Politiet fann tjuvegods heime hos den mistenkte – likevel vart saka lagt vekk

7 hours ago 2


Hans Christian Kvamme driv verkstader som reparerer mobilar og nettbrett, og har til saman fire butikkar.

Butikkeigaren fortel at nokon braut seg inn i butikken hans i Molde i fjor sommar, og stal varer til ein verdi mellom 15.000 og 20.000 kroner.

Han meldte saka til politiet, men fekk nyleg beskjed om at den er lagt vekk på grunn av låg kapasitet hos etterforskarane.

– Kvifor dette ikkje får nokre konsekvensar, forstår eg ikkje. Vedkomande er kjend, han har innrømt tjuveriet overfor meg, og han har hatt eigedelane mine hos seg. Det er ingen tvil om at han er gjerningsmannen, seier Kvamme til NRK.

Hans Christian Kvamme er fortvilt etter innbrot i butikken

I dette kasseapparatet seier butikkeigaren at det skulle vore eit par tusen i kontantar. Etter innbrotet var det att cirka 50 kroner.

Foto: Hans Christian Kvamme / Privat

Spora opp tjuvegodset

Etter innbrotet i Molde forsvann mellom anna kontantar, telefonar, verktøy og ein iPad.

Ein av telefonane vart spora opp, og politiet fann deler av tjuvegodset seinare same dag, heime hos ein mann. Då butikkeigaren oppsøkte huset sjølv skal han ha fått tilbake endå fleire av dei stolne gjenstandane.

Butikkeigaren har vore i liknande situasjonar før, det kan du lese om her:

Tidens Krav og Romsdals Budstikke omtala saka først.

Kraftig auke i saker som blir lagt vekk

Etter kort tid blei saka likevel lagt vekk av politiet. I avgjerda står det: «forfølging vil medføre saksbehandlingstid, kostnader eller annan ressursbruk som ikkje står i rimeleg forhold til saka si betydning».

Talet på saker om eigedomstjuveri som er lagt vekk på grunn av manglande saksbehandlingskapasitet har meir enn dobla seg mellom 2022 og 2024, ifølgje tal frå SSB.

– Eg meiner signala politiet sender når dei berre legg vekk slike saker er urovekkande. Det verkar som om dei gir opp – anten fordi dei veit at det er snakk om notorisk kriminelle, eller fordi beløpa er så små at dei ikkje ser det som verdt å følgje opp, seier Kvamme.

Han har klaga på at saka vart lagt vekk.

– Kor går grensa? Kva skal til for å bli straffa i Noreg? Det er det eg vil ha svar på.

Vil ikkje kommentere detaljane i saka

Sidan klagen enno ikkje er behandla, vil ikkje politiadvokat Anders Skorpen-Trøen kommentere den konkrete saka.

Men han stadfestar likevel at politiet har vore heime hos ein person som hadde status som mistenkt, og funne gjenstandar som forsvann frå butikken til Kvamme i Molde.

– Men spørsmålet er om vedkomande er tjuven eller ikkje. Det er ikkje nødvendigvis slik at fordi noko blir funne heime hos ein person, så er det den personen som har stole det, seier Skorpen-Trøen.

Anders Skorpen Trøen ser alvorlig mot kamera i politiuniform.

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen ønsker ikkje å kommentere den konkrete saka.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Inga nedre grense

Ifølge Skorpen-Trøen finst det ikkje ei nedre verdigrense for når politiet skal etterforske ei sak.

– Men i mindre alvorlege saker er det opning for, etter ei heilskapsvurdering, å konkludere med at det ikkje er rimeleg bruk av ressursar å etterforske saka vidare.

Vidare seier han at det er viktig at politiet er open om at politiet prioriterer dei mest alvorlege sakene.

Riksadvokaten kom i starten av 2024 med eit rundskriv, som legg føringar for kva som skal prioriterast ved ressursmangel.

Butikkeigaren seier han forstår at politiet har større saker som er viktigare å prioritere.

– Men dersom dei ikkje kan prioritere saker som min, har politiet truleg for lite ressursar eller arbeider for lite effektivt, seier Kvamme.

Likevel meiner Skorpen-Trøen at det er viktig å melde tjuveri til politiet.

– Då får vi informasjon som gjer at vi kan prioritere rett. Sjølv om ei sak kan vere vanskeleg å løyse med ein gong, kan opplysningar om fleire tjuveri bli sette i samanheng og oppklarast seinare, seier han.

NRK har bedt om kommentar frå Justisdepartementet, Politidirektoratet og Riksadvokaten. Ingen av dei ønskjer å kommentere saka, men viser til Møre og Romsdal politidistrikt.

Publisert 17.08.2025, kl. 15.38

Read Entire Article