Tore Konnestad (65) elskar pølser. Sørlendingen et pølser dagleg og bidreg sterkt til å halde liv i ein lokal pølsekiosk.
- Tore Konnestad (65) frå Sørlandet et pølser dagstøtt, og er stamkunde på Nottos pølsekiosk i Grimstad.
- Han har ete rundt 40.000 pølser frå denne kiosken åleine, og elskar spesielt wienerpølser med løk og ketsjup.
- Ei vanleg pølsebestilling frå Tore er sju pølser fordelt på tre pølsebrød.
- På nasjonaldagen er pølser sjølvsagt på menyen for Tore.
Han er meir enn klar for feiring av nasjonaldagen. Og du treng ikkje å vere kviss-ekspert for å gjette kva som står på menyen: Wienerpølser - med løk og ketsjup.
– Er det ein spesiell bensinstasjon eller pølsekiosk du føretrekker, eller kokar du pølsene sjølv?
– Nei, det er nok Nottos pølsekiosk i Grimstad som er stamstaden. Der har eg nok ete rundt 40.000 av dei 60.000 pølsene eg har fått i meg, svarar Konnestad medan han humrar blidt med ei røyst som også er å høyre i det lokale kormiljøet i Agder.
Til dagleg driv frolendingen gravferdsbyrå.
Men tema før nasjonaldagen er altså pølser. Det er eigentleg Tore sitt favoritt-tema - og sjølvsagt favorittmat.
– Eg likar best wienerpølser. Fem av seks pølser eg har ete - er nok wiener, ja, seier Konnestad, som er kjend for å ete fort.
I 1984 kom han i Guiness rekordbok etter å ha køyrt i seg 23 pølser på tre minuttar.
– Pølser må opplevast
No nøyer han seg med sju pølser dagleg. Men då med pølsebrød, gjerne ein miks av sprøsteikt og rå løk - og ketsjup.
– Kva er så godt med desse pølsene?
– Nei, det er vel både smaken, synet av dei og konsistensen. Heile pakka, eigentleg. Gode pølser må opplevast, rett og slett. Og du bør høyre lyden av ein «knekk» når du set tennene i dei, svarar Tore - og legg raskt til at nokre kan vere for vasne.
– Kvifor er wienerpølser så populært på 17. mai, trur du?
– Det er vel lettvint, ikkje minst for alle foreiningane og foreldra som skal selje mat på 17. mai. Og så er det verdas beste mat.
Les også: Slik unngår du at pølsene sprekk
– Denne menyen står ikkje på Helsedirektoratet sine kosthaldsråd, Konnestad?
– Nei, men for meg er det reine helsekosten. Eg er aldri sjuk og vekke frå jobben, insisterer han.
Kva med vekta?
– Kan eg spørje om dette pølseinntaket har gjort utslag på vekta di?
– Vekta gjekk opp ei tid, men årsaka var at eg slutta å røyke, analyserer Tore Konnestad.
aJaa! Hipp hurra også for pølser (og is) på 17.mai!bKanskje, men føretrekker annan mat på menyen.cNei! Usunt, og usikker på innhaldet.
Han vil halde fram med å ete pølser kvar dag - og halde pølsetalet à jour, noko han har rekna seg attende til frå då han som tolvåring starta pølsereisa si for alvor.
Inger Morterud (63) i pølsebua Nottos kiosk, er glad i pølsekunde Konnestad på ekte.
– Det er veldig hyggjeleg at han er so glad i pølser. Me ser han ofte her, seier Morterud med varme i røysta.
Ho meiner likevel at ho ikkje kan gå rundt å engste seg for helsa til superkunden.
– Toler vel litt til
– Eg tenkjer at han har ansvar for si eiga helse. Toler han so mykje pølser som han har fått i seg til no, so toler han vel litt til, seier Morterud.
Ho skildrar eit typisk døme frå ein vanleg dag då pølse-elskaren ville ha det faste:
– Som regel kjem han og skal ha tre pølser i eitt brød. Så skal han ha to i eitt brød. Etter det vil han gjerne ha «dessert», det vil seie to til i eitt brød. Ein gong sa han at han måtte stogge - sidan det berre var ein halvtime til middag heime.

2 days ago
8








English (US)