Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_1492ee384e68ab87814d9d95baa37ee9, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Rett vest med Høgre: — Ein tragedie - NorwayToday

Rett vest med Høgre: — Ein tragedie

9 hours ago 3


  • Høgre-mannen Jan Inge Kleppevik stemde Frp ved årets val, etter å ha vore Høgre-veljar i 50 år.
  • Langs vestlandskysten har mange Høgre-veljarar bytt til Frp, som har hatt ein stor framgang.
  • Fleire er kritiske til at den nye toppleiinga i Høgre berre består av folk frå Austlandet.

— Førre stortingsval heldt eg meg for nasen — og røysta Høgre, seier Jan Inge Kleppevik (73).

Det har han gjort i 50 år, men dette stortingsvalet vart annleis. Då røysta han på Framstegspartiet.

Kleppevik er ein av dei mange Høgre-veljarane som har forlate partiet. Men for han kjennest det motsatt.

— Det er mitt Høgre som er borte, seier han til VG.

Framleis Høgremann

Heime på Sund i Øygarden sit han og kona Svanhild i kvar sin lenestol. Barnebarna har hjelpt dei med å pynta til jul.

— Eg vart høgremann lenge før eg fekk stemmerett. Det har alltid vore mitt parti. Framleis er eg eigentleg høgremann.

Han meiner Høgre har mista blåfargen sin og må bevege seg lenger til høgre.

Skattepengane skal gå til “skikkeleg drift” av primæroppgåvene som sjukehus, samferdsel, skule, barnehage og forsvar, meiner Kleppevik.

— Me skal ikkje sløsa dei bort på alt mogeleg tullball. Det er så bort i helsikes mykje idiotisk pengebruk at det ikkje liknar grisen.

Han trekkjer pusten og held fram:

— Det går fleire hundre millionar kroner til batterifabrikkar. Reisa ned til Brasil og dela ut 30 millionar kroner til regnskogen. Det er heilt på trynet. Heilt meiningslaust!

— Synest eg, legg han til.

Før var han ein trufast EU-tilhengar. Han røysta ja i folkerøystingane om EU både i 1972 og 1994.

— I dag ville eg røysta imot. Dei sit og vedtek “ei helvetes brøte med tøvete ting som dei trer øve håve te folk”, seier han på strilemål.

Mørkeblå bølgje

Langs vestlandskysten vart valresultatet brutalt for Høgre. Gullkysten der Erna Solberg lenge har regjert, glapp.

Berre ta ein titt her:

Samtidig har Frp fossa fram. Dei to partia har så å seie bytt plass i mange kommunar, men framleis er det Høgre som sit med makta i Øygarden.

Utanfor kontoret til ordførar Tom Georg Indrevik blokkerer eit berg av stein for utsikta.

Dei er godt i gang med det nye Sotrasambandet, som har ein prislapp på 23 milliardar kroner.

Indrevik meiner Høgre ikkje nådde fram til veljarane med løysingane sine.

— Vi var ikkje tydelege eller skarpe nok. Vi brukte mykje tid på å diskutere kven av Høgre og Frp som var mest blå. Heilt fram til april trudde vi nok at det kom til å snu, seier Indrevik om valresultatet.

Ein av skilnadene mellom Høgre og Frp er viljen til å inngå kompromiss, meiner Indrevik.

— I dag høyrer folk på deg i 20 sekund. Då hjelper det ikkje at resonnementet ditt er tre minutt. Frp er veldig tydelege, men òg kanskje mindre pragmatiske enn det vi er. Du kan gjerne ha sterke meiningar, men viss du ikkje får gjennomslag, så hjelper det ikkje, seier han og held fram:

— Høgre har kanskje teke på seg for mykje av rolla på borgarleg side, at vi alltid skal vere limet. Av og til blir ein straffa for det.

På mobilen tel ordføraren ned til vallokala stengjer ved neste kommuneval. I februar skal han bestemme seg for om han tek attval eller ikkje.

— Valet i 2027 er avgjerande for Høgre. Dette er eit tydeleg signal om kor dyktige vi har vore lokalt.

— Kan de vinne tilbake vestlandskommunane utan nokon vestlendingar i toppen?

— Ja, eg trur vi kan det.

Vinnarlaget

På naboøya Askøy pissregnar det.

Maskinentreprenør Rudi Soltvedt (46) og lokallagsleiar i Askøy Frp, Jan Erik Aasebø (60), smiler der dei står i ly under bakdøra på varebilen. Det er godt å vere Frp-ar om dagen, særleg når du kan snakke om målingar som nærmar seg 30-talet.

 Helge Mikalsen / VGRudi Soltvedt (til venstre) og Jan Erik Aasebø er begge “born and raised” askøyværingar. Foto: Helge Mikalsen / VG

Maskinentreprenør Soltvedt stemde òg Høgre ved førre stortingsval, men gjekk for Frp i år.

— Eg synest Sylvi har gjort det veldig bra og vore tydeleg, det kjenner eg ikkje att hos Erna. Det er nesten som om lufta har gått litt ut av henne, seier han.

Det er særleg dieselavgifta og byråkrati-kritikk som overtydde han.

— Berre du skal skifte til eit anna borrhammer-merke, skal alle ha opplæring, og det er ei papirmølle herifrå til himmelen. Der kjenner eg at Frp har vore framme, seier Soltvedt.

— Kva skal til for å vinne deg tilbake til Høgre?

— Dei må stå endå sterkare på meiningane sine, og få inn ein leiar som er tydeleg, seier han.

Og den som blir ny Høgre-leiar, Ine Eriksen Søreide? Det var annleis med Erna Solberg— som alle her «kjende», peikar Soltvedt på.

— Eg har ikkje så stor kjennskap til Ine, seier han.

Frp-lokallagsleiar Aasebø er overtydd om at landet sin neste statsminister heiter Sylvi Listhaug, men han peikar på at Høgre må bli større dersom dei borgarlege skal vinne val.

— Vi bør helst vere sterke begge to, både Frp og Høgre — men med eit størst Frp, ler han.

Vestlending, austlending, nordlending — for trappekonstruktør Espen Fosse (44) er det det same kven som sit på toppen i Høgre.

— Det spelar inga rolle kven som er leiar, så lenge dei får fram politikken sin. Om eg stemmer Ap eller Høgre no, kjenner eg det som om dei liksom er på same lag. Eg har ikkje lagt Høgre bak meg, men det kjem an på kva dei gjer, seier Fosse til VG

Han er òg blant dei som har stemt Høgre i «alle år», men som no droppa dei til fordel for Frp i år. Skattar, avgifter, å bli kvitt sløsing — og ellevilt høg straumpris — overtydde han.

— Det verka som Høgre hadde gitt litt opp. Eg kjende at dei ikkje var på, men det var Frp, seier Fosse.

På bordet framfor han ligg det planteikningar. Dei skal utvide verkstaden der dei byggjer og sel trapper.

— Eg merkar at det skal inn papir på alt mogeleg rart. HMS-en skal fungere, men …

— Er det ikkje bra med kontroll i alle ledd?

— Jo, men vi har lyst til å tene pengar på det vi leverer. Vi tener ikkje pengar på å skrive papir.

— Å byggje trapp, derimot?

— Då tener vi pengar! seier han og ler.

Tøffe tider

Høgre-ordførar Yngve Magnus Fosse tek imot VG på Askøy rådhus.

— Vi sat veldig lenge stille i båten. Då ting først byrja å skje, leita vi etter årene. Då stod Frp klare. Viss vi prøvde å vere tydelegare, var Frp endå tydelegare. Vi var på hælane heile vegen, seier Fosse.

Når partiet no skal snu skuta, meiner han Vestlandet bør vere representert i leiinga.

— Eg trur heilt ærleg at Høgre si leiing ville vore styrkt med ein nestleiar som kom frå ein annan stad enn Oslo. Vi frå Vestlandet si side er veldig nøgde med å ha hatt Erna så lenge.

— Kanskje de hadde dykkar 20 år med Høgre-leiar, og må sleppe til nokon andre no?

— Ja, så «no kan distrikta frå Oslo òg få litt leiing», seier han ironisk og ler.

 Helge Mikalsen / VGMange portrett og ein katt. – Det var ei jente som var glad i katt, forklarer ordføraren. Foto: Helge Mikalsen / VG

Han håpar nokon vil ta kampen på landsmøtet. Det store spørsmålet er berre kven det skal vere, etter at Peter Frølich frå Bergen trekte seg.

— Vi skal ta det litt på vår eiga kappe. Vi har spelt alle korta våre på Peter. Han har vore vår mann, og vi har ikkje hatt så veldig mange andre.

— Den nye leiinga kjem jo heilt sikkert til å reise mykje, også på Vestlandet.

— Eg er ikkje i tvil. Dei er kjempedyktige, og eg likar dei alle saman. Det er ingenting vondt, men du kan reise så mykje du vil — du er framleis der du er frå og representerer det du representerer, seier han.

— Vil dei ikkje noko vondt

Ine Eriksen Søreide, Henrik Asheim og Ola Svenneby vil slite med å gjenvinne Kleppevik i Øygarden si stemme.

— Dei er ikkje mine favorittar, seier han.

Peter Frølich har han meir tru på, og seier det er fordi han er litt meir konservativ.

— Viss Høgre skal gå meir til høgre, blir dei ikkje berre som Frp?

— Nei, eg likar ikkje alt med Frp, seier han og held fram:

— Du kan dra liberalismen for langt, etter mi meining. Ein kan ikkje drive eit samfunn utan skattar og avgifter, men hos Frp handlar det litt meir om den enkelte sitt fridom. Staten skal detaljstyre på alle mogelege faens måtar. Det er så innigranskævvens mykje.

— Synest eg, legg han kjapt til.

For det finst ingen skadefryd hos strilen ute i Øygarden. Først og fremst meiner han at Høgre sitt fall er trist.

— Eg vil dei ikkje noko vondt. Det som skjer med Høgre no, er ein tragedie. Eg er faktisk lei meg for det. Og eg var jo med på å bidra til det, i og med at eg stemde Frp, seier Kleppevik.

Read Entire Article