Med eit pennestrok gjer regjeringa det vanskelegare for datasenter å skaffe seg billeg konsesjonskraft.
– Dette er gode nyheiter. Det svekkjer utbyggingspresset frå internasjonale tek-gigantar som snikar i kraftkøen, seier Sofie Marhaug, energipolitisk talskvinne i Raudt.
Rundt om i kraftkommunane er responsen annleis.
NRK har snakka med fleire rasande ordførarar som fortvilar over at datasenter brått og utan førehandsvarsel skal reknast som industri.
Korleis vi kategoriserer eit datasenter, er ikkje berre eit akademisk spørsmål. Mange stader i landet er det av eksistensiell betydning for kommuneøkonomien. På bilete: Bluefjords datasenter like ved Jostedalselva.
Foto: NRKFor å forstå striden må vi gå tilbake til 2018. Då slo staten fast at datasenter ikkje skulle reknast som industri.
I staden blei straumbruken definert som «alminneleg forbruk».
Konsekvensen var at kraftkommunane stod fritt til å tilby datasentera rimeleg konsesjonskraft, på lik linje med vanlege hushaldningar.
Krypto-smell i Luster
I Luster i Sogn fekk definisjonen direkte følgjer for det engelskbaserte datasenteret Bluefjords.
Fordi dei var «tenesteytande næring» (og ikkje «industri») fekk dei tilslag på å kjøpe rimeleg konsesjonskraft til 50–55 øre per kWh
Avtalen blei etter kvart eit omdømme-problem for kommunen då det kom for ein dag at opp mot ein tredel av straumen gjekk til utvinning av kryptovaluta.
Denne rabattordninga blir det slutt på no.
– Sidan det ikkje lenger er mogleg å bruke konsesjonskraft til datasenter, er denne avtalen utan verdi, seier Andreas Wollnick Wiese (Sp), som er ordførar i Luster.
Han karakteriserer grepet som «distriktsfiendtleg» og eit angrep på den lokale sjølvråderetten.
– Dette handlar om vår moglegheit til å bruke eigne ressursar til å byggje gode lokalsamfunn, seier han.
– Arrogant politikk
Vik-ordførar Roy-Egil Stadheim (Ap) meiner den nye datasenter-definisjonen kjem «heilt ut av det blå».
– Regjeringa sparkar beina under oss. Vi har brukt mykje ressursar på arealplanar for å bruke krafta der ho blir produsert, seier han.
– Moderne datasenter skaper arbeidsplassar og gir varme til anna næring. No sender vi i staden verdiskapinga til sentrale strok. Det er ein arrogant og feilslått politikk.
Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) har sendt brev til Energidepartementet der dei varslar kamp.
Dei kallar endringa eit brot på samfunnskontrakten og ein omfordeling i disfavør av distrikta.
Sjå fleire reaksjonar under.
Oddmund Reisæter Haugen
Arnar Kvernevik (Ap), ordførar i Gloppen
Lokalsamfunn som gjev frå seg natur, fossar og elvar til kraftutbygging skal få noko attende. Det handlar om lokal verdiskaping og kompensasjon for naturinngrep. Når staten tek bort lokale fordelar, svekkjer dei viljen til vidare utbygging. Å skjere alle datasenter over éin kam verkar lite nyansert, då mange er viktig digital infrastruktur med store ringverknader lokalt.
privat
Petter Sortland (Ap), ordførar i Høyanger
Dette var mildt sagt overraskande. Her har departementet jobba i rekordtempo utan å invitere dei aktuelle partane til dialog. Det er ei stor mistyding at kommunane gir vekk krafta gratis; vi har lang røynsle med å optimalisere desse verdiane. Det er jo faktisk større betalingsvilje og evne i datasenterbransjen enn i tradisjonell kraftforedlande industri som Hydro og Elkem.
Geir Olav Slåen
Merete Myhre Moen (Sp), ordførar i Tynset og leiar i LVK
Endringa er korkje varsla, greidd ut eller har vore på høyring. Dette vitnar om mangel på respekt for inntektene til kommunane. Ein bør ikkje straffe kommunar som stiller natur til disposisjon for fellesskapet. Med slike avgjerder vil det stadig bli vanskelegare å få kommunar med på laget som vertskommunar for energiutbygging og bygging av viktig digital infrastruktur i framtida.
Ukjent
Terje Aasland (Ap), energiminister
Datasenter er ei næring som bruker svært mykje straum og som skil seg vesentleg frå alminneleg forbruk. Difor har regjeringa endra tolkinga av kva som er alminneleg forsyning i konsesjonskraftordninga. Det meiner vi er sakleg og rett grunngitt. Vi innfører ei overgangsordning for kommunar som allereie har datasenter i drift, slik at dei får tid til å omstille seg til dei nye reglane.
Ingeborg Grindheim Slinde
Kjell Bøe Bjørgum (Ap), ordførar i Aurland
Dette er nok eit angrep på vertskommunane for kraftproduksjon. Det er eit direkte brot på den samfunnskontakten me inngjekk då me gav vår tilslutning til utbygging av krafta. Fylkeskommunane blir allereie finansierte med store overføringar frå vertskommunane, og dette blir ei rein direkteoverføring frå oss til fylkeskommunen. Slikt skaper ikkje ro rundt vidare vasskraftutbygging.
William Jobling / NRK
Sofie Marhaug, energipolitisk talskvinne i Raudt
Det er veldig gode nyheiter at regjeringa endeleg gjer noko med den hovudlause politikken til Solberg-regjeringa om å gi datasenter billeg konsesjonskraft, noko som lèt dei snike i køen framfor annan industri. At dette har vore definert som alminneleg forbruk av dei borgarlege, har aldri vore føremålet med ordninga. No svekkjer vi utbyggingspresset frå internasjonale tek-gigantar.
Raymond Lidal
Noralv Distad, Kraftfylka
Datasenter kan samanliknast med anna kraftkrevjande industri, som ikkje er med i konsesjonskraftgrunnlaget til kommunane. Større kraftkrevjande verksemder må reknast som regionale verksemder der også fylkeskommunane bør få del i verdiskapinga. At fylka skal ha konsesjonskraft har alltid vore ein del av systemet. Det er kraft ein får tildelt, og ikkje noko ein tek frå kommunane.
Ingeborg Grindheim Slinde / NRK
Andreas Wollnick Wiese (Sp), ordførar i Luster
Dette er direkte distriktsfiendtleg. Det påverkar vår moglegheit til å bruke konsesjonskraft til å byggje gode lokalsamfunn. For meg ser det ut som ein enkel måte for staten å finne finansiering til fylkeskommunane ved å sende sjekkar frå kommunedirektørar til fylkesdirektøren. Det blir heilt feil at det er kraftkommunane som skal bidra til ei betre finansiering av fylkesleddet.
Nils Ole Refvik / NRK
Roy-Egil Stadheim (Ap), ordførar i Vik
Dette kjem heilt ut av det blå. Vi har brukt mykje ressursar på arealplanar for å bruke krafta der ho blir produsert, men no sparkar regjeringa beina under oss. Det er ein arrogant politikk som tvingar krafta bort frå distrikta til sentrale strøk med store tap i linjenettet som følgje. Ein må spele på lag med kraftkommunane om ein skal få bygd ut meir kraft i dette landet framover.
NRK
Bjørn Lødemel, Sogn og Fjordane Næringsråd
Vedtaket svekkjer kraftkommunane si moglegheit til å nytte eiga kraft til lokal verdiskaping og råkar distrikta direkte. Det er eit grunnleggande prinsipp at dei som tek belastninga med naturinngrep, også må få tilgang til å bruke noko av krafta lokalt. Å sende krafta ut av distrikta med tap i linjenettet framstår som både lite berekraftig og samfunnsøkonomisk ufornuftig.
Regjeringa: – Skil seg vesentleg frå alminneleg forbruk
Energiminister Terje Aasland viser til at straumbruken i datasenter er i kraftig vekst, og at det difor er «heilt nødvendig» å kategorisere det som industri.
– Dette er næring som bruker mykje straum og som skil seg vesentleg frå alminneleg forbruk. Derfor har regjeringa endra tolkinga og forvaltningspraksisen sin. Det meiner vi er sakleg og rett grunngitt.
Han forstår at kraftkommunar som har lagt rette for datasenter reagerer, men meiner klargjeringa er nødvendig for at kraftsystemet skal ha tillit i folket.
– Eg trur også at mange kommunar ser kvifor dette grepet er nødvendig, siger han.
For kommunar som allereie har sett datasenter i drift, lovar statsråden at det vil kome ei overgangsordning.
Publisert 11.05.2026, kl. 10.36










English (US)