Hendinga skjedde då politimannskap var samla for såkalla godkjenningsskyting på skytebana, som er årleg etterutdanning innan våpentrening.
Etter at skytinga var over vart det gjennomført standard prosedyre med å tømme våpen, før dei bytte til beredskapsammunisjon og reiste til eit treningssenter for felles våpenpuss.
Men ein av betjentane tømde ikkje våpenet sitt, og fyrte eit skot ned i ein stabel av gipsplater under pussinga.
– Heldigvis for situasjonen så gjekk skotet rett i bakken, seier stabssjef Gustav Landro.
Rapporten frå Vest politidistrikt, som NRK har sett, skildrar kva som skjedde. Saka er no rutinemessig til etterforsking hos Spesialeininga for politisaker.
Mange i rommet
Politiet vil ikkje seie nøyaktig kor mange som oppheldt seg i nærleiken av betjenten då våpenet gjekk av, men skriv i rapporten at det var «mange personar i rommet».
Dei vil heller ikkje opplyse kvar i politidistriktet hendinga skjedde.
Politiet nyttar pistol av typen Glock 45.
Foto: Olav Døvik / NRKIngen vart fysisk skadd av prosjektilet frå pistolen, og betjenten erkjende at han ikkje tømte våpenet før det gjekk av.
Det vart gjennomført defuse for alle i rommet og det vart bestilt høyrselstest gjennom bedriftshelsetenesta.
Politibetjenten miste førebels våpengodkjenninga av ansvarleg instruktør.
– Vådeskot er jo noko som ikkje skal skje. Vådeskotet som skjedde handla nok om ein personleg feil hos den personen som heldt i våpenet, seier Landro.
Pussar på skytebana
Betjenten vart re-kvalifisert og er no tilbake i operativ teneste.
– Det er ganske skremmande å oppleve og erkjenne at «OK, her har eg gjort noko farleg og som ikkje var bra». Så det tek ei stund før ein klarer å resette seg, men etter ei vekes tid var vedkomande godkjent og tilbake i operativ teneste seier Landro.
Politidistriktet vurderer å endre rutinane for våpenpuss etter skytetrening.
– Framover kjem nok alt av utstyret til å vere på skytebana, og pussen gjennomført umiddelbart etter at ein er ferdig med skytinga, seier Landro.
– Då slepp ein både transportetappar og fleire våpenhandteringar enn strengt tatt naudsynt.
– Vådeskot er noko som ikkje skal skje, seier stabssjef Gunnar Landro i Vest politidistrikt og legg til at vådeskot skjer sjeldan med tanke på kor ofte våpen blir handtert i politiet.
Foto: Christine Rieber Lensberg / NRKMeir enn 100 vådeskot sidan 2015
Spesialeininga for politisaker har til no i år vurdert ti hendingar med vådeskot.
I Vest politidistrikt har det ikkje blitt registrert vådeskot sidan 2022.
Ei oppteljing viser at det har blitt utført meir enn 100 vådeskot i politidistrikta i Noreg sidan 2015.
Toppåret var 2015 med 24 hendingar. Dette var året etter at politiet innførte midlertidig generell væpning.
Ein gjennomgang som Journalen har utført viser at dei fleste hendingane skjer i kategoriane nedspenning og tørrtrening.
Publisert 08.10.2025, kl. 17.03