Ras stenger fylkesveg i Volda – bygd isolert

1 week ago 4


Ingen skal ha blitt skadd i samband med raset, som gjekk i 12.00-tida laurdag.

Raset gjekk på fylkesveg 5829, Otterdalsvegen, som er på strekninga mellom Otterdal og Grodås i Volda kommune.

Dermed er vegen inn til Otterdalen stengt og dei som bur der er isolerte.

Det var Sunnmørsposten som først omtalte raset.

– 40–50 meter av vegen er dekt

Det skal vere fleire steinar i vegbana som følge av skredet. Autovernet ser også ut til å ha fått skader i skredet.

Ifølge Statens vegvesen blir vegen truleg stengt til søndag på grunn av vêret i område. Entreprenør er varsla om hendinga.

Politiet har ikkje fått noko meldingar om at nokon skal ha blitt skadd som følge av raset.

Bengt Flaten, redaktør i avisa Fjordingen, er på staden.

– Det er ein god del store steinar og nokre tre. Det er rundt 40–50 meter av vegen som er dekt, seier han til NRK.

Strekninga har tidlegare vore omtalt som ein av landets farlegaste vegar, og dei som bruker vegen har lenge etterlyst rassikring.

I september foreslo fylkeskommunen å starte ei moglegheitsstudie for å vurdere ulike skredsikringstiltak langs vegen.

Isolerte til søndag

Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda kommune, seier dei har vore i kontakt med nokre av innbyggarane i Otterdalen.

– Dei er isolerte, men det går greitt med dei, seier han.

Det er varsla at vegen truleg kan opne igjen søndag når vêret har stabilisert seg meir.

Fleire farevarsel

Det er sendt ut ein rekke farevarsel for Møre og Romsdal i helga.

Det er eit oransje farevarsel for jord- og flaumskred i deler av Møre og Romsdal. Fleire kommunar i Møre og Romsdal blei inkludert i varselet laurdag, mellom anna Ørsta og Volda.

– Farevarselet blir opprettheldt i stor gard for Møre og Romsdal. Faren for jord- og flaumskred er størst der det kjem mest nedbør. Følg derfor med på vêret der du er, seier Anne Fleig, jordskredvakt i NVE.

Farevarsel

Grafikk: Skjermbilde NVE

I tillegg er det sendt ut eit gult farevarsel for flaum, jord- og flaumskred og mykje regn.

Det er også venta ein del vind.

Førre helg herja uvêret «Amy». Oppryddingsarbeidet i etterkant er framleis ikkje ferdig.

Dei tilsette i energiselskapet Elinett i Romsdal gjer seg klar for enda ei uvêrshelg og har kalla inn ekstra mannskap.

Publisert 11.10.2025, kl. 13.22 Oppdatert 11.10.2025, kl. 13.50

Read Entire Article