Influensaren og podkast-verten Bobbi Althoff (28) har uventa sagt farvel til «The Really Good podkast».
Ho har i to år vore ein av dei største kvinnelege podkastarane i USA og har nådd eit stort publikum over heile verda.
– Kvil i fred. Det var ein morosam tur, skreiv Althoff i eit Instagram-innlegg torsdag 31. juli.
Kommentarfelta har vore fulle av hat mot Bobbi Althoff. Slik også då ho la ut denne posten om at ho legg ned podkasten.
Foto: Skjermdump Bobbi Althoff på InstagramStygge rykte
Althoff har over lang tid vore utsett for vondsinna rykte.
Rykte som mellom anna påstår at ho blei skilt frå faren til ungane fordi ho skal ha hatt eit kortvarig forhold til artisten Drake.
Det blei påstått at dette skjedde i samband med eit intervju ho gjorde med den kanadiske artisten.
Eit intervju som fekk ein milliard visningar og over 300 millionar likes, men som blei fjerna frå alle plattformer seinare.
- Her er lista med dei mest populære podkastane i Noreg nett no
Althoff tilbakeviser at superstjerna Drake var årsaka til skilsmissa.
I eit skjermbilete frå ein DM-samtale med bloggaren Dave Portnoy, tok ho tok opp spekulasjonane.
– Kjærasten min seier at du hadde eit forhold til Drake og vart skilt. Eg seier at det ikkje er sant, skreiv Portnoy.
– Eg kommenterer ikkje offentleg, men du har rett – det er ikkje sant, svara Althoff.
Intervjuet med Drake var det mest populære intervjuet Bobbi Althoff gjorde i podkasten som no blir lagt ned.
Foto: Richard Shotwell / AP / NTBHennar eiga avgjerd
Ho hevdar at all ryktespreiinga ikkje er årsaka til at ho no brått avsluttar podkast-suksessen.
Den Los Angeles-fødde podkastverten sa at avgjerda om å avslutte var hennar eiga, og ikkje påverka av ytre faktorar.
Men ho forklarte at sjølv om ho trudde podkasten ville vare lenger, er ho stolt av det ho har oppnådd.
– Eg trur ikkje det finst nokon god måte å seie dette på, men dette er den siste episoden, sa Althoff i den siste sendinga.
– Har vore ein draum
Podkast er stort i USA, men det er særleg menn som dominerer listene over dei mest populære.
Bobbi Althoff har vore ei av få kvinner som har klart å nå toppen.
På iHeartPodcast Awards 2024 i mars, poserte ho med prisen ho vann for «Beste nye podkast».
– Denne podkasten starta med ei jente som hadde ein draum om å tene meir pengar, spøkte ho då.
Kor vegen går vidare for Bobbi Althoff no er førebels ikkje avklart. Men ho slår uansett fast at podkasten har overgått alle forventningane hennar.
– Det har vore ein draum, kvart sekund av det.
Publisert 03.08.2025, kl. 09.12