Rapport avdekka store sikkerheitshol ved Louvre: – Me har feila

4 hours ago 3


Sundag morgon vart det verdskjende museet Louvre ein åstad.

Fire maskerte tjuvar braut seg inn kort tid etter at museet opna for dagen. Dei sette straks kurs for to utstillingsmontrar i Apollon-galleriet.

Derfrå stal dei åtte historiske smykke, som innanriksministeren kallar «uvurderlege».

Vil du hoppa rett til bileta av dei stolne smykka? Trykk her.

Ein førebels rapport frå den franske Riksrevisjonen har avdekka store sikkerheitshol ved museet, skriv France Info. Ifølge mediet skal rapporten publiserast tidleg i november.

I rapporten vert det mellom anna peikt på «betydelege» og «vedvarande» forseinkingar med å utbetra teknikken på museet.

I delar av museet manglar det dessutan overvakingskamera fleire stader, skriv avisa.

Det gjeld mellom anna området som huser måleriet «Mona Lisa» og Apollon-galleriet, der dei stolne smykka var.

Trur tjuvane vil dela opp smykka

Rapporten bryt med korleis leiaren av «Art Recovery International» har skildra sikkerheita ved museet.

– Sikkerheita ved Louvre er kjend som den beste i verda, sa Christopher Marinello til ABC News sundag.

en gruppe politibetjenter som står foran en bygning

Den kjende glaspyramiden utanfor Louvre måtte dela merksemda med politifolk sundag.

Foto: Reuters

Vidare skildra han tjuveriet som dristig og som «eit slag i ansiktet på museum overalt».

– Politiet har eit veldig kort tidsvindauge for å finna desse tjuvane og prøva å få tilbake desse smykka, sa Marinello.

Han peika på at tjuvane truleg vil prøva å selja smykka vidare i delar.

– Dei kriminelle vil prøva å skjula det dei har gjort. Måten å gjera det på er å dela opp desse smykka, slipa om juvelane og smelta ned dei edle metalla.

Det er forfattar Nora Evensmo Hvistendahl einig i. Ho har nettopp gitt ut bok om spektakulære tjuveri av juvelar og kunst.

– Det kan vera at dei delar opp smykka, diamant for diamant; smeltar om det som er av metall. Det er mykje lettare å omsetta, for du kan ikkje nødvendigvis spora ein diamant, seier ho.

Kvinne med blondt hår i hvit skjorte, sitter i studio med hodetelefoner på og mikrofon foran seg

Forfattar Nora Evensmo Hvistendahl trur det vert vanskeleg for tjuvane å koma seg unna.

Foto: NRK

Det kan òg vera at dei allereie veit om nokon som vil kjøpa smykka, men ho meiner det er for tidleg å seia om det kan vera snakk om bestillingstjuveri.

– Forferdeleg inntrykk

– Me har feila, seier justisminister Gerard Darmanin om tjuveriet.

To menn i dress

Justisminister Gerard Darmanin.

Foto: EMMANUEL DUNAND / AFP / NTB

Han meiner tjuveriet gir eit dårleg inntrykk av Frankrike, fordi det viser at sikkerheitstiltaka deira ikkje har fungert.

– Desse folka kunne parkera ein stigebil midt i Paris, få fleire folk opp der i fleire minutt for å stela uvurderlege juvelar og gi eit forferdeleg inntrykk av Frankrike, seier han til radiostasjonen France Inter, ifølge AFP.

en person i hvit beskyttelsesdrakt og med munnbind sett gjennom et åpent vindu, under vises et fransk skilt for Louvre-museet

Krimteknikarar var i full sving sundag for å finna spor etter tjuvane.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters / NTB

President Emmanuel Macron kallar tjuveriet for eit åtak på den franske arva.

– Me vil få verka tilbake og gjerningspersonane vil verta stilte for retten, skreiv han på X.

Forfattar Nora Evensmo Hvistendahl trur ikkje det vert lett for tjuvane å koma seg unna.

– No har dei heile staten som følger med. Dei kjem til å gå etter alle spora dei har. I dei tjuveria eg har sett på, har tjuvane vorte tatt.

Louvre vart stengt heile sundag på grunn av tjuveriet og vil òg vera stengt måndag.

Dette veit me om smykka

Alle smykka er frå 1800-talet og har tilhøyrt franske kongelege eller statsoverhovud, skriv BBC.

  • Smykke, diadem, to par øredobber og en brosje med safirer ligger på grå bakgrunn

    Diademet, smykket og den eine av desse dropeforma øyredobbane vart stolne. Settet tilhøyrde dronning Marie-Amélie.

    Foto: Louvre
  • Et stort diadem med masse perler

    Dette perlediademet tilhøyrde keisarinne Eugénie. Det er dekka med 212 perler og 1998 diamantar, ifølge museet.

    Foto: Louvre
  • Stort smykke med smaragder og diamanter, i midten to matchende hengeøredobber

    Dette settet med smaragdsmykke fekk dronning Marie-Louise då ho gifta seg med keisar Napoléon Bonaparte i 1810.

    Foto: Louvre
  • En diamantbelagt sløyfe

    Denne diamantdekka sløyfa tilhøyrde keisarinne Eugénie. Sløyfa var opphavleg del av eit belte som bestod av over 4000 edelsteinar.

    Foto: Louvre
  • En diamantbelagt brosje, avlang

    Keisarinne Eugénie var òg eigar av denne brosja med sju store diamantar.

    Foto: Louvre
  • Krone med fugler i gull, smaragder, diamanter og en diamantbelagt runding på topp med kors

    Tjuvane prøvde òg å stela denne krona som tilhøyrde keisarinne Eugénie, men mista ho på vegen. Ifølge franske medium vart krona funnen like i nærleiken av Louvre, delvis øydelagd.

    Foto: Louvre

Det franske kulturdepartementet har sendt ut ei liste over smykka som vart stolne:

I tillegg skal tjuvane ha tatt ei krone som tilhøyrde keisarinne Eugenie, men denne vart funnen delvis øydelagd like i nærleiken av staden, ifølge fleire medium.

Er du interessert i utanriksstoff? Høyr utanriksredaksjonens podkast:

Publisert 20.10.2025, kl. 10.55

Read Entire Article