Raudt i intern strid om forsvarsavtale

2 months ago 16


I fjor gjekk alle partia – òg Raudt saman i eit forsvarsforlik, der planen er å ruste opp Forsvaret med 611 milliardar kroner dei neste 12 åra.

Nato-kritikk ligg tydeleg og fast, seier leiar i Raudt Marie Sneve Martinussen.

Ho legg til:

– Eg meiner at dei siste månadene har vist oss kor viktig det er at vi gjer oss mindre avhengig av stormaktsinteressene av USA.

Ikkje einige innan partiet

Martinussen tek til orde for det som òg står i arbeidsprogrammet som er at Noreg skal melde seg ut av Nato når det er fleirtal for det i folket og på Stortinget.

Ho meiner at ein heller bør styrke det norske forsvaret.

Partiet har foreslått å bruke meir pengar på Forsvaret i Noreg, men Nato-kritikken ligg fast:

– Vi jobbar for å melde Noreg ut av Nato, seier ho.

Forsvarsavtala knyt Noreg for tett opp mot Nato og USA, meiner andre i partiet.

Mellom dei er Joakim Møllersen i Raudts sentralstyre, som er klar i si oppmoding før helgas landsmøte på Sundvolden i Buskerud.

– Vi ønskjer at Raudt skal trekkje si tilslutning til forsvarsforliket, sa han til NRK.

– Dette blir ei stor sak på landsmøtet, og du kan godt kalle det eit opprør, la han til.

 Carina Johansen / NTB

Joakim Møllersen er blant dei som ønskjer å melde Noreg ut av Nato.

Foto: Carina Johansen / NTB

Ambisjonar om åtte prosent til Stortingsvalet

Svene Martinussen har høge ambisjonar til Stortingsvalet, målet er at partiet skal passere 8 prosent til hausten.

Partiet har òg hatt intern strid om kven som skal bli ny partisekretær.

Partisekretær Reidar Strislander er innstilt av valkomiteen for ein ny periode, men fleire Raudt-politikarar har varsla at dei vil fremje benkeforslag på Mari Rise Knutsen frå Oslo til vervet.

– Mari representerer grasrota og aktivistar, ho har vore aktiv i mange år, sit i bystyret og har hatt mange verv, men ikkje på dette nivået.

Det meiner Jon Sandven, delegat på landsmøtet og lokalt folkevald i Bydel Bjerke i Oslo.

Knutsen har òg gjort det klart at ho er klar for kampen om å bli partisekretær.

– Stortingsgruppa har gjort ein fantastisk jobb. Men tyngdepunktet i partiet har flytta seg mykje på kort tid, frå aktivisme lokalt til at det parlamentariske har fått veldig stor plass, sa ho.

Publisert 28.02.2025, kl. 07.51 Oppdatert 28.02.2025, kl. 08.10

Read Entire Article