Frankrikes president Emmanuel Macron har kalla inn til eit toppmøte om Ukraina-støtte, melder fleire medium.
Noreg er invitert til å delta i møtet, opplyser to kjelder til nyheitsbyrået Reuters.
Landa skal diskutere Ukraina og europeisk tryggleik, òg NATO-allierte som ikkje vart inviterte på måndag, vil delta, ifølgje kjeldene.
Sverige, Canada, Tsjekkia, Finland, Belgia, Romania og Hellas skal òg vere invitert.
Franske styresmakter har førebels ikkje kommentert saka.
NRK har vore i kontakt med Utanriksdepartementet. Dei har foreløpig ikkje ønska å kommentere saka.
Representert av Danmark sist
Måndag denne veka møttest ei rekke toppleiarar i Paris for å diskutere situasjonen i Ukraina.
Noreg deltok ikkje i møtet, men blei representer av Danmarks statsminister Mette Frederiksen.
Ho representerte dei nordiske og baltiske landa.
Mette Frederiksen, statsminister i Danmark.
Foto: ReutersEtter møtet uttalte Fredriksen at Europa må ruste opp militært:
– Den felles europeiske vurderinga er at Russland er ein reell trussel mot heile Europas sikkerheit, og med det fridommen vår. Så den aller viktigaste bodskapen frå i kveld, er behovet for opprusting.
Publisert 18.02.2025, kl. 17.50 Oppdatert 18.02.2025, kl. 18.14