Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_a62b072aa9e293b22e3af2d50254229c, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Reagerer på Solbakkens utspel: – Mange som blir ordentleg forbanna - NorwayToday

Reagerer på Solbakkens utspel: – Mange som blir ordentleg forbanna

5 hours ago 2


– Han kan bli ein veldig god og stabil midtstoppar, og det var han i dag, men han må skifte klubb. Han kan ikkje spele halvt høgreback i kvar tredje kamp om han skal bli ein ordentleg, sikker og god midtstoppar. For han har alle føresetnader.

Det seier landslagssjef Ståle Solbakken på pressekonferansen etter sigeren over Italia.

Kristoffer Ajer fekk ros for kampen sin i midtforsvaret, og vart tildelt 9 på NRK-børsen.

27-åringen har blitt fast inventar i hjartet av forsvaret, men i klubbkvardagen er situasjonen ein annan.

– Eg føretrekker å spele midtstoppar. Det er utruleg gøy gjere det for landslaget, så eg håpar å gjere det for klubben òg, seier Ajer til NRK.

et par fotballspillere på en bane med en ball

I AKSJON: Kristoffer Ajer mot Marcus Rashford og Manchester United, i ein kamp nordmannen spelte i ein uvand venstreback-posisjon.

Foto: Jason Cairnduff / Reuters / NTB

Mange som blir sinte på meg

I Brentford har han nemleg slite med speletida. Og dei gongene han har fått spele, har det stort sett vore som høgreback eller på høgresida som ein av tre midtstopparar.

Ajer starta ingen av dei seks siste Premier League-kampane for Brentford i 2024/25-sesongen, ifølge nettstaden Transfermarkt.

Det gjorde at Ajer sjølv tok grep i mai, og spelte ein kamp for Brentfords U23-lag for å få trening som midtstoppar.

– Eg trur det hadde kledd Ajer å spele midtstoppar i ein annan liga. Han har fått nokre tøffe skadar i England. Han blir aldri ein super høgreback, på det same nivået han har som stoppar. I den alderen han er no, meiner eg han har lov til å sette ned foten. Ein kan ikkje vere «cover» på høgreback i den alderen han er i no, seier Solbakken og held fram:

– Det er mange som blir sinte på meg når eg seier slikt offentleg, men eg meiner ein skal vere litt ærleg rundt det. Ikkje at eg skal blande meg borti at Brentford skal selje han, men han er i ein alder og er ein type som kan utvikle seg til å bli ein veldig stabilt god stoppar på eit høgt nivå.

Ståle Solbakken på pressekonferanse.

LANDSLAGSSJEF: Ståle Solbakken har mykje å smile for om dagen.

Foto: Erik Flaaris Johansen / NTB

– Personleg elskar eg det

NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg er samd med landslagssjefen i at Ajer bør byte klubb for å bli best mogleg som stoppar.

– No er nok Brentford kjempeglad i Ajer. Han er mobil og kan brukast i ulike posisjonar. Han er veldig til å stole på, så dei vil nok ikkje sleppe han enkelt.

Kristoffer Lie Løkberg

NRKs fotballekspert: Kristoffer Løkberg.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Ståle sa det er mange som blir sint på han når han seier slikt offentleg. Kva trur du Brentford tenker?

– Eg tippar det er jævla mange som blir ordentleg forbanna, rett og slett. Sportsdirektøren og trenaren, mellom anna. Men Solbakken står i det. Han har bestemt seg for å køyre den kursen og held fram med det. Vi får like det eller ikkje – personleg elskar eg det – å høyre ein ærleg Ståle Solbakken dele si meining om norske landslagsspelarar, seier Løkberg.

Han understrekar at Solbakkens jobb er å gjere det som er best for landslaget.

– Dei andre si interesse drit han i, rett og slett. Så får han nok nokre stygge sms-ar eller tunge telefonar i ny og ne, men eg tippar det prellar ganske lett av han.

Trur Ajer har vurdert klubbyte

– Inn mot denne samlinga har han nok vurdert kva han kan gjere for å kome seg til ein klubb der forsvaret blir bygd rundt han. Det må ha gitt meirsmak det som gjekk føre seg her i går, seier Løkberg.

For ved sida av makker Torbjørn Heggem, spelte Ajer sin «desidert beste landskamp» i går, ifølge NRKs fotballekspert.

Skulle han ende opp i ein ny liga, er det fleire land som kan passe han bra:

– Han kan passe inn i dei fleste ligaer, som Tyskland, Italia og Frankrike. Han er god med ball, har ganske høg fart og begynner å få ganske bra fysikk, etter mange år i Premier League. Han kjenner nok på at det bor enda meir i han. Da er han kanskje nøydde til å komme seg bort frå Premier League.

Måndag ventar Estland på bortebane i Noregs neste VM-kvalifiseringskamp. Då er det venta at Ajerigjen får starte – som midtstoppar.

Publisert 07.06.2025, kl. 23.11

Read Entire Article