Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_e849372004bf325937bf9a5504eed5d8, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Raste etter VAR-avgjersle – så snudde Arsenal kampen - NorwayToday

Raste etter VAR-avgjersle – så snudde Arsenal kampen

2 hours ago 2


Ein kunne sjå Arsenal-manager Mikel Arteta le og riste på hovudet. Etterfølgt av det som kunne bli tolka som ein hånleg applaus i retning Jarred Gillett som dømte kampen.

– Viss det ikkje er ein openberr feil, så skal ikkje VAR inn og omgjere det. Det er tydeleg at VAR ikkje bør gjere noko, fordi det der er eit straffespark, seier Arteta til Sky Sports.

Sjå høgdepunkt og den omtalte straffesituasjonen her:

Delte meiningar

Etter eit knapt kvarter gjekk Viktor Gyökeres i bakken etter å ha blitt felt av Nick Pope. Dommaren dømte først straffespark, men etter å ha kikka ein god stund på VAR-skjermen omgjorde Gillett avgjersla og sa følgande over stadionanlegget:

«Etter gjennomgang, så treffer Newcastle-keeperen ballen og det er ikkje noko straffespark».

– Eg ser ikkje situasjonen slik. Ja, han treffer ballen, men han tek også ut spelaren, seier tidlegare Chelsea-spelar Pat Nevin på BBC radio.

– Eg er litt delt på den avgjersla, kommenterte fotballekspert i Sky Sports Gary Neville.

Gyokeres går i bakken i duell med Nick Pope.

OMGJORT: Viktor Gyökeres gjekk i bakken etter å ha blitt felt av Nick Pope.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP / NTB

Tidlegare landslagsspelar for England, Joe Hart er sterkt ueinig.

– Når Pope treffer ballen, så er det ikkje straffespark. Viss du bryt det ned kvifor det ikkje blir tildelt straffespark, så kan du ikkje krangle på den avgjersla, seier den tidlegare Manchester City-keeperen på BBC si sending.

Burde Gyökeres og Arsenal fått straffespark?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Hart får støtte i det norske Viaplay-studioet.

– Eg synest det her er riktig avgjersle. Eg synest det er riktig bruk av VAR å omgjere den, seier Fjørtoft i Viaplay-studioet.

– Heilt einig, stemmer fotballekspert Pål-André Helland i, og legg til:

– Som bilda viser er Pope tydeleg på ballen, og da er det riktig at den blir omgjort.

Snudde det etter Ødegaard-bytte

Seinare i omgangen signaliserte Arteta at han gjerne ville ha ein VAR-sjekk. Det skjedde etter at Nick Woltemade heada inn leiinga for Newcastle.

Woltemade headar inn scoringa - Gabriel ligg på bakken

SCORING: Nick Woltemade headar inn 1-0, medan Gabriel Magalhães ligg på bakken.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP / NTB

I duellen med Gabriel Magalhães datt Arsenal-forsvararen i bakken etter ein dytt i ryggen frå Woltemade. Alle frå Arsenal-leiren reagerte kraftig på det dei meinte burde vere frispark.

– Dommaren gjer heilt riktig. Det er ikkje noko frispark til Gabriel. Han forsøker å overspele. Han merkar at han er på etterskot, seier Helland.

– Det var ein bitte liten dytt i ryggen på Gabriel, men aldri i verda. Det er mål, seier Nevin.

Med ti minutt igjen av ordinær tid kom Martin Ødegaard inn frå benken. Han har vore ute dei tre siste kampane for Arsenal etter at han slo opp igjen skulderskaden mot Nottingham Forest.

Mikel Merino og Declan Rice feirar scoring.

UTLIKNING: Mikel Merino (til venstre) feirar scoringa saman med Declan Rice.

Foto: Scott Heppell / Reuters / NTB

Berre nokon minutt seinare kom den etterlengta utlikninga for bortelaget. Declan Rice svinga eit innlegg og Mikel Merino sørgde med det for at det enda 1–1.

Seks minutt på overtid leverte Ødegaard ein strålande corner som Magalhães stanga i mål.

– Eg meiner det her er den mest intense og kanskje den aller beste kampen eg har sett i Premier League denne hausten her, seier fotballekspert i Viaplay Lars Tjærnås.

Arsenal feirer scoring

VILLE JUBELSCENER: Arsenal-spelarane feira vilt sigersmålet.

Foto: ANDY BUCHANAN / AFP / NTB

Arsenal knappa med det tre poeng inn på ligaleiaren Liverpool, som tapte mot Crystal Palace på laurdag. Avstanden til tabelltopp er dermed berre to poeng.

– Det er fantastisk å vinne denne type kampar. Å kome tilbake hit er stort for meg. Det å score og hjelpe laget følast fantastisk. Det er veldig spesielt.

Viss me har VAR så er det for å rette opp i klare feil. Når VAR bruker så lang tid

Eg var mållaus. Men det betyr ikkje noko no.

Publisert 28.09.2025, kl. 19.32 Oppdatert 28.09.2025, kl. 19.58

Read Entire Article