Presidenten beklagar til nabolanda – seier Iran ikkje vil gå til åtak mot dei igjen

5 hours ago 2


– Eg burde be om unnskyldning til nabolanda som har vorte angripne av Iran.

Det seier Irans president Masoud Pezeshkian i ei utsegn laurdag.

Han seier at dei væpna styrkane til Iran gjekk til åtak for å «forsvara vår territorielle integritet».

Ifølge presidenten gav overgangsstyret beskjed til militæret fredag om at dei ikkje skal gjennomføra nye åtak mot nabolanda.

– Frå og med no bør dei ikkje gå til åtak mot nabolanda eller skyta missil mot dei, med mindre me vert angripne frå desse landa. Eg meiner me bør løysa dette gjennom diplomati, seier Pezeshkian vidare.

Kort tid etter beskjeden frå presidenten melde styresmaktene i Qatar at militæret deira hadde forhindra eit missilåtak.

Fredag sa viseutanriksminister Majid Takht-Ravanchi til France 24 at europeiske land vil vera «legitime mål» for iransk gjengjelding viss dei sluttar seg til krigen mot Iran.

Han seier vidare at iranske tenestemenn hadde forhandla med USA i god tru før Trump-administrasjonen bestemte seg for å gå til åtak for ei veke sidan.

– Me stolar ikkje på amerikanarane. Ikkje berre forrådde dei oss, men dei forrådde også diplomatiet, seier han.

Irans president Masoud Pezeshkian står på en scene, bak ham flagg. Blomster og soldater i forgrunnen

Irans president Masoud Pezeshkian.

Foto: Vahid Salemi / AP / NTB

Nye åtak mot Iran

Laurdag har Israel starta nye omfattande åtak mot Teheran og Isfahan i Iran.

Det skriv Det israelske militæret (IDF) på Telegram laurdag morgon.

Gjennom natta har dei òg gjennomført fleire åtak mot Teheran. Ifølge IDF gjekk dei mellom anna til åtak mot eit militæruniversitet og infrastruktur under bakken kor ballistiske

Det iranske nyheitsbyrået Tasnim, som har tette band til den iranske revolusjonsgarden, melder om kraftige luftangrep ved Teherans internasjonale flyplass Mehrabad.

Video frå staden, som CNN har geolokalisert, viser at flyplassen står i brann natt til laurdag.

Reuters har jobba for å verifisera videoen. Dei har kome fram til at bygningar, vegar og skilt stemmer overeins med informasjon frå satellittbilete og kart. Dei har ikkje funne teikn på at videoen er publisert tidlegare.

Det er meldt om åtak fleire stader i Midtausten natt til laurdag.

Òg i Libanon har Israel gjennomført fleire åtak. Ifølge det libanesiske helsedepartementet er minst 16 menneske drepne i eit åtak mot byen Nabi Chit aust i landet.

Minst 35 personar er skadde og det er venta at dødstalet kan stiga, ifølge styresmaktene.

Det har òg kome meldingar om eksplosjonar i Dubai og i Manama.

787 drepne hittil

Ei veke etter at Israel og USA gjekk til angrep mot Iran, har situasjonen i Midtausten eskalert ytterlegare.

I Iran er minst 787 menneske drepne sidan krigen starta, ifølge Røde Halvmåne. I tillegg skal over 4000 sivile bygningar vera øydelagde.

Interessert i utanriksstoff? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 07.03.2026, kl. 10.21 Oppdatert 07.03.2026, kl. 10.44

Read Entire Article