per Steinnes driv med online coaching på Instagram for å hjelpe andre med sjølvbiletet.
Kort veg til ekstreme tiltak
Ina Slaveykov trur ikkje looksmaxxing er eit fenomen som mange unge gutar held på med, men er bekymra for den ekstreme retninga det kan ta.
Og sjølv om ikkje mange driv på med dette, er det fleire som veit kva det er.
Mia Sofie Ytreberg / NRK
David Fjørtoft Dalheim (16)
Har du høyrt om looksmaxxing? Ja, det har vore eit stort tema på TikTok. Det er å vere den beste versjonen av seg sjølv utsjånadsmessig.
Kva synest du om det? Å vere ein så bra person som mogleg er jo bra, men det er kanskje ikkje så bra å bruke all tida si på å tenkje på det.
Mia Sofie Ytreberg / NRK
Dennis Bozkurt (18)
Har du høyrt om looksmaxxing? Ja, det har eg. Det handlar om å sjå så bra ut som mogleg. Å makse utsjånaden sin.
Kva synest du om det? Alt er jo sunt til ein viss grad, men om ein blir besett av det kan det gå feil veg.
Mia Sofie Ytreberg / NRK
Filip Johansen Muren (16)
Har du høyrt om looksmaxxing? Ja, eg har sett det litt på TikTok, men eg har ikkje tenkt så mykje på det.
Kva synest du om det? Eg synest det er litt rart å prøve å forandre seg sjølv for å sjå betre ut. Om alle gjer dei same metodane for å sjå betre og like ut, så er det ikkje noko vits lengre.
Per Steinnes ønsker å presisere at han tek avstand til dei mest ekstreme formene for looksmaxxing.
– Eg har ikkje vore aktiv i nettforum. Når ein kjem inn i slike forum kan det fort bli ekstremt. Det går definitivt ei grense frå sunt til usunt.
Ingen påvist effekt
Harald Dobloug jobbar som lege, og er positiv til fokus på trening og sunt kosthald. Likevel er han kritisk til korleis sosiale medium kan påverke sjølvbiletet.
Lege Harald Dobloug trur sosiale medium har står påverking på sjølvbilete.
Foto: PRIVATHan seier at teknikkar som mewing eller å tygge tyggis ikkje har ein påvist effekt på kjevestrukturen.
– Mewing har ingen påvist effekt. Kjevestrukturen styrast hovudsakeleg av genetikk. Og når det kjem til tyggis, så vil du få ein sterkare kjeve, men det betyr ikkje at den vil sjå annleis ut.
Per fortel at han overtenkte alle situasjonar før, men etter han byrja med looksmaxxing har han slutta med det.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKPer meiner at tiltaka har fungert, og at livet hans har blitt endra til det betre etter han byrja med looksmaxxing.
Treng du nokon å prate med? Då kan du trygt ta kontakt med Mental Helse sin hjelpetelefon på 116 123.
Publisert 31.05.2025, kl. 18.29