Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_cb22c11ea9b0a03203107591c0921864, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Pumpeprisen vert sett ned på onsdag - NorwayToday

Pumpeprisen vert sett ned på onsdag

6 days ago 14


Avgiftene på bensin og diesel vert midlertidig sette ned frå 1. april.

Det opplyser regjeringa i ei pressemelding måndag morgon.

  • Avgiftene for bensin vert sett ned med 4,41 kroner per liter.
  • For diesel vert avgiftene sett ned med 2,85 kroner per liter.

Dette skjer etter at fleirtalet på Stortinget torsdag vedtok å setta ned avgiftene for å få ned pumpeprisen som ei hastesak.

Det skjedde mot stemmene til Arbeidarpartiet, som saman med fleire andre parti ville utsetta handsaminga av saka.

– Det er ei veldig rask gjennomføring, men me var opptatte av å gjennomføre vedtaka så fort som mogleg, seier finansminister Jens Stoltenberg til NRK måndag morgon.

Dei lågare avgiftene er midlertidige og gjeld fram til 1. september.

Følg siste utvikling i saka:

Andre vedtak må venta

Stortinget gjorde fleire andre vedtak for å få ned prisane på drivstoff.

– Dei andre stortingsvedtaka om CO2-avgifta inneber praktiske og statsstøtterettslege problemstillingar som må avklarast. Regjeringa vil koma tilbake til oppfølginga av desse vedtaka så raskt som mogleg, står det i pressemeldinga.

Ifølge Stoltenberg er det fleire tekniske spørsmål, mellom anna knytt til EØS-avtala, som må avklarast bør desse vedtaka kan gjennomførast.

Men dette skal me no jobba med. Det viktigaste i dag er at på bensin og diesel vert avgiftene reduserte 1. april, seier han.

Finansministeren vil ikkje spekulera i kor raskt det kan gjerast.

– Vi gjer det så raskt som mogleg, men må gjera ting på rett måte, seier han.

Åtvara i førehand

Senterpartiet sørga for fleirtal til Høgre sitt forslag om lågare avgifter. Dei fremma òg fleire eigne forslag, som fekk støtte frå høgresida.

Dei braut dermed budsjettavtala med dei raudgrøne partia.

Vedtaka i Stortinget skjedde trass i fleire åtvaringar frå Arbeidarpartiet og finansminister Jens Stoltenberg.

Dei meiner vedtaka var uansvarleg fordi det gjer auka utgifter på meir enn 6 milliardar kroner – utan inndekning.

Regjeringsdrama

– Det er no den svakaste regjeringa me har hatt på mange år, var dommen frå DNs politiske redaktør Frithjof Jacobsen i helga.

Han meiner regjeringa vart utspilt då Sp stemte med høgresida og sikra fleirtal for fleire avgiftskutt.

Stoltenberg burde ha stilt kabinettsspørsmål, meiner stortingsrepresentant Grunde Almeland (V).

Måndag morgon møtte Stoltenberg i «Politisk kvarter» på NRK, der han vart utfordra på vedtaket.

– Viss du er opptatt av pengebruk, handlingsregel og budsjettdisiplin: Kvifor sette du ikkje hardt mot hardt og trua med å gå?

Det er ein vanskeleg situasjon. Me må ha fem parti for å ha fleirtal. Det har vel knapt skjedd i norsk politisk historie. Det gjer at det ikkje er lett å få fleirtal, svarte Stoltenberg.

Jens Stoltenberg i studio

Stoltenberg møtte i «Politisk kvarter» for å snakka om handlingsregelen, men måtte òg svara for seg etter førre vekes stortingsvedtak om lågare avgifter på drivstoff.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Samtidig er det Arbeidarpartiets tradisjon å ta ansvar. At me berre skulle kasta korta og seia at me ikkje orkar dette fordi det er så komplisert, hadde det ikkje vore i tråd med Aps tradisjonar, sa han vidare.

– Men då seier du jo som finansminister at du toler å verta pålagt auka pengebruk?

– Me må koma tilbake i revidert nasjonalbudsjett og sjå korleis dette kan verta innpassa innanfor ansvarlege rammar, svarar Stoltenberg.

Vil halda fram samarbeidet

Då Senterpartiet stemte for Høgre sitt forslag i førre veke, braut dei budsjettavtala med dei andre raudgrøne partia.

forhandlingsleder for MDG Ingrid Liland

Ingrid Liland var forhandlingsleiar for Miljøpartiet dei grøne då dei raudgrøne partia forhandla om budsjettavtale. Ho er ikkje nøgd med at Senterpartiet braut avtala i førre veke.

Foto: Benyamin Farnam / NRK

Ingrid Liland i Miljøpartiet dei grøne har allereie sagt at det er vanskeleg å sjå for seg fleire budsjettsemjer med dei etter dette.

– Sjølv om det var ein vanskeleg dag i førre veke då regjeringa vart nedstemt, så er eg glad for at alle partia framleis seier at dei er interesserte i å vera budsjettpartnarar, seier Stoltenberg måndag.

Men MDG stiller jo spørsmål ved om det kan verta fleire budsjettavtaler i dette fellesskapet?

Me ynsker jo det, og me har oppfatta at dei òg er innstilte på det. Men då får me setta oss ned, for det er grunnlaget for denne regjeringa, svarar Stoltenberg.

– Kan budsjettavtala brytast fleire gonger?

Budsjettavtaler er til for å haldast. Så får me setta oss ned med partnarane våre og bidra til at me ikkje opplever tilsvarande situasjonar i framtida, seier han.

Høge oljeprisar

Hastevedtaket i Stortinget kom som følge av dei høge oljeprisane den siste tida.

Oljeprisane har vore høge sidan USA og Israel gjekk til åtak på Iran.

Like utanfor Irans kyst ligg Hormuzsundet, ein av dei viktigaste transportvegane i verda for olje.

Dei siste vekene har svært få skip passert sundet, fordi Iran har gått til åtak på skip med tilknyting til USA, Israel eller allierte land.

Store delar av verdas olje vert vanlegvis frakta gjennom Hormuzsundet.

Publisert 30.03.2026, kl. 08.00 Oppdatert 30.03.2026, kl. 08.49

Read Entire Article