Fire menn blei arrestert og sikta etter eit mistenkeleg dødsfall i Trondheim i påska.
Trøndelag tingrett bestemte at alle fire kunne bli haldne varetektsfengsla i to veker.
Heller enn å bli sendt til Trondheim fengsel, ein 15 minutts køyretur unna tinghuset, blei dei fire sikta mennene frakta tusenvis av kilometer.
Dei blei varetektsfengsla i Ringerike, Bodø, Tromsø og Vadsø.
– Det er både kostbart og ressurskrevjande, seier Svenn Ingar Viken i Trondheim politidistrikt.
Han peiker på at oppussinga av fengselet i Trondheim er naudsynt.
– Men det er ressurskrevjande og går sjølvsagt utover andre oppgåver vi skulle ha løyst.
Mangel på fengselsplassar i Trondheim gjer at både innsette og varetektsfengsla må bli frakta til andre fengsel.
Foto: Gorm Kallestad / NTBKan koste opp mot 100.000 kroner
Som hovudregel blir varetektsfengsla alltid transportert av to polititenestepersonar.
– Med mindre ei trusselvurdering tilseier at dei må vere fleire, fortel Viken.
Han seier dei lengste turane kan bli kostbare. Mellom Trondheim og Vadsø er det over 1100 kilometer i luftlinje.
Dei fire mennene blei sendt til fire ulike fengsel etter at Trøndelag tingrett bestemte at de i kunne bli heldt i varetekt.
– Mannskapa må først planlegge og bestille reisa.
– Så må vi gjennomføre reisa i dialog med kriminalomsorga og mottakande politidistrikt.
Viken seier dei varetektsfengsla av og til kan bli overlevert til politidistriktet som tar dei i mot før dei kjem til fengselet.
På veg til Vadsø kan den varetektsfengsla for eksempel bli overført til Finnmark politidistrikt i Kirkenes og bli køyrd av politiet i Finnmark den siste vegen til Vadsø.
– Men dersom våre mannskap må køyre heilt til Vadsø så blir det ein lang dag.
På slike reiser kan politiet måtte betale både overtid, overnatting og reise.
– Kostnadsmessig så anslår eg ein plass mellom 50.000 og 100.000 for ein slik transport.
– Da snakkar vi om reise og utgifter for mannskapa.
Frå tinghuset i Trondheim til Trondheim fengsel er det litt over fire kilometer i luftlinje. Til Vadsø fengsel er det 1118 km
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKPussar opp fengselet
Eit nøyaktig tal på kor mykje politiet i Trøndelag brukar på transport, har ikkje Viken.
Han fortel at Trondheim politidistrikt i løpet av dei 20 først dagane i april har transportert 22 personar til varetektsfengsling.
Av disse har berre to fått plass i Trondheim fengsel, mens dei andre blei sendt til fengsel andre stadar i landet:
Viken anslår at Trøndelag politidistrikt har brukt ein stad mellom éin og halvannan million kroner på transport i løpet av årets tre første månader.
Det gir ein årleg utgift på mellom 4 og 6 millionar kroner.
– Det er eit anslag, men det kan vere eit litt forsiktig, fortel Viken.
– At vi bruker så mykje av den økonomiske potten, men også mannskapa, til transport er uheldig.
– Finst det ikkje meir effektive måtar å løyse dette på?
– Eg er trygg på at Kriminalomsorgen vurderer dette på ein god måte.
– Vi kan ikkje bruke arrest for ein varetektsfengsling der folk skal sitte over mange dagar. Det er rett og slett ikkje lovleg, seier Viken.
Transport til og frå varetektsfengsling er det politiet som betaler, mens Kriminalomsorgen betaler for transport av innsette.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Skjer jamleg
Politidirektoratet seier til NRK at det ikkje er uvanleg at innsette og varetektsfengsla må bli transportert langt for å få plass.
– Dette skjer jamleg grunna kapasiteten til Kriminalomsorgen, seier seksjonssjef Trond Kristiansen.
NRK har etterspurd tal på kor mykje politiet brukar på transportar, men har ikkje fått dette frå Politidirektoratet.
– Dette talgrunnlaget er ikkje lett tilgjengeleg i rekneskapen, seier Kristiansen.
Trondheim fengsel skal etter planen vere ferdig renovert i løpet av 2027.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Det er rettssikkerheita det går utover
– Det er svært uheldig, seier advokat Kolbjørn Lium om situasjonen med Trondheim fengsel.
Han er forsvarar for ein av dei fire mennene som blei varetektsfengsla etter påske. Han har også ein rekke andre klientar han er forsvarar for i Trøndelag.
– Det går veldig mykje tid på reising.
– I ein del saker så må ein møte klienten.
Sjølv om nokre samtalar med klientar kan bli gjennomført på video, så er dette langt ifrå ei god løysing, meiner Lium.
– Ein kan gå glipp av viktige detaljar når ein ikkje får med seg kroppsspråk og får snakka med folk i verkelegheita.
– Det er rettssikkerheita det går utover.
Advokat Kolbjørn Lium fortel at det kan vere krevjande at klientane blir varetektsfengsla langt unna.
Foto: Eivind AabakkenLium peiker på at jobbe blir vanskelegare både for forsvararar og påtalemakta når mistenkte sit varetektsfengsla langt unna.
– Da ventar dei ofte med avhøyr og avklaringar til slutten av varetektsperioden.
– Da kan det hende ein går glipp av sentrale opplysingar.
– Ikkje noko ønskesituasjon
Frode Børstad, regiondirektør i Kriminalomsorgen, fortel at arbeidet på fengselet i Trondheim allereie har gått føre seg nokre år.
– Etter planen skal fengselet vere ferdig våren 2027, seier Børstad.
Han fortel at dei arbeidar kontinuerleg for å sikre at politiet har mange nok plassar til varetektsfengsling.
For å sikre dette blir mellom anna innsette som skal sone ein dom sendt til andre fengsel enn i Trondheim.
– Trondheim fengsel og forvaringsanstalt avdeling Nermarka var overmodent for å få pussa litt opp, og vi ser veldig fram til å bli ferdige og igjen kunne tilby full kapasitet, seier Børstad.
Foto: Gorm Kallestad / NTB– Denne gongen gjekk det dessverre ikkje å få plass til alle i Trondheim, seier Børstad om dei fire som blei varetektsfengsla like etter påske.
Børstad peiker på at fengselet i Trondheim og andre fengsel i Noreg har eit stort vedlikehaldsetterslep og at renovering var heilt nødvendig.
– Vi tenker det er svært uheldig og ikkje nokon ønskesituasjon for politiet, dei innsette eller Kriminalomsorgen.
Publisert 24.04.2026, kl. 17.48

















English (US)