Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_95b516afeb9126e70de65ee212f1c6aa, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Reagerer etter NRK-sak om vekt: – Kva om ein trenar i senk ei ung gut eller jente? - NorwayToday

Reagerer etter NRK-sak om vekt: – Kva om ein trenar i senk ei ung gut eller jente?

1 day ago 10


– Eg ser på det som eit pluss.

Det seier Rosenborgs trenar Alfred Johansson til NRK.

Reaksjonane har vore mange etter NRKs sak om at fleire norske fotballklubbar veg 13 år gamle fotballspelarar.

Rosenborg-trenar Johansson har tidlegare jobba i akademiet til FC København og svenske AIK og Djurgården. Han synest ikkje det er problematisk at 13-åringar blir vegne.

Det synest eg ikkje. Om ein er god til å prate med dei unge gutane og foreldra er velinformerte om hensikta, seier Johansson.

– Det er fullstendig uakseptabelt

Det strir imot oppfordringar frå forskarar NRK har vore i kontakt med. Dei meiner at all veging av barn under 18 år er fråråda.

I desember 2023 fullførte ei arbeidsgruppe for å førebygge kroppsmisnøye og spiseforstyrringar i idretten sitt arbeid.

Vibecke Sørensen, daverande visepresident i Noregs idrettsforbund, leia arbeidet. Ho er nå avdelingsoverlege ved Bærum sjukehus, og reagerer kraftig på veginga av 13-åringar.

– Generelt vil eg seie at det ikkje skal førekomme veging av barn under 18 år. Det skal i så fall vere veldig gode medisinske grunnar til at det kan førekomme, og da skal det vere under medisinsk oppfølging, seier Sørensen til NRK.

Vibecke Sørensen

OVERLEGE: Vibecke Sørensen, her frå tida som visepresident i Noregs idrettsforbund.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Ein skal ikkje vege for å prestere eller tilpasse treningsprogram. Det er fullstendig uakseptabelt og ugreitt å vege barn i norsk idrett, fortset ho.

Om ein snur på det: Kva om ein trenar i senk ei ung gut eller jente som er i vekstspurt, så dei må vere eitt år utanfor banen? Da synest eg ikkje at ein som fagperson i ein klubb har gjort jobben sin, seier Rosenborg-trenar Johansson til NRK.

Han får støtte frå fleire andre trenarar i norsk toppfotball.

– Det er viktig å ha ei bevisstheit for problematikken. Det er gode intensjonar, men vi har ein industri som blir råare og råare. Da er det viktig at vi til kvar tid set spørsmålsteikn ved det, seier Per-Mathias Høgmo til NRK.

– Kva tenker du om at 13-åringar blir vegne?

– Det er eit tviegga sverd. Eg har ikkje gått nok inn i materien, men det høyrest ut som det er kanskje litt «overkill», svarer Høgmo.

Molde-trener Per-Mathias Høgmo og RBK-trener Alfred Johansson

ELITESERIETRENARAR: Molde-trenar Per-Mathias Høgmo (til venstre) og RBK-trenar Alfred Johansson.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

– Brutalt

NRK har vore i kontakt med fleire sentrale spelarar i eliteserien. Ingen av dei seier at dei blei vegne da dei var 13 år gamle.

Samtidig kjempar norske klubbar med storklubbar frå utlandet som driv på ein heilt annan måte.

Som toppidrettsutøvar så har vekt og kropp mykje å seie, så enkelt er det og så brutalt er det. Men om ein skal begynne med det i 13-årsalderen veit eg ikkje, seier Patrick Berg.

Fokus på vekt kan gi konsekvensar seinare, det har vi mange eksempel på. Vi ønsker at idretten skal bidra til eit sunt forhold til eigen kropp. Overfokus på veging og vekst kan føre til eit forstyrra og uheldig kroppsbilde, seier Sørensen.

Publisert 31.05.2025, kl. 21.09

Read Entire Article