Reaksjonane er skarpe etter at regjeringa varsla eit prishopp på 20 prosent på statsstøtta flyruter («FOT-ruter») i Sør-Noreg.
I tillegg kjem auka momseffekt og den «vanlege» prisauken (indeksjustering).
På toppen er fleire er provoserte over at regjeringa omtalar justeringa som ei «god nyheit».
– Det er for meg heilt uforståeleg, seier ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp).
Saman med andre ordførarar og næringslivsleiarar reagerer ho kraftig på at regjeringa legg opp til høgare billettprisar og færre seteplassar frå neste år.
I tillegg lempar regjeringa på tidskrava som gjer det mogleg å fly fram og tilbake til hovudstaden i løpet av ein arbeidsdag.
Det er dei 10 rutene i Sør-Noreg som no ligg ute på nytt anbod. Kontraktane for Nord-Noreg går eitt år lenger, fram til 2028.
– Kan ikkje stoppe klokka fem om ettermiddagen!
– Prisnivået har vore fornuftig, og aktiviteten er stor. Kvifor i alle dagar skal ein forandre på det som faktisk fungerer? spør Geir Opseth, styreleiar i Førde industri- og næringssamskipnad (FINS).
Han meiner regjeringa har sett seg blind på teoretiske framskrivingar for flytrafikken, i staden for å sjå at trafikken faktisk aukar.
Medan prisen på månadskort i storbyane går ned, går prisen på den viktigaste ferdselsåra i distrikta opp. Krav til nattparkert fly på Røros lufthamn blir fjerna, og tidskrav som legg til rette for dagsreiser frå Oslo og Bergen til lufthamner på Vestlandet og Røros, vil ikkje bli vidareførte som FOT-krav i neste kontraktsperiode.
Foto: Merete Husmo Høidal / NRKOpseth viser til at flya har same funksjon som jernbanen i andre delar av landet. Der austlendingen går til perrongen for å ta toget til jobb, går vestlendingen til gaten for å nå kundemøte og sjukehusavtalar.
– Då kan ikkje tilbodet stoppe klokka fem om ettermiddagen!
Etter initiativ frå Høgre sende fylkesutvalet i Vestland tysdag ei samrøystes oppmoding til Stortinget om at dei må tvinge regjeringa til «fly-retrett».
Gunhild Berge Stang, dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, peikar på at dei offentlege flyrutene er ein del av blodårene som bind landet saman.
– Flytilbodet er avgjerande for at vi har ein såpass desentralisert stat. Å auke kostnadene er det same som å auke tersklane for vidare utflytting av statlege arbeidsplassar.
– Det er trist at styresmaktene ikkje ser verdien av dette, seier ho.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) forsvarar grepet med at ordninga må vere økonomisk berekraftig.
Foto: NTBVedum: – Distriktsfiendtleg
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa legg opp til eit dårlegare og meir uføreseieleg flytilbod for folk og næringsliv i distrikta.
Han kallar grepet «småleg» og viser til at flytilbodet på kortbanenettet er ein nødvendig del av infrastrukturen i eit langstrekt land.
Indignasjonen har historisk ballast: Då Senterpartiet sat i regjering, blei prisane på FOT-rutene halverte.
– Dette er stikk i strid med målet om å utvikle heile Noreg. Det er heilt feil veg å gå, seier Vedum.
NRK
Jenny Følling (Sp), ordførar i Sunnfjord
Det er heilt uforståeleg at regjeringa planlegg for nedgang når trafikktala våre har gått opp over 20 prosent. Folk står allereie på venteliste for å få sete. Når ein tek ned kapasiteten, svekkjer ein samstundes attraktiviteten til heile regionen vår. Vi treng minst det tilbodet vi har i dag for å vekse.
Oskar Rennedal
Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland
Det nye anbodet er sentraliserande, det skal det ikkje vere tvil om. Vi registrerer at regjeringa lyttar meir til Oslo Economics framfor fylkesutvalet i Vestland. Som fylkesordførar reagerer eg sterkt på at kommunikasjonen mellom Sogn og Fjordane og Flesland ikkje er god nok, noko som råkar næringslivet i regionen vår hardt.
(Sitert i Firdaposten.)
Rita Kleven / NRK
Jon-Ivar Nygård (Ap), samferdselsminister
Vi prioriterer å vidareføre flytilbodet, men må gjere nokre justeringar for å sikre at ordninga er økonomisk berekraftig over tid. Løyvingane har auka kraftig, og vi må tilpasse krava til endringar i etterspurnaden. Ei prisauke på 20 prosent betyr framleis at prisane er låge samanlikna med tidlegare kontraktsperiodar.
NHO
Sondre Olsen, fungerande regiondirektør i NHO Vestland
Dette er svært uheldig for næringslivet i Kinn. Næringslivet her bidrar stort til norsk verdiskaping, gjennom blant anna eksportretta industri, havbruk, maritim sektor og offshore. Gode transportsamband er svært viktig for bedriftene, både for å kunne hevde seg internasjonalt og for å trekke til seg arbeidskraft.
Helge Tvedten / NRK
Trygve Slagsvold Vedum, partileiar i Sp
Dette er ein småleg og distriktsfiendtleg politikk. Staten «sparar seg til fant» på bekostning av dei som bur utanfor dei store byane. Fly på kortbanenettet er ikkje luksus, men kritisk infrastruktur på lina med tog. Det er stikk i strid med målet om å utvikle heile Noreg når regjeringa gjer tilbodet dyrare.
Sunnfjord Utvikling
Gunhild Berge Stang, dagleg leiar Sunnfjord Utvikling
Flytilbodet er avgjerande for at vi kan ha ein desentralisert stat og ein attraktiv arbeidsmarknad. Å auke kostnadene på FOT-rutene fungerer som ein barriere mot vidare utflytting av statlege arbeidsplassar. Det er trist at styresmaktene ikkje ser verdien av den viktige miksen mellom privat og offentleg sektor.
Geir Opseth, styreleiar, FINS
Flyplassane er T-banen vår, og ein T-bane kan ikkje slutte å gå klokka fem om ettermiddagen. Å redusere tilbodet basert på teoretiske prognosar når passasjertala faktisk går opp, er heilt feil veg å gå. Vi er avhengige av eit breitt tilbod med fornuftige prisar for å halde oppe aktiviteten i distriktet.
FIN
Tor Førde, leiar i FIN Florø
Dette er totalt uakseptabelt. Florø blir straffa trass i eit sterkt næringsliv. At kravet til flysete blir barbert så kraftig, kan starte ein negativ spiral for heile kysten. Staten bør sjå på flyrutene som ei god investering i ein region som skaper store eksportinntekter, ikkje som ei utgift som skal kuttast.
(Sitert i Firdaposten.)
Reknestykket til regjeringa
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) forsvarar grepet med at ordninga må vere økonomisk berekraftig. Løyvingane til flyrutekjøp har stege frå 962 millionar kroner i 2023 til 2,5 milliardar i 2026.
– Dei regionale flyrutene er avgjerande, men vi må gjere nokre justeringar for å sikre at ordninga er berekraftig over tid. Vi må vege krava til tilbodet opp mot utgiftene til staten, seier han.
Statsråden legg til at det framleis er låge flyprisar samanlikna med tidlegare år.
Departementet viser òg til «nye etterspørselsprognosar» når dei kuttar i talet på sete.
– Kravet til tilbodet må vere tilpassa endringar i etterspørsel og vegast opp mot andre omsyn som utgiftene til staten. Endringane vi no gjer i FOT-krava må sjåast i samanheng med dette, seier Nygård.
Avinor varsla tidlegare i år at talet på reisande nesten er tilbake til «normalen» – seks år etter at trafikken kollapsa under pandemien.
Lokale næringslivsleiarar kallar flyet for «kystens tog» og fryktar at dyrare billettar og færre flygingar vil kvele veksten.
Publisert 30.04.2026, kl. 05.35












English (US)