Forsvaret har fått dobla budsjetta sine dei siste åra på grunn av auka trusselnivå.
Samtidig er det politiet som må etterforske truslane og dei mistenkelege hendingane utan at dei har fått fleire folk til det.
Det meiner politimeisteren i Nordland blir feil.
– Når ein satsar på forsvaret så vil det auke risikoen for utanlandsk etterretning. I den tida vi er i nå, er vi eit etterretningsmål og det treffer politiet i større grad enn forsvaret, seier politimeister i Nordland politidistrikt Heidi Kløkstad.
Ho forklarer at det er politiet som må følge opp og etterforske dei mistenkelege hendingane som dukkar opp.
Derfor opplever dei at oppbygginga av forsvaret ikkje heng saman med ressursane til politiet.
– Vi er ikkje dimensjonerte godt nok til å handtere den opprustinga som skjer.
PST-sjef Beate Gangås bekreftar at dei også er pressa på ressursar.
– Vi blir strokne på kapasitet. Det er urolege tider, og vi må vere førebudde på at framand etterretning vil gjere det enkelt for seg å skade oss.
510 mistenkelege hendingar
Nordre Nordland og Troms er dei områda med tettast konsentrasjon av militære anlegg i landet.
– Vi ser at det som vi definerer som mistenkelege hendingar, er konsentrert rundt desse områda, seier Kløkstad.
I fjor var det i nordre del av Nordland og Troms registrert 510 mistenkelege hendingar som kan vere truande for sikkerheita.
Det var alt frå mistenkelege turistar, køyretøy med antenner, dronebruk, eller skadeverk.
Mistenkelege hendingar som kan vere truande for sikkerheita kan vere mistenkelege turistar eller dronebruk.
Foto: PolitietIfølge PST-sjefen har dei også fått melding om folk som tar seg inn på militært område, tar bilde og prøver å kartlegge aktivitet og infrastruktur.
Det er den type aktivitør ho fryktar aller mest.
– Aktivitet som kan vere førebuingar til sabotasje, som kartlegg infrastruktur, som kartlegg dei militære kapasitetane våre og som gjer det lett å ramme oss i ein spissa situasjon. Så vi ønsker å ha så mykje klarleik som mogleg i dei hendingane som blir rapporterte inn, seier Gangås.
Går utover vanlege folk
– Er det så viktig å prioritere desse sakene med mistenkelege hendingar? Det er så sjeldan at nokon blir teke?
– Det som er utfordringa når det gjeld denne typen mistenkelege eller sikkerheitstruande hendingar, er ikkje nødvendigvis hendinga i seg sjølv, men meir konsekvensane av at ein ikkje følger opp, seier politimeisteren i Nordland.
Ho utdjupar at dette er hendingar som, i verste fall, blir gjorde for å forstyrre, påverke eller for å destabilisere demokratiske verdiar, som igjen kan få store konsekvensar for samfunnet vårt.
Politimeister i Nordland politidistrikt Heidi Kløkstad seier dei ikkje er dimensjonerte godt nok til å handtere den opprustinga som skjer i forsvaret.
Foto: Sondre SkjelvikMen etterforskinga av desse hendingane tar mykje ressursar frå politiet.
– Det er dei same ressursane som vi må bruke på andre ting, og resten av kriminaliteten blir ikkje sette på pause. Vi har mykje annan kriminalitet som politiet må følge opp, og som også dette går på kostnad av, seier politimeisteren.
Når det er færre til å drive etterforsking og fleire saker, så går både tida opp og politiet må i større grad legge bort fleire saker, seier Kløkstad.
– Det er krevjande og det er ting vi er opptatte av òg, for det har noko å seie for publikums tillit. Det har noko å seie for privatpersonar som blir utsette for kriminalitet, som gjerne ønsker at vi skal oppklare det.
– Vi kan ikkje vere naive
Stortingsrepresentant for Høgre, og andre nestleiar i justiskomiteen Mari Holm Lønseth, meiner det må satsast meir på politiet.
– Det er ein alvorleg situasjon, og vi kan ikkje vere naive i den sikkerheitspolitiske situasjonen vi er i nå. Politiet må rustast opp for å klare å handtere dei alvorlege hendingane vi ser.
Stortingsrepresentant for Høgre, og andre nestleiar i justiskomiteen Mari Holm Lønseth seier sabotasje og spionasje er ein del av kvardagen til politiet.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRKI ein e-post til NRK skriv statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Joakim Øren at regjeringa tar situasjonen på alvor.
– Til og med 2025 har vi styrkt driftsbudsjettet til politiet med om lag 5,4 milliardar kroner, nominelt, samanlikna med Høgre- Det siste budsjettforslaget. I same periode har vi styrkt PSTs driftsbudsjett med om lag 545 millionar kroner, nominelt.
Ifølge han har politiet derfor fått meir midlar til å blant anna meir nærvær og for å betre beredskapen i prioriterte område.
Men dette meiner Holm Lønseth ikkje er nok.
– Sabotasje og spionasje er ein del av kvardagen til politiet no. Da må dei også ha ei bemanning som står i stil, seier ho og legg til:
– Når ein rustar opp Forsvaret, må ein også sørge for ei opprusting av politiet, som handterer mange av truslane som ligg under det som er Forsvarets oppgåve. Derfor er det nødvendig at vi får til eit skikkeleg bemanningsløft i politiet i heile Noreg.
Publisert 19.02.2025, kl. 23.00 Oppdatert 19.02.2025, kl. 23.08