Politiet åtvarar: – Svært glatt mange stader

2 weeks ago 7


Fredag kveld er det vanskelege køyreforhold fleire stader på Austlandet og Trøndelag.

På fylkesveg 715 i Leksvik i Trøndelag har opp mot 20 bilar køyrd av vegen. Skadestaden strekk seg cirka 150 meter, skriv politiet.

– Det starta med fire bilar, så vart det åtte, deretter fjorten, og no er det om lag tjue bilar som er involvert i denne hendinga, seier trafikkoperatør Stian Gullvåg ved Vegtrafikksentralen midt.

Ingen personar skal vere alvorleg skadd, ifølgje politiet.

Det skal vere svært glatt på staden.

– Det er ei strekning på cirka 150 meter ved Storvatnet som er spesielt glatt. Vi har entreprenør på staden no, seier trafikkoperatøren.

Det kjem til å vere redusert framkomst på staden ei stund til, då det er mange bilar som må bergast.

Det blir no jobba med å få ut dei køyretøya som framleis er køyrbare av området.

Hallingdal: 20 kilometer kø

Fredag kveld var det over 20 kilometer lang kø etter ein kollisjon mellom ein personbil og ein lastebil på riksveg 7 i Flå i Hallingdal.

Klokka 22.10 fekk tungbergeren fjerna lastebilen, og vegen er gjenopna i begge retningar.

Politiet beklagar at det tok lang tid og takkar tolmodige bilistar.

– Eit oppdrag som tok svært lang tid og som medførte lange køar med frustrerte bilistar. Det var lang responstid for tungbergar som hamna i køen fram til ulykkesstaden, skriv politiet i ei melding til pressa.

Kø på Rv 7

Det er lange køar på riksveg 7 i Hallingdal. Ifølgje politiet er det mykje frustrasjon frå bilistar.

Foto: Statens vegvesen

Politiet meldte om ulykka klokka 16.44 fredag ettermiddag.

Ulykka skal ha skjedd i låg fart, og det er ikkje meldt om alvorlege personskadar.

Også her skal det ha vore svært glatt.

– Det er mykje frustrasjon frå bilistar som står i stilleståande kø, skriv operasjonsleiar Tom Richard Skuggedal i politiloggen.

Innlandet: – Svært glatt

Politiet i Innlandet har fått inn mange meldingar om bilar og lastebilar som sklir av vegane, lastebilar som står fast, og trafikkork som følgje av dette.

– Vegane i Innlandet er svært glatte mange stader, skriv operasjonsleiar Bård Einar Hoft i politiloggen.

Bildet viser en isete vei i et urbant område om natten.

Det er spegelblanke vegar fleire stader i Innlandet fredag kveld. Her frå Lillehammer.

Foto: Mari Ranheim / NRK

Meldingane kjem frå heile fylket.

– Vi oppfordrar bilistar til å køyre varsamt, skriv Hoft.

Riksveg 3 stengt

Trafikkoperatør Trude Lindstad ved Vegtrafikksentralen stadfestar at det er utfordrande for trafikantane i Innlandet i kveld.

– Særleg på rv. 3 mellom Elverum og Rena er det veldig, veldig glatt, seier Lindstad.

Her har fleire vogntog og personbilar køyrd av vegen, ifølgje trafikkoperatøren.

Riksveg 3 stengt

Riksveg 3 kjem til å vere stengt lenge, ifølge Vegtrafikksentralen.

Foto: Statens vegvesen

– Det er ei veldig krevjande strekke no. Entreprenøren er ute no og legg på fastsand, så får vi håpe det betrar føreforholda, sa Lindstad til NRK rundt klokka 19.30 fredag kveld.

Like før klokka 20.30 melder Vegtrafikksentralen at riksveg 3 no er stengt.

Vegen kjem til å vere stengt lenge, då det er fleire vogntog som skal bergast, ifølge trafikkoperatøren.

Trafikken blir leia over på austsida av Glomma, til fylkesveg 235. Skal ein frå Austlandet til Midt-Noreg, oppfordrar Lindstad trafikantane til å køyre E6.

Publisert 16.01.2026, kl. 19.29 Oppdatert 16.01.2026, kl. 23.41

Read Entire Article