Refsar landslags­leiinga etter VM-vraking: – Eg er sint, skuffa og lei meg

3 months ago 21


For måndag blei det kjent at Bjørnstad – som tok tre strake meisterskapsgull i stafett i VM og OL frå 2019 til 2022 – ikkje får gå VM på heimebane.

Den siste plassen på kombinertlaget gjekk i staden til meisterskapsdebutanten Einar Lurås Oftebro.

Eg er sint, skuffa og lei meg, seier Bjørnstad til NRK.

– Det er nesten som om dama har slått opp med meg, utan å ha gitt noka god forklaring. Det gjer vondt i heile kroppen, rett og slett. Eg kjenner på ein tomleik, seier Bjørnstad.

– Har driti seg ut

31-åringen meiner prosessen rundt VM-uttaket har vore uryddig.

Espen Bjørnstad etter 10 km Gundersen kombinert i Oberstdorf.

IKKJE FORNØGD: Espen Bjørnstad tok beskjeden tungt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er ein uttaksprosess som har vore for dårleg. Eg skulle ønske leiinga kunne ha gitt oss utøvarane litt meir tryggleik. Men dessverre så har dei drite seg ut litt med heile prosessen, seier Bjørnstad.

No vil trønderen bli nøydd til å følge meisterskapen, som blir arrangert eit steinkast unna der han bur, frå sofaen.

Bjørnstad har blitt teken ut til å vere heimeverande reserve, noko han har takka ja til. Han kjem inn i troppen dersom skader eller sjukdom øydelegg for nokre av dei andre løparane.

Sportssjef i kombinert, Ivar Stuan, har fått framlagt for kritikken frå Bjørnstad.

– Vi prøver å unngå å drite oss ut. Vi prøver å ha ein prosess. Vi la fram uttakskriteria i september med dei ulike teamtrenarane og dei som er involverte i uttak, også har vi følgt dei heile vegen, seier Stuan til NRK.

– Så er det klart at uttak alltid er basert på resultatet og skjønn. Vi baserer oss aldri på amerikansk uttak eller slike ting, held sportssjefen fram.

Ivar Stuan, sportssjef for kombinertt

RESULTAT: og skjønn, baserer uttaka seg på, fortel Ivar Stuan.

Foto: NTB

I uttakskriteria til VM som Skiforbundet la fram før sesongen, var det desse tre faktorane som var avgjerande for kombinertutøvarane:

  • Resultat i verdscupen 2024/25
  • Potensiell medaljevinnar
  • Skjønnsmessig vurdering

Etterlyser tydelegare rammer

Bjørnstad meiner det burde vore fastsett tydelegare rammer for kva som krevst av utøvarane, allereie før sesongen.

– Eg synest det burde bli løyst på liknande måte som det blir inn mot OL-uttak. Då har ein resultatkrav som må oppfyllast for å bli klar. Der må du enten ha to topp tolv-plasseringar, eller éi topp seks-plassering, seier han.

Denne sesongen er det Bjørnstad som isolert sett har den beste plasseringa i eit verdscuprenn av han og VM-klare Oftebro. Bjørnstad har to niandeplassar, mens Oftebro leverte sesongbeste med tiandeplass i Otepää søndag.

– Espen har gode resultat innimellom, og så duppar det veldig innimellom. Det same gjeld veldig mange andre utøvarar, seier Stuan.

– Eg trur vi berre skal akseptere at vi kunne gjort det på andre måtar, men vi kjenner vi har gjort det på den måten som vi kunne gjort i år.

– Blitt køyrt i kjellaren

Bjørnstad meiner mellom anna at prosessen har ført til at fleire landslagsløparane ikkje har hatt høve til å førebu seg optimalt til viktige delar av sesongen.

Det er sårt. Eg føler at eg har fortent plassen, så då blir det på ein måte ekstra sårt. Det er ein skuffelse som legg seg. Vi har rett og slett blitt køyrde i kjellaren alle saman som har kjempa om plass, seier Bjørnstad.

Stuan har forståing for at utøvarane som har kjempa om dei tre siste VM-plassane bak Jarl Magnus Riiber, Jens Lurås Oftebro og Jørgen Graabak kjenner dei har blitt pressa hardt.

Bjørnstad trur at med ein klarare uttaksprosess, så ville han vore i betre form og ha kome seg til VM.

Granåsen skisenter

NÆRMAR SEG: Verdsmeisterskapen for kombinertgutane opnar med konkurranse i normal bakke, laurdag 1. mars.

Foto: Gorm Kallestad, NTB

– Vanskeleg å akseptere

Stuan er open for diskusjon og tilbakemeldingar om uttakskriterium, men meiner troppen er tatt ut på rett grunnlag.

– Det er alltid spennande å diskutere uttakskriterium og korleis vi gjer det. Espen er oppegåande og har gode innspel, så det er klart at det skal vi ta med oss inn i neste prosess og diskutere det.

– Har du sagt frå om dette?

– Ja. Eg sa frå i går om at det her må jo vere klink. Og likevel så tar dei Einar over meg. Einar hadde ein kjempefin prestasjon søndag, og har gjort det bra. Så all ære til Einar, og prestasjonane hans i helga. Men eg kjenner framleis at eg kanskje har eit par betre kort på handa enn det han har. Så da er det vanskeleg å akseptere, seier Bjørnstad.

– Eg og Bjørnstad er gode kompisar og har fått pratet ut etter uttaket, så kritikken hans er nok retta meir mot forbundet enn mot meg, seier Oftebro til NRK.

Einar Lurås Oftebro under Sommer Grand Prix i Tschagguns i Østerrike i august 2024.

VM-KLAR: Einar Lurås Oftebro fekk måndag den siste plassen i VM-troppen.

Foto: OLIVER LERCH, BILDBYRÅN

NRK-ekspert forstår skuffelsen

NRKs kombinertekspert Magnus Moan forstår Bjørnstad sin frustrasjon.

– Om du ser på statistikken, har Bjørnstad den beste topplasseringa av dei to, seier Moan.

Magnus Moan under nasjonal åpning på Beitostølen 2024

FØLER MED BJØRNSTAD: NRK-ekspert Magnus Moan.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

– Ein kan sånn sett sette spørsmålsteikn ved det. Personleg meiner eg Bjørnstad på sitt beste kanskje er ein meir habil skihoppar og har eit større potensial i bakken enn Oftebro, held han fram.

Moan legg vekt på kor viktig det no vil vere for Bjørnstad å halde seg påskrudd i posisjonen som heimeverande reserve.

– Det er kjempekjedeleg for Bjørnstad, men det er viktig at han ikkje skrur av brytaren. Han må køyre dagane som at han er i ein meisterskap, for brått kjem telefonen.

Blir rundlurt av Johnsrud Sundby: - Jævla kjøtthuer! 04:23

Publisert 10.02.2025, kl. 18.58 Oppdatert 10.02.2025, kl. 19.03

Read Entire Article