Regjeringa gjer det lettare å få bustadlån

5 months ago 27


Det vil nok fleire juble for. Men Finanstilsynet, som passar på at den norske økonomien held seg stabil, har åtvara mot dette.

I årevis har tilsynet uroa seg over at nordmenn er i verdstoppen når det kjem til gjeld.

Det er ein av årsakene til at vi har hatt ei utlånsforskrift sidan 2015, som har stilt strenge krav til dei som ønskjer å kjøpe bustad.

No lempar likevel regjeringa på eitt sentralt krav: frå 1. januar treng ein 10 prosent eigenkapital, og kan dermed låne inntil 90 prosent av kjøpesummen.

Boliger i Oslo

I det siste har det blitt svært dyrt å kjøpe seg bustad i Oslo.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Men dei fleste andre krava for å få bustadlån – som at ein ikkje kan låne meir enn fem gonger årsinntekt – blir ståande som før.

Grønt lys

Sjølv om både Finanstilsynet og Forbrukarrådet er kritiske og meiner dette berre gjer vondt verre, har Noregs Bank gitt grønt lys til det regjeringa no vel å gjere.

Også LO og fleire økonomar har meint at det er på høg tid å gjere noko med eigenkapitalkravet, som fleire meiner slår veldig skeivt og usosialt ut.

Nokre har meint at ein burde ha lempa på enda fleire reglar, eller fjerna heile forskrifta.

– Vi kan ikkje ha ein tantete stat som blandar seg for mykje inn i folk sin privatøkonomi, sa Jan Ludvig Andreassen, sjeføkonom i Eika-gruppen, i august.

Fører det til enda høgare prisar?

Bakteppet for endringane i utlånsforskrifta er at historisk høge bustadprisar i norske storbyar har gjort det svært vanskeleg for mange, spesielt unge, å kome inn på bustadmarknaden.

Fleire er avhengige av foreldra sine for å få nok eigenkapital.

No opnar altså regjeringa for at folk kan låne meir pengar. Men vil ikkje det berre auke bustadprisane enda meir, spesielt sidan det ikkje blir bygd særleg med nye bustader om dagen?

Bustadpolitisk talsperson Siri Gåsemyr Staalesen i Arbeidarpartiet stilte spørsmålet tidlegare i haust, og sa det er svært viktig at det også blir bygd fleire bustader.

Høgre-leiar Erna Solberg sa tidlegare i haust at dagens høge rente aleine ville avgrense den uforsvarlege lånelysta.

Publisert 04.12.2024, kl. 07.00

Read Entire Article