– Eg fekk eit spørsmål om det frå norske journalistar for ei stund sidan, og etter det blei eg nesten halshoggen. Eg fekk høyre at eg ikkje ville konkurrere mot dei beste og så vidare.
Det sa skiskyttarprofilen Sebastian Samuelsson til Expressen om NRKs sak.
Samuelsson tok nyleg til orde for at ikkje alle utøvarar innanfor topp 15 i verdscupen nødvendigvis burde få stille til start i meisterskap. Forslaget fall ikkje i god jord hos dei norske skiskyttarane, som ser på regelen som ein viktig garanti for at verdas beste faktisk får konkurrere.
Svensken flirer når NRK spør kven som nesten har halshogge han.
– Eg las artikkelen og såg at det var mange som ikkje delte synspunktet mitt. Men halshogge blei eg ikkje, seier han.
– Spør du nordmenn, så vil dei ha så mange som mogleg frå start, fortset den svenske profilen.
Her er NRK-saka som Samuelsson siktar til:
– Han elskar å tirre norsk presse
Vetle Sjåstad Christiansen er klar på kva han meiner om Samuelssons utspel:
– Han elskar å tirre norsk presse. Han har ein dagsorden, han vil at det skal bli lettare for han sjølv å ta medalje. Han veit at når sjettemann kjem inn, blir det vanskelegare for han å ta medalje, seier Christiansen til NRK.
Han påpeikar at dagens regel blei innført etter at han sjølv hamna på 11.–12. plass samanlagt i verdscupen, men likevel ikkje fekk gå VM-distansen i Pokljuka.
– Den regelen er fin fordi den sørger for at store delar av verdas beste stiller frå start. Vi kunne opplevd at femteplassen i verdscupen ikkje fekk stille til start i VM. Det ønsker ein ikkje, same kor utøvarane kjem frå, seier Noregs VM-reserve.
SVARER SVENSKEN: Noregs VM-reserve Vetle Sjåstad Christiansen fnyser av Samuelssons nyaste utspel.
Foto: NTBBø: – Han er litt politikar
Mangeårig konkurrent Tarjei Bø meiner Samuelsson har ein tendens til å tenke på seg sjølv i slike saker.
– Du veit at alle utøvarar påverkar som oftast politiske saker til sin eigen fordel. Han er litt politikar, han «Sebbe», men der var han litt vel sjølvisk, synest eg.
Sturla Holm Lægreid meiner svensken må få lov til å meine det han vil, men påpeikar at han også må tole å få svar tilbake.
– Sånn er Sebastian Samuelsson. Det er litt sånn broderleg humor, kan vi seie. Men eg skjønner godt at han melder på oss, og så kan vi melde tilbake med same mynt, meiner Lægreid.
DET blir MELDT: Fleire av dei norske skiskyttarane svarer med same mynt mot Sebastian Samuelsson.
Foto: NTBFleire norske utøvarar reagerer på forslaget om å avgrense talet på startplassar, blant dei Vebjørn Sørum.
– Vi er sjølvsagt ueinige i det, og det er håplaust å seie. Vi er blant dei seks beste i verda. Om ein vil ha eit VM med dei beste frå start, så må Noreg få fem eller seks plassar, seier Sørum.
Endre Strømsheim viser til at fleire utøvarar utanfor Noreg deler same synspunkt.
– Eg kommenterte det i media, men (Eric) Perrot og (Tommaso) Giacomel er heilt einige. Ein vil ha høgast mogleg nivå på konkurransane, seier han.
Enten Samuelsson vil det eller ei, vil det vere seks nordmenn frå start i dei resterande individuelle konkurransane i VM.
Onsdag skal Samuelsson og co. gå normaldistanse. Følg rennet på NRK1 frå klokka 15.05!
Publisert 19.02.2025, kl. 10.16 Oppdatert 19.02.2025, kl. 10.45